Er Sjølvverjing lovleg?

 

Du er hellest ein bra Kar, Fedraheim, men Jurist er du ikkje.

 

Sjaa no dette her:

 

”... her i Norig hev ein mest ikkje Rett til aa verja Livet. Er du retteleg bergsterk, so kann du taka ein Røvar, men agta deg, so han ikkje naudar noko; du lyt fara so varlegt, som Røvaren var av Glas.

 

Og slær du Røvaren ihel, kann du koma paa Straffarbeid ...”

 

Ja, so stend der i Nr. 81 no iaar, paa fyrste Sida, andre Spalte.

 

Som eg sagde heruppe: Jurist er du ikkje. For Sanningi er no den, daa du, at kjem der nokon Røvar og vil tyna deg, so kann du slaa han ihel, slaa han so stad-daud som ei Sild, utan aa ”koma paa Straffarbeid”. Skal ein segja noko um Retten til aa verja seg hjaa oss, so lyt det vel helder vera, at han er hosta stor. For tek ein Lovbodet paa Ordet, so hev ein fæl Magt.

 

Lovparagrafen lyder so (Kriminalloven Kapitel 7, § 7):

 

”Nødværge maa man udøve for sig selv eller Andre, med hvad Værge man mægtig er, imod hvemsomhelst, der har begyndt et uretmæssigt Angreb paa Liv, Legeme, den kvindelige Bluferdighed, Frihed eller Gods, eller som saaledes har gjort Forberedelse til, eller truet med et saadant Angreb, at Faren er overhængende; dog kun forsaavidt det er fornødent for at kunne modstaa eller afværge Angrebet, og noget andet hertil tjenligt Middel ei gives, der er den Angrebne bekjendt”.

 

Etter Loven, so kann ein, um ein vil, drepa ein Mann strafflaust, berre um han tek fatt paa ”mit Gods”, naar der ikkje finst annan maate aa faa han burt paa. Me skal taka eit Døme: Eg hev ein Baat i eit Vatn. Ein Dag skal eg bruka Baaten, men daa eg kjem ned til Vatnet, so hev ein annan tekjet Baaten min og er alt komet eit Stykke ut paa Vatnet med han. Eg kann ikkje ro etter han, for der finst ingen annan Baat ved Land, og alt eg ropar til han um aa koma attende med Baaten, so hjelper det ikkje det Slag. I eit slikt Tilfelle kunne eg utan Straf skjota Mannen ihel i Baaten.

 

So er Loven.

 

Men du veit, at Ingen vil bruka han, utan det gjeldst Livet hell so, _ men daa kann ein au bruka han so mykje ein vil utan aa ottast ”Strafarbeid”.

 

Eg skal taka eit Døme til: Ei Gjente gjeng seint ein Kveld i ei myrk Gate, der det ikkje er korkje Politikonstablar hell Folk hellest. So kjem der rekande ein fælskleg stor Fantegast, stygg og uhyggjeleg, og fyk paa Gjenta og vil taka ein Kys: Ho vil verja seg, men orkar ikkje. Eg kjem gaa-ande og høyrer Staaket, flyg stad og skal hjelpa. Men eg er liten og veik, so det munar lite, um eg vil bruka Nævarne. Eg skrik paa Folk, men Ingen kjem og Fanten vil ikkje gjeva seg. Daa kann eg køyra Kniven i Bringa paa Staataren for aa hjelpa Gjenta.

 

So er Loven.

 

At ikkje den Stakkaren uppi Maridalen brukad Revolvaren sin, kom nok ikkje av det, at han var rædd ”Strafarbeid” etterpaa, men vel av, at han ikkje fekk Tak til.

 

For ”Nødværge kan man udøve med hvad Værge, man mægtig er, mod hvemsomhelst som udøver et uretmæssigt Angreb paa Liv ...”

 

Ein Tele-student.

 

 

 

Naar du segjer, at Fedraheimen ikkje er jurist, so kann det vera sant nok _ Gudskjelov, hadde eg nær sagt, for eg hev aldri likat Juristar noko sers godt.

 

Men skal eg segja, som eg trur, so er ikkje du stort mætare Juristen enn eg. Du ”blader i din Lov omhyggeligt”, men det er ikkje Lovarne eg hev skrivet um. Hadde eg sagt, at me etter Kriminalloven mest ikkje hev Rett til aa verja Livet, so hadde du havt Grunn til aa segja, som du hev gjort. Men eg hev ikkje sagt elder tenkt aa segja noko um Loven _ den er god som Gull _ men um ”vaart Rettsvæsen”, og det trur eg ikkje er godt.

 

I No. 48, 49 og 50 i Fedraheimen for 1884 hev eg skrivet eit Stykkje: ”Umbot i Rettsvæsenet”. Der hev eg greidt ut mi Meining um Saki. Eg skal her taka uppatt ei sann Soge, som stod i No. 49:

 

”For nokre Aar sidan gjekk det ein fredeleg Arbeidsmann i ein av Smaabyarne; ein full Slusk gauv paa han. Arbeidsmannen slo fraa seg, som rimelegt kunne vera, og raakad under Hoka paa Kulten. Fyren var ikkje stød paa Beini, og daa han fekk Slaget kantad han, slo Nakken i ein Stein og døydde. Arbeidsmannen fekk Straff”.

