Tingvalet i Aust-Agder.


Ein Innsendar var ute i Fedrah. og skreiv um dette Tingvalet.
 
Det er Ivar Fløystad, han vil hava vekk. 
I ein ung Alder hev Fløystad stiget upp til Tingmannsbenkjen, og dette tykkjest vitna um, at han er ein dugande mann. Og det hev han og vist i Stortinget som i Amtstinget. Men han finn ikkje Maade i Innsendarens Augo i Kyrkjesaker. Han er rædd, han ikkje er Oftedalianer. Av Vinstre i Amtet skal berre dei vera repræsenterad. Liksom Vinstre her i Amtet var so sterkt, at det gjekk an aa kløyva seg i tvo Parti! Dei, som ikkje vil, at Høgre skal sigra, dei maa vita, at her er mange, som held med Fløystad og gjeng vidare enn han. Men det er nok for Kiellandssaki si Skuld, at Fløystad skal verta kastad. For at Engvald Hansen elder Presten Rasmussen kann mæla seg med honom i Dugleik, det tor ikkje Innsendaren segja.
 
Eg hev den Voni, at sjølv eit Ultimatum fraa Oftedal, som stend høgt i Amtet vil faa Valmennerne til aa kasta Fløystad.
 
Og so er det ein til, som eg vilde leggja eit godt Ord inn for. Det er Kyrkjesongar i Landvik, Torjus Hansen. Han er kanskje den dugelegste Mann, me hev i Amtet, men han er nok Oftedalianerne endaa ræddare enn Fløystad. For han skal vera Grundtvigianer. Og det er faarlege Folk. Men eg tykkjer ikkje det bør vera det avgjerande i Politikken. Og so vilde Avhaldsfolket i honom faa den gjævaste Talsmann. _ Men eg hev likevæl liti Von um, at han vert vald. For det er ikkje fyrste Gong, at Aust-egderne vrakar Dugleiken. Tidt berre for Smaainteressur si Skuld. Ved fyrre Val vilde dei ikkje hava Løvland, fordi han budde i Sætisdal. Naar han no iaar møter som Tingmann fra Kristianssand, vil dei faa sjaa, kva Kar dei hadde i han. Men sikkert er det, at det er uforsvarlegt, um dei ikkje vel Hansen no, _ han hev lenge nok voret utestengd. Den, som bør gjeva Plass for honom, er Lilleholt. Han er ein nokso dugande Mann, men stend langt tilbake for ein mann som T. Hansen. Men at han bør veljast til fyrste Varamann, trur eg nok.
 
Sætisdalen.

K.