Arbeidsfolk.

 
(Av J. Kj. )
 
Lær aa bruka Henderne dine. ( Salzmann ¹).
 
Det vert sagt, at det stend so illa til med Arbeidsklassen her i Landet. Um dette skriv ein Innsendar G. D. eit overlag godt Stykkje i Fedraheimen No. 75.
 
Det er dessverre altfor sant. Men kvi kjem det seg? Kann det vera Utvandringi, som minkar Talet av Arbeidarar, elder er det ikkje nok aa taka paa med her i Landet, hev me ikkje meir Jord og ubygt Land og mangt som kann nyttast betre enn som no er gjort? Eg trur eg kann svara paa dette Spursmaalet soleis: Me lærer ikkje aa arbeida, me lærer ikkje aa elska Arbeidet.
 
Endaa det hev voret gjevet store pengar til Skulestellet, stend Landet vaart no meir fatikt paa rett duglege Medborgarar, enn i Tider, daa Folk las mindre, men kanskje forstod meir.
 
Det viser seg grant, at det me treng, det er ungt Folk, som hev komet so vidt i Utvikling og hev somykje Samfundsaand, at dei hugsar paa, at det finst mange Næringar, som hjaa oss vert vanvyrde, av di det er Brest paa herdige og skynsame Arbeidarar; at det ligg store Stykkje Land utyver Bygderne, som ikkje hev voret rett dyrkat. Det krevst Menner, som er gjenomtrengde av den Tanken, at det praktiske Arbeidet hev si sanne Ære, og at det for aa gagna sitt Fedraland ikkje er nok aa vita mykje, men ein lyt ogso lata andre faa godt av det, ein veit. Fyrr ein lærer aa forstaa det, som Garborg segjer, at den, som avlar ei Skjeppe Havre, er større enn den, som skriv ei middels Bok, at den, som fær tvo Straa til aa veksa der, det fyrr vaks eit, er ein Vælgjerdsmann mot Ætti _ fyrr kann det ikkje verta nokor Umbot her.
 
Det gjeld soleis ikkje berre Arbeidet i det i det heile, men serleg det grove Kroppsarbeidet.
 
Men Skularne vaare, iser dei høge Skularne, dei lærar fraa Livet og ikkje til Livet. Det er Saki. Ein lærer tidlegt aa gjera Skilnad paa Kroppsarbeid og Arbeid med Hovue. Her syndast det Dag ut og Dag inn i Skularne vaare. Barnet hev der berre boklegt Arbeid og fær soleis uvitande soget i seg den Meiningi, at Lesing og Arbeid med Hovue er vigtigare og finare enn Kroppsarbeid. Det vert ikkje Tale m, at desse tvo Slag lyt gaa Hand i Hand og stydja kvarandre, at me alle er Hjul i same Urverket. Ein kann helder ikkje venta anna, naar Staten held ein Skule for dei som sidan skal arbeida med sine Hender og ein for dei, som skal bli lærde.
 
Samfunnet hev ikkje Rett til aa uppala ein Del av Borgaranne sine til Arbeidstrælar, som paa Grunn av Faakunna er nøgd med ein lægre Stelling, medan det tidlegt opnar alle 
Veger til Kunnskap for dei, som hev god Raad og som er eslad aa njota Livet paa alle Maatar med elder utan Arbeid.
 
Samfunnet lyt hug paa, kvat Rousseau segjer: rik elder fatik, kraftig elder svak, so er kvar arbeidslaus Menneskje ein Tjuv .
 
Samfunnet hev full Rett til aa krevja, at alle Borgarar arbeider, men det er ogso Statens Skyldnad aa lata kvar faa slik Udaning, at han kann finna Glede i sitt Arbeid, kvat han so tek paa med.
 
Vaar Tid er ei Brytningstid i so Maate. Fyrr heldt ein det for aa tyda paa eit Lands Framgong, at det hadde mange Studentar. Men no vert det spurt etter, kor stor Skade det er.
 
Skulen og Samfunnet klagar i vaare Dagar yver ein bokleg Herkemuge, eit lærd Proletariat, som stendig veks. Men ein gløymer, at det er just Skulen og Samfunnet sjølv, som hev uppalet dette. Skulen hev gjevet berre teoretisk Upplæring, og Samfunnet hev ropat paa meir Realkunnskap, og hev daa fenget Nyttedaning utan Nytte .
 
Ein hev gjevet dei lægre Klassar i Samfunnet Skuldi for den boklege Herkemugen, fordi Arbeidsmannen vil hava sin Son eit Steg høgre upp i Samfunnet enn det han sjølv stend paa, at det er berre Faafengd, som driv han til det. Men dette er berre eit Paastand, som til dess ikkje er provat. Ser me godt etter, so tenkjer eg nok me finn, at dei høgre Klassarne sender likso mange Gagnløysur av det Slaget til Hovudstaden, som dei andre. Me hev desutan fenget mange av vaare duglegaste Menner fraa dei lægre Klassar i Samfunnet.

No skal alle bli Studentar. Foreldri tenkjer aa gjera væl mot Borni sine ved aa senda dei i so dyr Skule, som dei paa nokor Sætt og Vis hev Raad til, og mang ein Gong strævar dei vist au yver Evne berre for aa hjelpa fram Borni sine den Vegen. Det vert ikkje Spurlag etter um ein hev Gaavur til aa studera. 
Det hev mest vortet ei Motesak, at Huset maa ha minst ein Son, som vert Student. Iser er det ein gamall og inngrodd Skikk i Embættsfamiljer, der den akademiske Daningi liksom skal gaa i Arv fraa Far til Son nedigjenom Ætti.
 
