[Tidender.] Norsk og Dansk.

 
I No. 71, gode Fedrah., skjer Du imot oss Maalmenn, so det rigtig dunar, _ umenn Du hev Rett i Hovudsaki.

Du finn, at det er ei Landsens Skam, at me kauper Bøker um Aaret for Kr. 3,000,000 paa dansk Maal, medan me bare kauper norske Bøker for Kr. 14,000. Ja vist er det ei Skam; men kor skal me av? Bokavlen vaar er for liten endaa. Det er kje ventande, at alt kann koma fyssande paa Timen, ein ynskjer det; men eg tykkjer, det munar jamt og støtt. Her er kje mange Aari sidan, naar ein tok Fedraheimeni Hand og las, so kunne ein vera stød paa aa hava likso mange Læjarar som Aathøyrarar, um Tanken kunne vera nokso aalvorskleg. Det var so soleklaart, at slikt kunne kje vera anna enn Morskap og passad inkje for vaksne Folk. _ So er det inkje lenger no; Fedraheimener inkje lenger nokon Raring; han ligg med full Vyrdnad ved Sida av den gamle truverduge  Almuevennen.
 
Men eg skulde tru, at eit slikt Umslag i Folketanken vart eit gaste Framsteg. Jamvæl ville kje dei yngre kvekkja eit Grand, um dei høyrde ei Preike i Kyrkja paa rein Norsk; _dei eldre kann det kje hjelpa aa taka med eigong. Dei let seg no inkje eigong røra fraa det, dei hev lært; men Læraranne rundt i Landet er uppglødd for Maaltankjen no; det gjeld, at dei berre fær frie Hendar, so skal ein sjaa, det norske Maal vil gro.
 
Mest av alt vilde det draga, um Bladi skreiv norsk. Eg tykkjer, det er rart, at Bladstyrarar, som finn, at norsk Maal for det norske Folk er 
en Livsbetingelse, at inkje dei hev Mot te brjota med det danske (!) og vera med paa Nydaningi av det unge Norig. Kann henda, at Tidi hertil inkje er komi endaa. Men ei slik Magt som Pressa er i vaar Tid, ho lyt brjota Veg.
 
F. A