Ein Finne.


Det var paa Sagatunmøtet, som eg sist skreiv um, daa eg fortalde um Kristoffer Baagø.
 
Finske Lærarar og Lærarinnor, som skulde til det store Lærarmøtet i Kristiania, tok seg ein liten Tripp upp til Sagatun i Fyrevegen. 
Dei vilde sjaa Landet der uppe og dei vilde vera paa Høgskulelærarstemna.

Ein av Dagarne under Ordskiftet bad ein Finne um Ordet. Han kunne ikkje somykje svensk, at han torde setja i Veg i det Maalføre, difor skulde eit av dei Kvendi, som var betre heime i dette, vera hans Tolk.
 
Svensk Spraak hev raadt i Finland og voret Kulturmaalet deira inntil no i det seinare, daa Finsken hev kjempat seg fram til aa staa paa like Fot med Svensken. Difor hender det mykje ofte i Finland, at dei slett ikkje lærer svensk, daa det korkje er Pligt held reint naudturvelegt for Utdaningi si Skuld. 
For dei kann faa alt paa Morsmaalet sitt baade i Heimen, i Skulen, i Bøker og Aviser og hellest ute i Livet. Ja, so langt er dei komne i Finland. Det vert ei Stund, fyrr me her i Noreg naar dei att i so Maate. Me er paa Vegen, og me set Von til Framtidi. _ Hellest er finsk og svensk reint ulike, av tvo reint forskjelege Spraakætter, so at norsk og dansk er aa kalla Syskjendborn i Samanlikning med dei tvo.
 
Den finske mannen heiter J. A. Pelkonen fraa Tampere, Suomi (Finland) og Frøkeni Sofia Stræng, Helsinki (Helsingfors), Suomi. Det Namn Suomi skal uttalast Soaami, sa dei, og det tyder: Landet med dei mange Myrar, Tuvor og Tjørner, de tusen sjöars land, som Runeberg kallar det.
 
Ja, so tok Herr Pelkonen til aa tala. Me forstod ikkje eit Ord, men likevæl reiv han oss med seg. Korleis? Aa, du skulde ha vore der og høyrt og set! Han stod der so aalvorsam og hjartegripen sjølv, og dette verkad paa oss og. Det tindrad og glitrad av dei kolsvarte Augo hans, og Talestraumen rann og gleid so mjukt og lett or Munnen.
 
Han rette den høgre Handi mot Himmelen, og me forstod, at det var eitkvart deruppe, han meinte. Sjølve Talen lydde som Musikk i Øyro vaare, der var slik Sang og Klang, slik undarleg Rytme i den, so du skulde aldri ha høyrt sovore. Me stod og sat, som me skulde sluka han, og me lengdest etter aa faa vita Innhaldet. _ Medan sat Sofia Stræng og skreiv upp alt det vigtigaste.
 
Naar so han var ferdig, stod ho upp. Ho var ikkje so sterk i svensk, sa ho, at Talen til Pelkonen vilde verta godt umsett. Og helder ikkje var ho so sterk i Talekunsten, som det kunne trengjast framfyr ei slik Samling. No stod ho paa Finlands Vegne og talad til Folk fraa alle dei tri Nord-landi, og ho kjende seg ormegtig til so stor ein Ting. Men likevæl maatte ho prøva, og me fekk orsaka hennar Evne til her aa tolka sin finske 
Brors Tale.

Ingen av oss kunne gjeva henne Rett heri. Tvertum, me tykte nok alle, at paa ein fagrare Maate kunne aldri ei Finlands Dotter framføra sit Folks og Lands Helsing til oss.
 
Min Landsmann, Pelkonen, kjende Trong til, sa ho, aa tala til oss og framføra Bod og Helsing fraa seg og dei andre finske Brødrer og Systrer, som var samlad her. Finland hev altid so gjerne vilja halda Samlag og Brorskap med dei hine Nordlandi, og me kjenner oss mest dregne hit aat dykk. Finlands Søner og Døtrer hev arbeidt og stridt tilliks med oss andre her nord ofta. Han kom no ihug Narvas Hede, Polens Sand og Lützens Sletter. Der hadde dei vore med, sa han, og det gledde dei seg yver. No vert me styrde fraa aust (Russland), men vaar Hug og vaar Tanke gaar mot vest. Lat vera, me ligg langt undav, me er daa so nær dykk i Sverik, Noreg, Danmark, at me væl fylgjer med dykk og gjev Attegaum paa kvat som her gaar for seg.
 
Ogso me høyrer til Europas Nordland, det er den same Himmel, som kvelver seg yver oss, det same Verslag, den same Sol, det same Nordljos me hev som De. Gud hev gjort oss til Grannar, og han vil, me skal vera kverandre nær. Me Finner ser og lyder baade jamt og samt vest- og hityver, for altid tykkjer me, me hev noko aa læra av dykk, og altid høver det best, at so er det. Hjaa oss finst ikkje Folkehøgskular enno. Me staar tilbakers i det Stykkje. Men me vonar, at ogso den Lukka skal timast oss, at Finland tek etter og det snøgt. Eg skynar av dette Møte, kor sæle dei tri andre Landi er, som hev sine Høgskular. Det er Kjærleik til Ætti og Kjennskap til Folk og Land, som veks og fær Magt gjenom slike Skular og Møte, er det likt til, det er alt godt og ædelt i eit Menneskjebrjost, som fær Sol og Regn yver seg og Vokstr, so at det vonde maa vika, og til sovoret maatte han ynskja sitt Land snart aa koma etter. Dei vilde reisa heimatt med store, sterke og fagre Inntrykk fraa oss um Aandsmagt og sant Mannaliv i Norden.

Sjaa dette og mykje meir hadde Pelkonen sagt, sa Sofia Stræng. Ho var ikkje god til aa gjera det betre. Med Taarer i Augo gjekk ho nedatt fra Talarplassen, men ogso alle me, som hadde høyrt dette, var rørde, og mange, mange laut turka seg um Augnakvarmarne, daa dei tykte, det var so merkjelegt gripande det heile. Ho hadde nettupp gjort det so makalaust fint og yndigt, som det væl kunne søma seg og høva for ei Kvinne.
 
Alle var me einige um sidan, at dette, som her no er fortalt, var det allerbeste av heile Møtet, som hellest var som ei glansfull, glederik Høgtid i alle Maatar.