Tidender.

 
Kristiania, den 9de Oktbr.
 
Maalkurset paa Vonheim. Fyrr dei reiste, vart Læraranne samstelte um aa senda Regjeringi ei Bøn um, at ho vilde rydja burt alle Hindringar, som maatte vera i Vegen for, at Læraranne fekk undervise Borni paa Norsk. 
Dei bar ogso fram sitt Ynskje um, at Skulebøker og Fyreskrifter maatte gjevast ut paa Norsk, og at Innstruksen av 1878 maatte verta kjend for Læraranne paa Landet.
 
 
I Frankrike var det Tingval um Sundagen. 
Etter som det endaa er kjent hev Republikanaranne tapat innmot 50 Plassar. Dei hev voret for mykje uforlikte seg imillom. Dei Radikale og Opportunistarne hev kvar arbeidt for seg og sine. Og so tykkjer mange, at Staten driv for mykje med utanlandske Greidur. Elles er det ogso ein ny Valmaate iaar; Listevalet, som Gambetta strævad so for, vert no brukad fyrste Gongen. Fyrr var det nemleg so, at det var reint smaae Valringar, som no er det større landsdelar, som røystar tilsaman.

Det vert mange Umval iaar, daa det var mange Stader, at den valde ikkje hadde reint Fleirtal. For dei hev den Loven i Frankrike, at ein maa hava meir enn Helfti av dei som røystar, med seg, skal ein vera rett vald.
 
 
Bulgarien. Sultanen hev no godkjent Fyrst Alexander som Styrar baade i Bulgarien og Rumelien, men paa den Maaten, at han skal standa under Sultanen aa kalla som fyrr. No stend det mest berre att aa stogga Grekenland og nokre andre Smaastatar, som vil draga seg Vinning av Ugreida.
 
 
Folkeskulelærarforeiningi i Kristiania hadde nyleg Møte til Val m. m. Det gamle Styret vart uppvalt (Formann Hallvor Johanson).

Boksamlingi til Foreiningi er aukad noko i siste Halvaar, dels ved Kjøp og dels ved Gaavur fraa Forfattarar og Forleggjarar.


Valmannsval. I Laardal Telemarki vart Kyrkjesongar O. Sandland teken til Valmann 30 R. Varamann T. S. Mandt 12 R. Høgre hadde 5 Mann.


I. Løvland , den nyvalde Tingmannen fraa Kristiansand, er ein gild Maalmann. Han er Sæbygg og hev voret Amtskulelærar i Sætesdalen.


Svenske Blad avsannar, at det skal vera ventande nokor ny Bok av Kong Oscar.


Utnemningar. Prest i Nore, Nilssentil 
Kallskap. paa Kongsberg.Kand. R. Gjessing til Hjelpeprest i Lindaas. Kand. O. Olsen til Hjelpeprest i Ullensvang. Kand. E. G. B. Haugetil Hjelpeprest i Grue. Kand. E. Grønland til Hjelpeprest i Hol. Prest i Fjotland Mollestadtil Prest i Lyngdal og Kand. N. P. Aalvik til Hjelpeprest same Staden. Prest paa Stord Thorvildsen til Prest i Dybvaag. Hjelpeprest Bergqvist til Prest i Sjaak. Konservator Colletttil Professor i Soologi. Sakførar Nergaardtil Fut i Namdalen.


Pengeinnsamlingi til Alexander Kielland: Det er i alt komet inn Kr. 4000, som er sendt honom gjenom Styret for Vinstresamlagi i Kristiania.
 
Diktaren hev sendt dette Takkebrevet:
 
Hillevaag pr. Stavanger, 1ste oktbr. 1885.

Til Bestyrelserne for Kristiania liberale Forening og Kristiania private liberale Klub.
 
Jeg sender Dem min Tak, mine Herrer, fordi De har villet opfordre Landsmænd til at hædre mig, og jeg beder Dem lade min Tak komme til alle, der fulgte Opfordringen. Jeg ved jo godt, at jeg ikke tør tage Gaven som fra det hele Folk; men en kjær Opmuntring og en Ære, jeg er stolt af, har det været mig at se saa mange bringe Vidnesbyrd om Samfølelse og Bifald, _ og det takker jeg oprigtigt for.
 
Modtag, mine Herrer! min ærbødige Hilsen.
 
Alexander L. Kielland.


Statsraad Astrup hev voret upp til Ulefoss og Strengen og granskat Vilkaari for Kanalen der.


Henrik Ibsen. Det danske liberale Studentersamfund heldt nyleg ein Fest, der dei hadde bedet Ibsen aa koma. Han er vand um aa faa ut soleis Ibsen, men der gjekk han likevæl. Dei hadde ikkje den Lukka i Studentsamfundet her i Kristiania. Dei og bad han til seg, men det fortelst at han skal hava sagt, at han ikkje vilde vera i hop med slike Gutar, som valde slike Styrarar, som ikkje kunne skyna dei Tankarne og det Arbeid, som han strævad med. I det danske Studentsamfundet heldt han ein liten 
Tale og sagde, at han likad ikkje aa høyra Namnet sitt so høglydt nemnt. Han likad seg best aa vera for seg sjølv. Men likevæl meinte han, at det var ikkje noko bottlaust Djuv millom den som skriv og den som les dette, som vert skrivet. Det er Ættskap millom baae. Og han takkad dei danske Studentarne for den Ættskapen han hadde funnet hjaa dei.


500 Krunor hev Justitsdepartementet lovat ut til den, som kann hjelpa dei til aa taka 
Svensken Henrik Janson, som er mistenkt for Mordet i Maridalen.