Stefan Frich!


Det var ei god Barnebok den Klas Omnstav, som du gav ut ifjor til Jol. Slike Bøker treng me fleire av; for me lyt nok taka til med dei smaa, skal det verta nokot stort med oss og Maalsaki.
 
Eg veit ikkje, um det er selt stort av Boki di, men det skal du aldri bry deg um, soframt du ikkje hev Tap daa; og hev du havt Tap, so kunne vel det norske Samlaget taka slike Bøker og betala nokot fyr det; nyttigare Bøker enn slike, som høver aat Borni, kann vel Samlaget snaudt gjeva ut, og det hev nokso god Raad til aa betala og, trass i det, som Huseby hev skrivet.
 
Eg hev ein liten Gut paa 9 Aar, som fyr det meste hev butt paa Fredrikshald. Eg fekk sjaa eingong han sat og las i Klas Omnstav, og so spurde eg, um han skynad det. Jau daa, det var ingi Sak aa skyna det, sagde han, og han vart so glad som ei Sviske, daa eg gav han Boki.
 
Dette hende ifjor ved Joletider. Men her ein Dagen kom han og bad so vakkert um ei ny Bok, og daa vart eg harm, for Guten skal hava nokot til aa lesa i, men Bøker paa Dansk hev eg liten Hug paa. Bøker, som kjem ut i Danmark, vil eg no slett ikkje han skal lesa, naar han kann sleppa, for dei skjemmer reint burt Maalsansen, og det er mange Ting der, som han ikkje skynar helder.
 
So kom eg til aa hugsa paa deg.
 
Hjelp du oss med Barnebøker.
 
Du kann, naar du berre vil, og eg veit, at du gjerne vil gjera slikt, som kann vera til Gagn fyr Maalsaki. Eg er viss um, at det norske Samlaget vil hjelpa til, um det trengst.
 
Smaaleni i Oktober.