[Tidender.] Det som gror seint.


Det er komet paa Tale, at det gaar seinare med Maalsaki enn mange hadde tenkt, dei tenkte det var ei Sak som paa Kantormaalet lydde exspederast i ein Fart. 
Sjaa me etter, so er det ikkje so lenge sidan me tok paa aa gaa uppatter Skiftet kring det norske Folks Ære og Eigedom, det er mangt aa retta paa ein lenge vanbrukt Eigedel, og aarelange Misbruk bera ofte aarelange Merkje etter seg, det fær ein finna seg i med Maalsaki ogso.
 
Det var mange Saker, som fall meir i Augo ved fyrste Umsjaaingi og som kunne gjerast meir forstaaeleg for alle og kanskje dei hadde sitt Verde meir utanpaaliggjande. Taka me fyre oss kvar stor Sak som er framkjempad sidan 1814 og ser paa Tidi den har kravt fyrr den gjekk igjenom, er det ikkje so faae Aar. Det er Avgjerder av stort Verde for Politikken, slikt som Adelens Slutt, Herradstyri, Flagsaki, Stathaldarsaki og Statsraadarne i Stortinget, men det kann likevæl ikkje negtast anna, enn det er Umbrigde som vedkjem meir det ytre samanlikna med Maalet og Religion. Paa den Leidi kann me ikkje venta so mykje i ei Snøggvending.
 
Ein kann ikkje framstella Maalsaki som ei Sak med so og so stor Pengevinning elder Pengetap for Aaret, det blir ikkje so endefram synbert, men den verste Mein te grøda er den som inkje ter; etter desse fyrste Hardbaskingsaari med Retting paa Stats- og Samfundsbygnaden daa fyrst er det aa venta at dei vil sjaa etter aa laga Huset etter heimlege Høve og med norsk Bunad. Maal-arbeidet fell inn i ei nyttekrevjande Tid, men Kravet vart født i ei Kjensle-tid.

Kvar Tid har sitt Arbeid aa føra fram, og kvart Arbeid sine serskilde Lovar aa førast etter. Fyrst naar me er fullt ferduge med Umbrigdi i Statsliv og Kyrkjeliv er det aa venta full Bløming for Maalsaki.

Slidre 11 _11 _85.

Ein Bondegut