Men visste Folk, kor stor Ulukke dei gjer paa Landet og Samfundet ved det, at dei er med paa aa skapa ei slik uhorveleg Mengd med upraktiske Menneskje, so gjorde dei det ikkje.
 
Desse Studentar, som like fraa Barndomen av hev fenget teoretiskUtdaning, som uppigjenom Skulen hev vortet uppalne med 
Gresk og Latin, elder Smaastubbar av Realfag, til lærde Menner, som lite nyttugt veit _desse er det, som sia skal styre Land og Rike.
 
Kva hev han lært? Han hev lært Leksur. Den aandelege Utviklingi hjaa Hundradtals unge Gutar hemjast.
 
Individualiteten kverv burt; det kjem ei Misdaning som ein fyrst fær Auga paa, naar det er for seint aa retta paa det. Heile Lærdomen hans er ei lærd Lekse, som han ikkje med all si Kjærleik kann raa med. Eit Arbeid, som er yver vanlege Krefter, kann berre gagna nokre faae utvalde, og sjølv hjaa desse gjeng det ofte berre paa Kostnad av Ungdomsgleda.
 
Eg tykkjer hundrad gonger betre um at ein ikkje lærer noko, enn at ein berre lærer med Ilvilje og Faafengd, segjer Rousseau . Skularne vaare er fulle av trugne Lekselesarar, med bleike Kinn og svake Krefter, men glade og djerve Gutar vert meir og meir sjeldsynte der.
 
Ein tysk Pædagog skriv: Heim og Skule hev strævat etter aa stella Ungdomens Aand paa Høgdi av si Tid, men ogso berre Aanden og ikkje Menneskjet, Endaa Vitenskapen for lenge sia hev vist, at Menneskjet er ei Eining, der ikkje Aand og Kropp kann skiljast, so hev likevæl Upfostringi laast som Menneskjet var berre Aand ² ).
 
Det ser mest ut til, at ein reint hev gløymt, at Kroppen ogso treng samhøveleg, harmonisk Utvikling, og at denne Utviklingi berre kann koma ved Kroppsarbeid. Ved slikt usjølvstendugt aandelegt Arbeid, vert korkje Aand elder Kropp utviklad. Daa det er for mykje Stoff, so fer ein jamnaste yver det alt ihop med ein Harelabb. Ein vert flat og laustenkt, eit pent Kunstprodukt, eit unaturlegt menneskje med unaturleg Tenkjemaate, som ikkje hev lært aa leva i den Verdi, han er sett til aa liva i. Han hev lært aa leva i 
Aandens og Idealarnes Verd, og søkjer ikkje Idealet i aa arbeida til Gagn for Fedralandet og Mannaætti, men Idealet hans ligg so høgt, at det er reint Uraad aa vinna fram dit. So stend han daa og fiktar i Lufti etter dette dette innbilte Spøkelse, paa same Vis som Don Quixote, daa han var ikast med Vindkverni. Han arbeider ikkje paa Grunnlag av Verdi som ho er, men paa Grunnlag av noko innbilt, som soleis ikkje er, um han daa i det heile arbeider.
 
Som det no er, fær me daa ei byrg Ætt, eit aandeleg ufritt Aandsaristokrati, som korkje kann elder vil rett setja seg inn i og forstaa Arbeidarens Kaar. Han veit ikkje sjølv, kvat Arbeid er; han veit ikkje kvat det vil segja aa bruka tvo Hender til aa næra seg og sine.

Fyrr vaare Studentar vert Menneskje, vert dei ikkje dugande Embættesmenner, og Menneskje vert ein fyrst, naar baade Kropp og Sjæl hev fenget si Ytvikling og ein hev lært at Kroppsarbeid er likso heiderlegt og likso naudsynlegt baade for det einskilde Menneskje og for Samfunnet som aandelegt Arbeid, med eit ord: Ein lyt læra aa bruka Henderne sine .
 
Solenge han er Student fær han høyra det stødt og stendigt, at han er Aandens og Ideens Bærar, Kjerna av Landsens Ungdom, som skal føra Landet fram, at han er Saltet i alt, som høyrer til Framstig, og grum i alle Maatar.
 
Dette fremjar Storlæte og aandeleg Faafengd.
 
Voltaire segjer: Etter myrke Tider fylgjer ei onnor Tid, daa ein umskapar den grove Faakunna til eit anna Slag Faakunna, som fær Namn av Lærdom, lite nyttig for den lærde og for Mannaætti .
 
Det er denne Ætti, som Landet utarmar seg paa for at ho skal læra Vit. Her ligg Grunnen til at me er so fatige paa Arbeidsfolk. Men kva vert det gjort for dei, som i Røyndo er dei produserande i landet, kva er det gjort for aa skapa ein upplyst Arbeidarklasse med praktisk Syn for sitt Yrke og dess Verd for Landsens Trivnad?
 
Det er sannt som ein Innsendar E. skreiv for ei Tid sia i Verdens Gang: Vore Næringskilder har en næsten ubegrænset Evne til Udvikling, naar kun Folket selv bliver opdraget til den nødvendige Indsigt, Virkelyst og Økonomi. Her er Sommersol nok, her er Sædejord nok, bare vi, bare vi havde Kjærlighed nok, segjer Bjørnson. Ja det er just Kjærleik me treng, Kjærleik til Arbeidet, det grove som det fine. Utviklingi er grunnlagd paa Folkets Arbeid og gjenom Arbeid gjeng Vegen til Fridom.


¹) Tysk Pædagog fraa fyrre Hundradtalet.
²) Heuer: Gefahr und Hülfe, Bremen 1861.