[Tidender.] Smaae Molar er ogso Braud.


At dei som les Fædrelandet ikkje er for kloke og klyftige hev me lenge visst.

Naar difor Aubert hev tekjet Stykkje utor Fedrah. inn i Bladet sitt og sett dei um paa Dansk, hev me soleis alltid trutt, at det var fordi han kjende sine Folk og visste at dei var so styvne, at dei ikkje kunne lesa Norsk.
 
Men no ser me, at det kanskje hev sine andre Grunnar.
 
Skulde Fædrel. herma Fedrah. ordrett, so maatte det nemleg føra det fram uforandrat og fekk ikkje vrida og venda anten paa Ord elder Meining. Men no umsett dei soleis, at dei fær vendt Ordi til den Meining, som dei helst sjølve vil.
 
For at Aubert sjølv, som er filologisk Kandidat, verkeleg skulde vera so uvitande, at han skulde tru, at eit so greidt Ord som høveleg er det same som duelig i hans Maal, det skal han ikkje faa oss til aa tru. Bladet fortel, at Fedrah. segjer at Vinstre i Kristiania ikkje hev dugelege Tingmansemne . Og dette er daa funnen Mat for Morgenbl., som i Likskap med Fædrel. so kokar Supe paa ein Kvist, som Fuglen aldri hev setet paa.
 
At Vinstre her i Byen ikkje skulde hava Menn, som baade duger til aa skriva og tala og arbeida i Stortinget til stort Gagn, det kunne me aldri finna paa aa segja. Det kann me daa helder hugheilt segja um Høgre.
 
Men at her ikkje hev synt seg fram Menn av Vinstre, som hev voret høvelege og maatsame til aa repræsentera Kristiania paa den Maaten som me kunne ynskja, so djervt og so radikalt, at Byen kunne haa Ære av det, det er vaar Meining. Um og Kristiania sende Vinstremenn til Tinget no, so trur me dei vart helder meir spake og moderate enn Vinstremennerne paa Landet, i Staden for at Kristiania i Likskap med andre Hovudstader burde vera meir radikalog føra nye Emne inn i Politikken vaar. Fyrr det vert fullrein Arbeidarpolitikk i Byen, bryr ikkje me oss so mykje um Kristianiavalet.