Bræv.

(Av O. O. Nomeland, ved G. R. ).
 
Ei Vise vi eg skrive
aa sende de, min Ven.
Aa tikj’ du noko um meg
so ska du kve’e den!
Eg tikj’ eg lyte seie
ko i mitt Hjarta bur:
De æ so støyg ei Kjærlegheit
at de vi ingjen tru.
Aa denne Kjærlegheiti
hu stend ti de, min Ven,
so de æ mest utruelgt;
eg som i Svirunn gjeng. _
Papa han me lovar
aa sei, eg maa deg faa.
Han tikj’, an æ so gaamaal,
at Hjelp an lyte faa.
Men Mamma sit aa murrar,
du æ forliti rik.
Ein anne vill hu helle
hav innaat Dotte si.
Men dette inkje nyttar:
Du æ min beste Ven.
Eg kjenner ingjen anne
meg so i Hugjen stend.
Eg lengtar ti den Dagjen,
eg lengtar ti den Ti,
daa eg kann deg faa eige
aa vere Kona di.
For Dagann fedd me lange
aa Notti fedd me drjug,
fyst eg hev deg kji jamsis,
min vene, staute Gut!
Eg sviv i Sut aa Tanka;
me Gle’en renn ifraa,
ti eg fær med deg tala
min Gut so ven aa snaal!