Korleis ein i gamle Dagar for aat med Kjættarar.

 
(Etter Hjalmar Strømer).
 
(Del 3 av 3. Fyrste delen.
 
Paa Rettarstaderne ved Madrid og Lissabonn brann det Kjættarbaal jamt og samt i fleire Aarhundrad, og Folket hadde vant seg til aa sjaa paa Røyk-Kvervlarne, liksom dei var Teikn paa den Branden, som stig upp fraa Ævelengd og til Ævelengd.
 
I Reims i Frankrike brende dei paa ein Gong 183 Kjættarar, og Erkebispen i Reims og 17 av dei Prælatarne, som stod under honom, var til Stads med stor Høgtid og gav si Vælsigning til denne Avrettingi. Daa det var so mange Kjættarar, hadde dei stengt alle desse Stakararne inne paa ein Plass, som var inngjerd med Paalar, og so hadde dei tullat Halm um dei og brent dei alle paa ein Gong, liksom ein Halmstakk. Daa dei heldt paa og gjorde Ende paa Albigensaranne, brende dei i Lavaur 400 Kjættarar paa eit einaste Baal, og Bødlarne hadde mykje Skjemt og Moro med desse Stakkaranne, medan dei brann.
 
Ordet djevelsleg er for mildt um slik Skarveferd. Dei kosad seg og vermde seg ved den Elden, som dei kastad Foreldre, Sysken og Born paa, liksom det var Veda-Tre.
 
Daa no Helvete og alle Rædslerne der hadde leikat lenge og jamt i Hugen paa Folk, so kom daa Hekse-Greida, og med Trollkjeringarne gjekk dei fram sameleis som med Kjættaranne baade med Meldingi, Rannsakingi, Domen og Avrettingi.
 
Endaa fleire vart Offer for dette, det finst ikkje Tal paa dei. Dei brende og steikte Menneskje, unge og gamle, fraa den vesle i Vogga til Gamlingen paa Sjukesengi. Dei sparde ingen, Satan trudde dei hadde faret i alle.
 
Heksedomaren Nils Remy brende, berre han aaleine, paa 15 Aar 900 Trollkjeringar, og ein annan, Spee, brende 200 paa eit einaste Aar. I Würtzburg brende dei 900 paa 3 Aar (mest ei til kvar Dag!), i Stiftet Bremberg 1200 berre paa eit Aar og i Trier 6000 berre paa eit Aar. Paa Rettarstaden i Brunsvik stod det Brandpaalar liksom kolbrende Stuvar etter ein Skogvarme. Paa Heksberget, som dei endaa kallar det, i Ångermanland rettad dei paa ein einaste Dag 72 Trollkjeringar og innan ei Vike etter 9 til. Det gjekk upp i Millionar med reint skuldlause¹) Menneskje, som dei slik pinte og drap.
 
So var det Religions-Forfylgjingarne, endaa verre enn i den fyrste kristne Tidi. For dei fyrste kristne vart ikkje forfylgde for Trui deira, men av politiske Grunnar, for Folk trudde, at dei vilde riva ned heile den gamle Samfunds-Skipnaden.
 
Men Religions-Forfylgingarne i den nyare Tidi kom av den religiøse Fanatismen, av di Folk trudde, at ei onnor Tru enn dei sjølve hadde, førde radt til Helvete, og at dei difor laut tyna ho, I Spania drap dei Jødar i Hundratusendvis, endaa dei hadde butt i Landet meir enn tusend Aar og var dei strævsamaste i heile Spania, og Maurar og Moriskar drap dei i millionvis.
 
I Nederlandi tok Karl den 5te og Filip den 2dre Livet av mest 200,000 Protestantar.
 
Bartolomæusnatti drap dei i Frankrike 75 _100,000 Hugenottar (her hev nok Strømer tekje for stort til, truleg var det berre Helvti). Dette Storverket let paven Gregorius den 13de høgtida med store Fester og Takksegjing til Herren.
 
Den store Menneskeslagtaren Ferdinand den 2dre, som minst ein Gong kvar Time bad sitt Pater noste (Fader vaar), hadde, daa han døydde, gjort Ende paa 5 Millionar Menneskje ved Religions-Krigar og Forfylgjingar. Han var Upphavsmannen til Tretiaars-Ufreden og lagde halve Tyskland i Øyde. Berre i Bøhmen gjekk Folketalet ned fraa 3 Millionar til 800.000. Av 30,000 Smaabyar stod det berre 6000 att, daa det var Slutt paa Ufreden, og av 700 større Byar berre 100.
 
Muhamedanismen var og fanatisk, og den som arbeidde og stridde trutt for den, skulde faa koma i Paradis. Men nar Muhamedanaranne hadde lagt eit Folk under seg og vonad, at dei sjølve skulde koma i Paradis for dette Storverket, so hadde dei gjort det, dei trudde dei var skyldige aa gjera, og det fall dei ikkje inn aa pina, slagta og brenna dei, som hadde ei onnor Tru. Difor fekk dei kristne hava si Tru mot aa betala ein viss Skatt. Dei kristne kunne ikkje koma i det muhamedanske Paradiset, men det fekk daa bli deira Sak.
 
Annleis for dei kristne fram. Dei øydde ut Muhamedanismen med Eld og Sverd, og slost seg imillom som ville Dyr; det galdt ikkje for dei so mykje aa føra Folk til Himelen som aa fri dei for Djevelen og Helvete. Helvete og Djevelen var det, som leikad i Hugen deira, til dess Jordi sjølv vart eit Helvete.
 
Det var fæle Tider, slike som Verdi aldri hev set fyrr, fæle Aarhundrad, der Vetet var fjetrat, Kjenslurne sundrivne, og dei gjorde Illgjerningar, slike som det hedenske Rom berre hadde set ein Skugge av.

Ja, sjøvle Nero, skal vera tollegare paa Domens Dag enn desse kristne Bødlarne, som gjorde folkerike Land til Øydemarker og heile Europa til ein einaste Rettarstad, som ingen hev høyrt Maken til.


¹) Var det ein Mann, som skumpad til ei Kjering paa Gata, og ho vart sinnad og sagde: tru du fekk ei Ulukke, og so Fyren braut Beinet i Fylla eit halvt Aar etter, so var det ho, som hadde trollat, og so vart ho livande brend. Naar dei fann ei stor padde i Kjellaren til ei Kjering, so var ho ferdig, soframt nokon vilde ho vondt.  Umsetjaren.