Fraa mi Seminartid.

 
(Av Reidar).
 
(Del 1 av 2.)
 
Naar ein hev voret ein Stad, so skal han alltid skriva um denne Staden. Minne fraa eit Upphald her og Erindringar fraa ei Reise der. Kvifor dei skriv, er inkje godt aa vita, ein skulde mest tru, det var for dei likad dei Plassarne so godt. Men det er inkje allstøtt for det; naar eg no vil fortelja noko um Seminaret i Kristianssand, so er det inkje fordi eg likad den Plassen so sers godt. Det er mest for aa visa Bondegutarne utyver Landet, at eit Seminar inkje alltid er slik ein framifraa gild Skule, som dei tidast trur. Difor vil eg helst skriva i Fedraheimenum eg fær Lov, avdi det er det mest kjende Blad av Ungdomen paa Landet. _ Og so kann dei høglærde Herrar, som lyt fryna stygt og leggja eit Spitord til, kvar Gong dei skal nemna Seminarist, ogso hava godt av aa sjaa korleis det gjeng til paa eit Seminar. Naar dei fær sjaa kva Slags det er, so kann det henda, dei vender si Vanvyrding mot ein annan Kant, mot dei, som hev fenget slike Innretningar istand, og som held dei vedlike, og kven det er, det veit me. Naar ein kunne skriva, som det burde skrivast, um desse Seminarskular, so fekk Folk ogso Augo upp for, at so lengje Folkeskulen fær Lærarar fraa Seminaret, er det inkje Meining med aa byrja med Umbrigde i Folkeskulen, fyrr dei fær eit anna Stell paa Seminaret. Det er som aa leggja Føda til Stylken paa ein Blom istadenfor til Roti. No kann det nok vera, at det inkje paa alle Seminar i Landet er so galet som i Kristiansand, avdi der er ein Styrar, som gjer mykje Ugagn; men skal ein døma Systemet etter Frugterne, so er det inkje rart. Me kjenner alle desse vesalle Karar, som tenkjer som Presten i det Sokn, der dei hev fenget Post, og talar som ei dansk Grammatikk. Dei hev fenget Stormanns-grillur, vil inkje lika i hop med det Folk, som dei er Lærarar til, og daa dei store inkje vil vita av dei, so blir dei korkje Fugl elder Fisk. Dei blir paa det næmaste, som dei Karikaturar Diktaranne hev lagat av dei, Men Skuldi er likso mykje Systemets, som hev fostrat dei, som deira eigi. Dei vert proppat fulle av allslags gagnlaust Tøv, som Folk inkje bryr seg det Slag um, og daa dei sjølv trur, dette er det beste som finst, so er det inkje rart, um dei misagtar Folket, som inkje bryr seg um Sandheden, og Folket lær aat dei som fer med slik Galenskap. Flestalle hev likevæl so mykje Vit, at dei inkje kjem til Folk med sin Seminarkisdom fersk og ubrigd, for daa vilde Folk verta reint fælne. Dei høvlar paa den, tek fraa det verste og gjev det heile ei meir klædeleg Form; men det er nok dei ogso, som les upp or sine Anmerkningsbøger fraa Seminaret for Skuleborn, liksom Læraranne paa Seminaret las upp or sine eigne Notater fraa Universitetet for deim. _ Men fraa denne Regel gjeldst der Undantak, og som væl er, so er det inkje faa. For Systemet verker titt paa ein annan Maate, enn det er Meiningi. Naar Bondegutarne kjem paa Seminaret, so hev dei ein Lærehug og ei Tru paa Læraranne, som er reint barnsleg. Dei trur alt dei høyrer og gøymer det som ein Skatt i si kunnskapssvoltne Sjæl. Men so kann det henda, at Læraranne let falla eit elder anna Ord, som kunne faa ein til aa tru, at dei sjølv inkje trur paa det dei talar so idugt um. Slike Ord vekkjer tvilande tankar hjaa dei gløggaste av Læregutarne, og er slike komne, so aukar dei som Eld i ei Maurtuva; dei er inkje aa faa sløkt att. Snart gjeng desse paa Skulen med den Tanken, at Læraren ikkje trur det meste av det, han segjer, at det er noko han berre vil innbilda dei styvne. Alraverst er det um slikt hender ein Religionslærar. Det er deira eigi Skuld. Dei torer inkje forlata den eingong uppdregne Vegjen, um dei vilde, og difor fær Undervisningi deira noko daudt, noko utslitet, som dei helst vilde kasta, um dei tore. Dei er so rædde for aa taka feil, dei veg Ordi sine so væl; fær dei eit Spursmaal aa svara paa, so maa dei alltid sjaa etter i sin Dogmatik elder Ethik, og aldri hev dei ei sjølvstendug Meining um religiøse Ting. Men i andre Fag kann det sleppa ut av dei kva dei i Grunnen meiner. Um der berre er einslik Lærar paa ein Skule, so riv han ned alt det dei andre byggjer upp. Og naar ein so hev ein slik Mann baade til Styrar for heile Skulen og til Lærar i tvo av Religionsfagi, so er det inkje mykje ventande av Seminaristarne fraa den Skulen, som Religionslærare i Folkeskulen. Og det er mi Meining, at Semianrstyraren i Kristianssand var slik.

