Tidender.

Kristiania, den 6te Oktbr.
 
Er du Maalmann?
 
For 1 Kr. um Aaret fær du Nora, kjem ut 1 Gong um Maanen.
 
For 2 Kr. um Aaret fær du Dag, kjem ut 2 Gonger um Maanen.
 
For 4 Kr. um Aaret fær du alle dei Bøker, som det Norske Samlaget gjev ut.
 
For Kr. 4.40 um Aaret fær du Fedraheimen, kjem ut 8 Gonger um Maanen.
 
Er du Maalmann, so kann du ikkje anna enn vera med minst paa eit av desse.


Korleis kann det norske Folket best verja og varna um det danske Maalet her i Landet?
 
Ved aa løysa berre Knotar-Blad og kaupa berre dansk-norske Bøker.
 
Næst etter Prestarne er det ingen, som skjemmer ut Maalsansen hjaa Folk og seinkar Arbeidet vaart so mykje som Bladskrivaranne.
 
 
I Kolvereid N. Trondheim vann Høgre ved siste Komunevalet. No ved Valmannsvalet hev Vinstre teket att si Stelling, dei vann med 62 mot 56 Mann.

 
Oddmund  Vik er av Krigsretten dømd til einsamt Fengsel i 40 Dagar. Domen vert innsøkt til Høgsterett.


I Levanger vann Visntre med Valmannsvalet. Levanger røystad i hop med Trondheim.


Mordet i Maridalen. Dei trur no, at det er ein svensk Landstrjukar, som hev gjort det.


Høgre i Kristiania hadde Folkemøte um Fredagen. Grunnlovens Forsvarar Advokat Bergh fortalde m. a., at Høgre ikkje heldt paa Parlamentarisme, men at den lutrede Folkevilje ( ): Høgre) skulde raada. Prof. Daae fortalde, at Kristiania Høgre-Tingmenn hadde stor Indflydelse i Stortinget. Kva Saker dei hadde drevet igjenom, kunne han likevæl ikkje nemna.


Høgre og Oftedal. Chr. Friele er vond paa Høgre i Stavanger, fordi dei hjalp fram Steen og ikkje helder Oftedal. Han gjev Oftedølerne den Attest at dei er ubevidste Banebrydere for Høire. Og difor bør Høgre stydja dei. Men Stavangers Høgre fær Skulding for at dei saag meir paa Mann enn paa Sak.