[Tidender.] Kongelege Kommissjonar.

 
Høgrebladi rasar no som Villmenn fordi Regjeringi hev nemnt ut so mange kongelege Kommissjonar og sett inn so faae Høgremenn. I Verdens Gang for Laurdagen no var, fær me vita kva Grunn Høgre hev til aa lasta paa Regjeringi. Daa Høgre hadde Styret, daa sat der i kongelege Kommissjonar i Aari 1871 til 1882 _ 238 Menn. Derav var 225 Høgremenn og 13 Vinstremenn _ 17 Høgre for kvar Vinstre. _ 
Den nye Regjering hev nemnt ut 11 Kommissjonar med 73 Menn. Derav 44 Vinstre og 29 Høgre _ 1 ½ Vinstre for kvar Høgre.
Høgre meiner nok det, at Folk hev gløymt dette, og so tenkjer dei aa faa Tak paa Regjeringi med sine Lygjesvæur. Men Lygni tek sume Tiders Bakslag.
 
Verdens Gang er noko strid med Regjeringi. Bladet vil inkje vita noko av slike Kommissjonar, daa dei er dyre og der vert lite av dei Framlegg, dei kjem med. Difor vil Bladet, at Regjeringi ikkje skal taka seg so mykje fyre med eingong, men lata Sakerne drygjast med til dess, Statsraaderne sjølve kunne faa Tilføre til aa gjera Framlegg, elder lata sine Departementsfolk gjera det, elder ogso leiga berre ein einstaka Mann til det. Stortingsmenner burde daa negta aa ganga inn i Kommissjonar.

Paa dette Vis er det vandt aa vera Regjering. Ho vert hakkad paa fraa alle Kantar. 
Folket krev Framgang og Rettebøter i heile vaart Styr og Stell; det vil døyva ned det gamle Embættsstyre og faa folkelege Grunn-Tankar inn paa alle Leider. Stortinget driv paa med denne Folketanken. So maa daa Regjeringi velja seg nokre menn til aa gruna ut den beste Maaten aa setja Sakerne i Gang paa.

Med den gamle Regjeringi styrde, var det so, at det lite vart av det Arbeid, Kommissjonarne gjorde. Men baade den Regjeringi og dei Menn ho bladde ut, stod beint imot Stortingets Meining. Dei heldt paa den gamle militariske Ordning av Samfundet. Høge og laage, Herrar og Tenarar. Storkararne skulde raada, Bønderne lyda. Denne Grunntanken var liksom innvoven i alle dei Framlegg, som kom, og daa laut Stortinget som tidaste kasta fraa seg det Heile.

No er det annleis. Stortinget veit, at dei Saker, som det bed Regjeringi aa greida ut, dei kjem no fram i fullt Samhøve med Folkets djupe Livssyn, og difor krevst der no mykje Arbeid, helst daa me no lenge hev legje som i 
Daudvatnet.
 
Det kann daa inkje vonast, at Statsraadarne sjølve skal kunna rekkja aa gjera Arbeidet, og helder inkje kann dei vita um kvar einaste Ting, som no maa greidast ut. Dei hev mykje aa gjera med aa tøyma Embættsverket og hellest med aa gjeva Landsstyringi den rette Daamen elder aa leggja det nasjonale Hugdraget inn i all Framgang. Ja, svarast der, men so kann dei bruka sine Departementsmenn til Arbeidet. Aa nei, det vil nok inkje ganga. 
Mengden av dei er innsette av den fyrre Regjeringi, og deira Livssyn er so lagat, at um dei vilde nok so gjerne, so magtar dei inkje aa leggja Bondens og Arbeidarens Kjenslur inn i Lovverket.
 
Og i det Heile, soleis som Universitetsdaningi no er, so er det inkje mogelegt aa setja berre studerad Folk til aa fremja Lovarbeid paa Fyrehaand. Slike Menn lyt vera med, det er sant, men so maa der og koma med Folk, som paa eigi Haand hev kavat seg fram i Livets Straum, menn som fraa sin tidlegste Barndom hev slitet seg fram til Kunnskap og klaar Tanke, Menn som hev prøvat kva det krev aa finna den rette Livsleid, utan aa vera hjelpte og styrde av Leigesveinar.

Slike Menn er det vandt aa finna i Departements-kontori.

Skal me faa eit folkelegt lovverk, som kann vera liksom ei Avprenting av Folkets djupe Rettsdøme, so maa Regjeringi taka med 
seg Menn fraa alle Kantar av Landet og med Kjensle for den store strævande Folkemengdes Vilkor.

Det kan nok vera so, at Regjeringi inkje alltid i sitt Val hev raamat dei beste Menn; det kann det vera mange Meiningar um, men so galet, som Morgenbladetog andre Høgreblad vil gjera det til, erdet inkje. Etter deira Skrøytur er det berre nokre faae Høgremenn som duger noko. Dersom Morgenbladetfekk det i si Magt aa nemna ut Kommissjonar, so skulde me faa sjaa: Bondehatarar og Norskdomshatarar.

Ein Ting kann vera aa tenkja paa, og det er, um det kann trengjast so mange Menn til Utgreiding av kvar Sak. I store Saker trengst det nok, men mindre Saker, som inkje grip djupt inn i Folkets Liv, kunne visst greidast ut av ein elder tvo Menn.