Læregutarne fær paa den Maaten eit Slags Sjøvstende; ei Mistru mot nær sagt alt gamalt og nedervt som Seminarskulens Fedrar ville bedet Gud fri seg for. Men um deter galet, so er dei likevæl betre enn dei meiningslause Kryp, som Seminaret fær dana etter sitt Bilæte. Men den kristelige norske Almueskole etter Nils Hertzbergs Uppskrift er inkje væl tent med aa faa slike Sjølvstyringar til Lærarar. Kanskje naar Heuch og Hertzberg, dei tvo Vaarherre hev sett inn til aa granska Hjartur og Nyrur paa Vantru og Gudlausheit her i Landet, saag væl etter, dei daa kunne finna andre Kjeldur for vantrui enn den frilynde Politikkog Literatur. Men me veit det gamle Ord, som segjer: Sjølvgjort er vælgjort. Like so litet som vaare Bakstrævarar vil vera av med Latinskulen, like so litet vil dei missa Seminari, der Folk au fær lære noko dei inkje forstend seg det Slag paa. Vaare høgre Skulegreidur er det sterkaste Bandet Bakstrævaranne og Aandstyrannarne hev aa halda i, for der fær dei dei unge til aa tru, at Framstig og Aandsfridom er Djevelens Verk. Aa tru som Far og tenkja som Bestefar er det rette, og difor er slike Gutar meiningslause, daa dei inkje eig sine eigne Meiningar. Det gjer inkje Skulen helder; den hev laant sine Tankar mest fraa Tyskland, og i Rente krev Tysken, at Norig skal vera ein Aandsprovins av das grosse Vaterland.
 
Men no kom eg langt burt fraa Semianret i Kristianssand, umlag so langt som eg ynskte meg, daa eg var der. Men der hjelpte inkje Ynskje, eg kom inkje ut fyr Tidi var komen. Og mi Tid vart fraa Sumaren 1883 til Sumaran 1885.
 
Naar ein fatik Landsgut hev fenget laant seg ihop nokre Skillingar og skal reisa paa Seminaret, so hev han inkje Raad til aa slutta, fyrr han hev fenget si Attest, for hellest gjer han Ende paa dei Pengarne til ingen Nytte. For dersom ein inkje fekk Pengar for sin Seminarvisdom, so kunne det inkje svara seg aa skaffa seg den; for dei, som inkje tenkjer paa aa liva av Attesten sin, er det betre aa gaa paa ein Folkehøgskule. Men eg og mine Kameratar hev dessverre inkje Von til aa faa Kunnskapen vaar umsett i Pengar, endaa me var tidleg ute og fekk Attester for, at me meget godt kann brukast til Lærarar. Me fekk nemleg godt (3) for Forhold mest alle i hop, avdi me hadde skrivet ei Klage yver Seminarstyraren til Kyrkjedepartementet. Det var Brud paa Disciplinen og slik fæl Gjerning i alle Maatar, at me fekk 3 for Forhold. Det Karakter fekk dei au, som medan dei var paa Seminaret, hadde stelt for mykje med Gjentur og Flaskur. Det er vist fleire enn eg, som hev Hug til aa vita, um det Maalet, som her vart brukt til aa mæla Seminaristarnes Moral med, er justeret av Kyrkjedepartementet til aalment Bruk, elder det berre var eit, Seminarstyraren i Kristiansand brukte, daa han skulde gjeva dei, som hadde klagat yver han, Avgangsattestar. Der er no godt Høve for Dept. til aa visa Folk korleis det er, um det kongelige norske Regjeringsdepartement for Kirke- og Undervisningsvæsenet hev den Meining, at aa skriva ein Klage yver eit Menneskje og so aa vera ein Drikkar t. D. er like umoralsk. For hjelp ikkje Dept. Klagaranne av med det godt for Forhold, so maa ein tru, at det i moralske Saker er einig med Seminarstyraren i Kristiansand, som gjev Klagarar og Drikkarar og det som er enno verre, likt for Forhold.

Det kunne sjaa ut til aa vera stridt, um Klagen hadde voret reint ugrunnat. Det gjorde Dept. seg nok inkje eingong Umak med aa sjaa etter; me fekk berre Skrubb, for det me hadde gjort. Det einaste, me hadde for Bryet, var, at me fekk Underretning um, korleis me ei onnor Gong skulde fara, um me vilde skriva Klage. Me skulde i Tilfælde som nærværende først henvende os til vore nærmeste Foresatte, og avdi me inkje hadde gjort det, so forelaa her et Brud paa Disciplinen. Ja, men det hadde me gjort. Fyrst fekk Styraren mundtleg vita, kva me hadde aa anka yver, so skreiv nokre ein Forestelling til Stiftsdirektionen og sist skreiv me til Kyrkjedepartementet. Naar me først skulde gaa til vore nærmeste Foresatte, so er vel Meiningi den, at me sidst skulde gaa til vore fjerneste do. um Henvendingi til de nærmeste inkje skulde hjelpa noko. Elder kanskje det var meint so, at me baade først og sidst skulde gaa til vaare næmaste Foresatte, d. v. s. Styraren sjølv? Men det stod inkje so i Svaret. Eg kann inkje skyna anna, hell me gjekk nokso lovlegt fram, og um so var, at me hadde støytt mot ei elder annar byraakratisk Form, so kann eg endaa mindre skyna, at det var Brud paa Disciplinen paa Seminaret. Det var vel helst ein av Kopistarne i Kyrkjedepartementet me daa hadde syndat mot.

( Meir.)