[Tidender.] Turtermordet.

 
Henrik Janson laut standa til endleg, at det var han, som hadde drepet Skreddar Kristensen. Det Vitni kom fram med, tok han so sterkt, at han bad um aa faa vera aaleine med Forhøyrsdomaren. Daa stod han til, og bad um Papir og Pen, so vilde han skriva upp, korleis alt hadde gjenget til.
 
Maandagsmorgonen ruslad han uppgjenom Maridalsvegjen paa baae Voner. So kom han ilag med ein Mann og ei Kjering, som han fekk høyra um Anders Kristensen av. Han gjekk inn paa Turter og spurde etter Arbeid. Kl. var daa millom 2 og 3. Janson gjekk inn i Kjøkenet og var alt paa Dørstokken til det inre Romet; der saag han ein stor gild amerikansk 
Kuffert, og det stakk han straks, at der maatte det visst vera mykje Pengar; um han kunne koma der, naar Kristensen var ute um Kvelden og aat, foor det gjenom han. Dei tvo Folki hadde fortalt honom, at Kristensen plagde vera ute daa.

Daa han kom ut av Kjøkenet, raakad han Kristensen, som kom fraa Stolpebudi og dei talad um Arbeide, som Janson ikkje vilde taka paa seg, daa han ikkje kunne faa Kost paa Garden.

Sidan gjekk han upp paa Vegjen att til dei som han hadde Fylgje med og fekk vita meir um Kristensen. Han heldt Lag med dei eit Stykkje uppetter, men so snudde han og foor skogleides, var so inn paa ein Gard og kaupte seg Mjølk, men tok sidan til Skogs att. Han gjekk der og sveiv, alt til det vart myrkt. Daa tok han beinast burtyver alle Jorde til Turter. Han sette fraa seg Dragspilet og Haandkufferten ved Stolpebudi og sveiv ikring der paa Garden eit Bil. Der ser han Kristensen sit og fær seg Kveldsmat. So tek han ein Kavle or ei Vogn og stelte seg med den utanfor Kjøkendøri. Daa Kristensen kom ut, gav han honom eit Slag i Hovudet og straks etter tvo Slag igjen. Kristensen skreik og seig ned ved tridje Slaget; men han kviknad til att, daa fekk han tvo Slag til og vart roleg. Janson bar han daa inn i Kjøkenet.
 
Sidan fann han seg Hamar og Tong og braut upp den store Kufferten. Der fann han nokre Gullsaker. Den andre Kufferten braut han ogso upp. Her trudde han, at han skulde finna so mange Pengar, at han kunne sleppa til 
Amerika. Men han fann berre 45 Kr. Sidan gjekk han ut og tok Tølurne sine og for nedetter Vegen, men vildrad seg burt, so han vart svivande i Skogen heile Notti. Heile Tysdagen foor han og sveiv, var berre inn ein Stad og kaupte seg Mjølk. Um Kvelden ruslad han til 
Kristiania, og raakad tri Fabrikkgjentur paa Vegen, dei spanderad han Brus paa. Onsdags morgonen gjekk han til Bryn Stasjon og tok sidan med Trænet til Eidsvoll og vidare uppigjenom. Fraa Elverom svingad han austgjenom til Sverik.
 
Samvitet nogg han heile Tidi. Paa Mjøsdampbaaten totte han, at alle saag paa seg, og kjende seg so ottesam, at han kastad all Gullstasen i Vatnet.