[Tidender.] Stortingsvalet i Telefylket.


Det var fælt mykje Skriving og Tale um dette Valet, likesom det hev voret i dei fyrre Aari. Vansken var iser den aa finna ein høveleg Mann i Staden for H. Bentsen, som hadde sagt ifraa seg Val. Det gjekk tvo Straumar igjenom Folket, ein Flokk vilde hava Ullmann som ny Mann, den andre vilde korkje hava Ullmann elder hava uppattvalt Thomesen, dei vilde hava Folk, som var meir moderate og daa helst Bønder. I den seinare Tid var det allvist nemnt tri slike, Tveiten i Bø, Killand i Fyrisdal og Midbø i Mo. Men det viste seg, at ingen av desse kunne samla Stemningi heilt um seg, sume vilde hava den eine og sume den andre. Ein større Flokk samlad seg um Kyrkjesongar Sandland i Laardal, som ikkje er halden for aa vera fullt so moderat som dei tri nemnde, og som difor vart sett upp som Motkandidat mot Ullmann av dei, som paa ingen Maate vilde hava nokon so radikal Tingmann som attaat var Akademikus, naar dei hadde ein slik fyrr i Thomesen.
 
So var det Folkemøte i Skien den 19de _ 800 Menn og Kvende. Ullmann talad um, at det som no galdt mest um var aa stydja Aandsfridomen.
 
So var det Møte av Vinstrevalmenn d. 20de.
 
Agitasjonen mot Ullmann var sterk, fortel Varden, gamle Høgremenn baud Vinstremenn Syndsforlating, berre dei ikkje vilde røysta paa Ullmann, og dei var viljuge til aa stydja baade Jespersen og Sandland, kunne dei sleppa Ullmann.
 
Fyre Prøvevalet laut Ullmann gjeva eit Utgreiding um sitt politiske Standpunkt. Og det maa me segja _ melder Varden _, at ikkje kjenner me nokon ung Politiker hjaa oss, som hev lagt fram for Veljaranne sine eit Programm, som i Klaarskap, Kraft og Sanning hev voret som dette. Ved Prøvevalet fekk Ullmann 27 Røyster, jamt det halve Tal av Vinstremennerne heldt paa han, so det altso endaa var uvist, korleis det vilde ganga, og um Natti etter skal det ha voret haldet eit Møte igjen, som kastad baade Ullmann og Thomesen og sette Sandland og Haukom i Staden. Men ved Stortingsvalet sigrad likevæl Ullmann, han fekk 10 R. meir enn ved Prøvevalet. Det vart soleis 17 av 54 Vinstremenn, som ikkje røystad paa han; det var berre 6, som ikkje vilde hava Thomesen. Sveison fekk alle Vinstrerøyster + 3 av Høgre.

Stortingsvalet for Telefylket er eit godt Tingval. Naar det ikkje var mogelegt for nokon Bonde aa samla full Samstaving um seg, so var Ullmann den einaste, det kunne vera Tale um. Det er alltid noko mykje aa senda tvo universitetslærde Menn, men so fær ein hugsa paa, at det er faae elder ingen Embættesmann, som er so bondelagom som Thomesen, og naar det gjeld ein slik Tankesprengjar og djerveleg Gut som Ullmann, fær ein ikkje undrast paa Telarne at dei tok han. Han er meir enn Repræsentant for eit Fylkje berre, han er ein som vil arbeida for heile Landsens nasjonale Utvikling paa beste Maaten. Og i Ordskifte er han ein av dei fyrste.