 

Kva hjelper det, um ein etter Loven hev Rett til aa verja seg, naar dei tolkar Loven slik, at ein fær Straff likevæl?

 

Er det ikkje, som eg segjer, at ein lyt fara so varlegt med Røvaren, som det var Glas i han?

 

Dei, som sprøytad ihel Storesunde, fekk ikkje Straff, men den, som slær fraa seg, naar han vert yverfallen, gjeng det galet med.

 

Og det hev voret mange Døme paa det, og mange, so vidt eg minnest jamvæl Morgenbladet, hev voret uppargat.

 

Det er merkjelegt, at ikkje Telestudenten veit noko um det.

 

I det siste hev Høgsterett dømt annleis og rimelegare enn fyrr. Ein Mann, som skaut ein, som vilde bryta

seg inn um Natti, vart frikjend.

 

Men den gamle Rædsla sit endaa i Aalmugen. Folk trur ikkje, at dei hev Lov til aa verja Gods og Liv, og lenge kann det draga ut, fyrr dei vaagar seg til. Fyrst lyt Domstolarne i mange Aar døma _ ikkje pedantiskjuridisk, men borgarlegt og menneskjelegt _ og etterpaa kann det endaa draga ut lenge, fyrr Folket tore bruka Naudverja.

 

Difor segjer eg: um vaart Rettsvæsen no var godt, kunne det endaa henda, at Folk no ikkje torde verja seg, og at Aalmugen i mange Aar endaa vil svida, for di Rettsvæsenet hev voret laakt.

 

Telestudenten segjer, me etter Loven kann skjota ein Mann, som tek ein Baat, og naar me ropar etter han, ikkje ror attende, og me ikkje hev Baat aa setja etter han med.

 

Eg bur paa Bondebygdi berre og veit lite um, kva dei staakar med i Kristiania. Eg hev høyrt, at Professor Brandt fortolkar Loven slik som Telestudenten segjer, og det likar eg godt. Men hugs paa det: Dette er berre ei Fortolkning. Høgsterett kann segja noko anna.

 

Loven er ein Ting for seg sjølv, den hev eg ikkje snakkat um, men det er Maaten aa tolka Loven paa, som det kjem an paa.

 

Telestudenten segjer eg ikkje er Jurist.

 

Eg vil segja det, at solenge Juristar dømer, so lenge fær me ikkje njota Lovens fulle Rett.

 

Det fylgjer alltid noko formalistiskt og pedantiskt med Juristar; ein Jury av Borgarar, som hev Hjarta, og ikkje ein Hop Lovparagrafar i den vinstre Sida kann døma meir menneskjelegt.

 

Det er ikkje trygt, at ein juridisk Krakkeslitar skal avgjera, um ”Faren er overhængende”; ein Mann stend med Kniven, buen til aa stinga deg _ endaa kannhenda Juristen segjer, Faaren ikkje er ”overhængende”.

 

Slikt hev hendt.

 

Um ein hev tekje Baaten din og du skyt han, trur du so Juristen er rette Mannen til aa døma, um det var rett av deg elder um du skal koma i Straff for det, Juristen, som kannhenda aldri hev ferdast i Skog og Mark?

 

Her i Norig hev me i lange Tider sett Juristarne reint for høgt.

 

Med Einveldet kom dei til Magti og var dei styrande ratt til 1814.

 

I 1814 trengde me ein Helt _ og so fekk me ein Jurist.

 

Etter 1814 styrde dei sameleis, stormannsleg og paa Hovding-Vis.

 

Aldri hadde det voret so gilde Tider for dei som etter Statsbankerotten i 1813. For det er med Juristarne,

segjer Vinje, som med Gikti; ho set seg der, Folk hev vondt fyrr.

 

Men etterkvart som Folket gjekk fram, gjekk Juristarne attende. Det stormannslege og Hovdingskapen kom meir og meir burt, til dess paa Slutten berre snaude Jussen vart att.

 

Juristarne heldt Folket for ei Maskine, som dei kunne stoppa med eit Veto, liksom ein stopapr eit Lokomotiv, berre ein sveiver med eit Handtak.

 

At Folket var ein livande Organisme, forstod dei ikkje.

 

Men daa dei ikkje forstod det, laut Folket bruka Riskretten paa dei og sette dei utanfor Politikken.

 

Sidan hev me havt Statsmenner, ikkje Juristar, til aa styra landet.

 

Snart lyt me væl faa Borgarar, ikkje Juristar til aa døma i Straffesaker.

 

Eg kom til aa tenkja paa alt dette, daa Telestudenten sagde eg ikkje var Jurist, liksom det skulde vera eit

 

Lyte paa meg.

 

Juristarne trengst til aa passa paa, at alt gjeng for seg etter dei rette Formerne, men til aa vera landsens Fyregangsmenner duger dei ikkje.

 

Her er elles endaa langt fram, fyrr me kann fri oss heiltupp for denne Avguds-Trui paa Juristarne.

 

Kann ein tenkja seg noko løglegare, enn at Statsraad Astrup er nøydd til aa styra Departementet for de offentlege Arbeider med ein Hop Juristar?

 

Frå Fedraheimen 24.10.1885

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum