Ei Bønebok mest etter Ludvig Hofacker [Forteljing til Utklypp]

 
(Del 5 av 8. Fyrste delen.)
 
 
-36-
 
laake Rødingi mi og dei ureine Ord, som maa henda er gjengne ut or mitt Hjarta _ tilgjev meg det alt; for du heve aldri Hugnad i det gudlause; den, som er vond, kann ikkje standa seg fyre deg. Skap eit reint Hjarta i meg; og tak ifraa meg alle vonde Lyster!
 
Aa Herre Jesus, du, som heve lært oss Visdomen av Faderen! Vend mitt Auga og Hjarta burt ifraa denne tome forgjengelege Verdi! vend det upp til den ævelege Kvila der uppe, som er lovad dine utvalde, at eg maa trengja gjenom denne Heimsens Naud og Freisting og verta verd aa standa ved høgre Sida di paa den store Dagen! Amen.

Fader vaar o. s. fr.


Bøn um Laurdagskvelden.
 
Evige Gud og Fader i Uppheimen! Enden paa denne Dagen og Vika minner meg um mitt Livs Ende. Eg veit ikkje, um mitt Livs Ende kjem ved Enden av denne Vika


-37-
 
elder fyrr elder seinare; eg vilde ikkje gjerna døya i mi gamle Vering, men helder taka med nokot nytt og himmelsk herifraa til hi Verdi. Difyre bed eg deg hjarteleg: Skap meg etter ditt Bilæte til ein ny Skapning! Eg takkar deg fyre alt, du til dessa heve gjort mot meg baade fyre Saal og Likam, eg takkar fyre din djupe Rikdom paa Godleike, Tolmøde og Langmod. Du heve gjevet meg meir enn eg tente til, du heve livt meg mykjet og ikkje refst meg som eg var verd. Du heve naadig hjelpt meg heile denne Vika, og Truskapen din heve kvar morgon voret ny yver meg. Hav Takk, Herre, fyre alt, og lat meg tena deg med eit reint Hjarta til din herlege Naades Pris!
 
Prenta denne store Lovnaden din inn i mitt Hjarta: Han, som vinn yver, skal erva alt, og eg vil vera hans Gud, og han skal vera min Son, at det maa driva meg til aa søkja det, som er ovan, ikkje det, som er paa Jordi. Ja Verdi forgjeng med si Lyst;


-33-

meg, og no faafengt spyrr etter Frugterna av ei takksam Tru og barnsleg Lydnad? Herre, miskunna deg yver meg og tilgjev meg! Verka sann Anger i meg og Kanning av Syndi, som eg aldri skal trega paa, ja gjer dette, at eg ikkje skal sova i mitt dauve Sinn og drøyma meg radt inn i Dauden. 
Vekk meg upp og upplys meg, Herre, og tala til meg: Statt upp og vert Ljos, for Frelsa di, Rettferdssoli, renn yver deg! Eg er daa utløyst, eg er daa kallad til ditt sæle Samfund ved Jesus Kristus _ aa so lat hans dyre Fortenesta, hans Naadekall, hans Tolmøde ikkje vera faafengt hjaa meg! Mykjet betre aldri vera fødd enn verta æveleg fordømd, mykjet betre aldri vera fødd enn missa Kristus.
 
Herre Jesus! Liksom den Mannen, som var full av Spillsykja, fell eg ned fyre Føterne dine og ropar: Herre, dersom du vil, so kann du gjera meg truande og lydug! 
Ja gjer det! Snu di Aasyn til meg og lat


-40-

kring oss, og ein endelaus Kjærleike og Gleda i ditt gullfagre Hus i Herlegdomen. Gjev oss rett aa kjenna Dypti og Viddi i det glade Bodet, du sende i Englesongen til Jordi! Lær oss aa skyna, at alt det gode, me njota baade med Kropp og Saal, hava me fenget av deg ved Jesus! leid oss ved ditt Ords Ljos til Bethlehem og syn oss din Herlegdom ved Gudebarnet i Krubba! Lat den heilage Ande uppklaara Jesus i mitt Hjarta, at eg maa elska honom og tru paa honom, som ber mi tunge Syndebyrda; so skal eg ogso faa kjenna den Fred, som ingen ut kann segja, kjenna den sanne Jolegleda, som Hyrdingarne kjende, daa dei fann Jesus i Stallen. Ja, hugnast ved meg i din vesle skuldlause Son, min Herre og min Gud!
 
So bed eg deg, Herre, at du vil bera dette gledsame Bodet ditt rundt heile Jordi, kveikja Ljos og Liv i vaar myrke Verd, fylla kvart tomt Hjarta, stilla alle Trongar og kvila alle trøytte Saaler. Send din Ande riklege

 
-34-
 
meg vita, at eg er din, at du heve køypt meg med ditt heilage Blod! Eg gjeng no til Kvila, Herre! du velsigne og varde meg! Men lat meg ikkje kvila, fyrr eg heve funnet deg og er æveleg din! Amen.

Fader vaar o. s. fr.


Bøn um Laurdagsmorgon.
 
Gode Skapar! Paa denne sidste Dagen i Vika kvilde du fraa alle Gjerningom dine, som du gjorde, daa du skapte Verdi. Du heve ogso skapt oss til aa koma til Kvila, og du heve aa nyo gjevet oss Rett til Kvila ved Jesus Kristus, din Son. Gjev at eg ikkje forsømer aa ganga inn til denne Kvila! Ver takkad fyre denne Dagen, som du unnte meg, at eg skulde syta fyre mi Saalefrelsa og ropa til deg, no lenge du enno er finnande! Naar du let meg sakna den utverdes Kvila, so er det, avdi eg skal verta so mykjet meir hugad paa den ævelege Kvila, som er i deg. Dine


-39-

 
Nokre  Høgtidsbøner.

Jolebøn.
 
All Jordi love og prise Herren fyre hans uendelege Naade! Alle Menneskjor syngje Lovsongar aat honom, som fridde oss fraa Fiendom vaare! Ja all Guds skapte Natur blande si Røyst med Englom og kvede or Hjartat: Ære vere Gud i det Høgste, fyre di han sende sin kjære Son med Fred til Jordi og ved honom vil hugnast ved sin fallne Skapning! Ja me lova og prisa ditt store Namn, fyre di det vart født oss ein Frelsar til aa løysa oss ut fraa Syndi og bera vaare Sjukdomar. Han vann oss Fred og 
Fridom fyre Fredløysa og Trældom, han vann oss ei Tru, som stend, naar Jord og Himmel mun brotna og kverva burt, ei Von, som ikkje brest, um Dauden triv med si Jarnhand

 
-35-

faderlege Refsingar, dei ymse Lidingar og Tyngslor, som eg fær freista, og Dauden, som dagleg trugar meg, det uppmanar mitt dauvlege Hjarta til aa høyra paa di Røyst idag. No kjenner eg, at i denne Heimen er det ingen Fred, ingi Ro og Gleda andre Stader enn i deg og din Son. Eg kjenner ogso godt, at mitt Hjarta og mi Tunga framleides helder føra fram vonde Tankar og ille Ord enn Sannings Tankar og Kjærleiks Ord. Eg kjenner ofta, at min eigen ulyduge Vilje ikkje vil tola dei Lidingar, som du heve lagt paa meg til din eigen Bate. Difyre bed eg deg audmjukleg i Jesu Kristi Namn, tilgjev meg alle mine mange Synder! Tilgjev meg, at eg til dessa so kaut heve vanvyrdt din Naade og trottuge Langmod! Tilgjev meg ogso serdeiles mi Mukking og Eigenrettferd, min Vreid og Kautleik, mitt Ovmod og Utolmøde, som eg heve støytt di Frelsa fraa meg med til saar Sorg fyre ditt kjærlege Hjarta! Tilgjev meg den gagnlause,


-38-

den, som heve gjort det vonde, skal ikkje sjaa deg, men lida æveleg Fortjoning. Men den, som gjer din Vilje, vert verande i Ævelengdi. Eg gjev meg daa yver med Likam og Saal i dine Hender! Skap meg etter deg, og lat din Godleike og di Miskunn fylgja meg heile mitt Liv igjenom! Amen.
 
Fader vaar o. s. fr.

( Meir.)