[Tidender.] Fraa det kyrkjelege Landsmøtet.


Um Røysterettsreglarne vart det ikkje stor Semja.
 
I Lovutkastet fraa Komiteen stend at Røysterett skal tilhøyra: 1. alle Prestar, 2. alle Menn yver 25 Aar, som hev gjenget til Alters minst 1 Gong paa dei siste 3 Aar.
 
Allvist Prest Klavenæss, Skuleinspektør Irgens, Prest Winsnes og Bisp Laachetalad imot dette. Det vat sagt, at slike Røysterettsreglar var bygde noko paa same Grunn som den gamle Loven um, at den som ikkje gjekk i Kyrkja, skulde setjast i Gapestokken. Slike reglar vilde føra til mykje uhøvelegt. For det kunne henda, at naar vigtuge Saker var framme, kunne det verta sterk Agitasjon for aa driva Folk til Alters, som elles ikkje brydde seg um det; og slik Misbruk burde Alterbordet haldast fritt for. Kvar Manns Stelling til Nattverden maatte vera fri og ikkje bindast attaat slike Reglar. Og ein maatte helder ikkje reint skjota ut dei mange, som var flittige til aa ganga i Kyrkja, men som av ein elder annan Grunn ikkje vaagad seg fram til Alterbordet.
 
Dei andre hevdad, at det var ikkje nok til aa hava kyrkjeleg Røysterett, at ein berre var nadverdberettiget, den verkelege Bruk av Nattverden var det einaste sikre ein hadde aa halda seg til.
 
Det kom upp so mange Framlegg, at det vart umogelegt aa halda Greide paa dei, dei maatte slutta Ordskiftet og senda Saki attende til Lovkommissjonen, til at den kunne granska Spursmaalet fraa nytt av.