Ein Selle.

 
(Del 5 av 10. Fyrste delen.)
 
(Framhald).
 
 
Eg var hugsprengd.
 
Kva hadde eg her aa gjera?
 
Ikkje anna enn aa ganga heim og draga Felden yver Hovudet.

Det gjorde eg ogso. Var ute berre um Notti, laag med Felden yver Hovudet all 
Dagen.
 
Kva var det daa i all Verdi, som hadde stunget meg, sidan eg hadde foket upp i denne Avdalen, der ikkje eit Menneskje kunne skyna meg?
 
Det var slett ikkje vænt her. Stoga var daa visst ikkje væn; ho var ikkje koseleg allvist, eg laag og saag paa, at det var dottet ut Leir av Skorsteinen, so det var reint svart sume Stader. Hu so stuslegt og einsamt daa. 
Dette store Romet, eg laag som ein einsleg Krok i; det var ein heil Mars, totte eg, fraa den eine Veggen til den andre.
 
At eg hadde tott saa gildt um meg her, det kunne eg aldri forstaa. Det var stygt som i ein Trollebott, syntest eg no. Det var ikkje Gjerd anten paa Folk elder Fe, og ulaglegare Skap paa Bygd og paa Nutar og Fjell var daa visst ikkje aa finna i heile Verdi.
 
Granatin med Solglans o. s. b. kringum seg var det naturlegvis ikkje noko aa sjaa av. Hu nei; alt var umogelegt; var det eikvar Stundi eg sveiv uppe, so var eg ikkje sein med aa stinga Hovudet under Felden att; det var det einaste som gjekk an.

Stundom kom det paa meg heiltupp ein Hug til aa lægja, eg totte mest det vart halvt løgje dette, men det sat som ein Tapp for Bringa, og kjøvde kvar ein Smil upp i tunge Sukkar. Jau ein Gong kom det yver meg so kvast, at eg laut storskratta, men baketter gret eg.
 
Eg kjende meg so grenselaus usæl. Det var so tungt for Bringa, at eg kunne mest ikkje anda. Og tenkja, det hadde eg ikkje kunnat paa lenge. Eg tottest ingen Ting meir aa hava aa liva etter: Det stod berre tvo Ting til aa gjera, anten stupa seg i gule Fossen, svala mi heite Bringe i dei iskalde grøne Bylgjur og gøyma mitt Namn paa Sjøens myrkblanke Bott _ elder so skriva Vers. Eg fann som Voni var, at det siste var makelegare, for eg minnest at eg hengde for alle Glas, kveikte Ljos og skreiv baade Dag og Natt. Læsa att Døri, kann ein vita eg gjorde, for det hende, at det kom Folk inn til meg, sette seg til aa røda _ det var det ulidelegaste eg visste. Make til Styvingar totte eg aldri, eg hadde set.
 
Versi vart ikkje rare, det var for mykje Uro i meg, til at det kunne verta fellelegt med sovore. Men Lufti i Stoga var baade gul og grøn, for eg gjekk meste att og fram i Stormgang paa Golvet og røykte Augustinussens Rulltobak.

Vil du høyra?

Eg tok fyrst til aa undrast paa, korlangt ein maatte fara, fyrr ein kom dit som Folk hatad og aldri elskad.
 
Og kor lenge ein maatte vera i Moldi, fyrr Augo vart utgretne, fyrr det ikkje fanst Sukkar meir i Bringa?
 
Mi Sjæl vart sljo som eit Sverd, som ikkje vert brukat; og ho var daa likevæl sett med det blanke Staal. Eg toler det ikkje, eg liver ikkje, eg døyr ikkje.
 
Eggje meg upp, samle Dykk umkring meg, prøve aa lokka Hatet fram; det vøre ei Lise for mi Sjæl. Aa um hatet kunne kveikja upp mi Sjæl med sin friske Brand!
 
Mitt Hjarta var fullt av Kjærleik; det fløymer yver. Kvifor rømer De undan, kvifor stengjer De min Munn?
 
Det var Vatn i deira Aarer, deira Bringe er full av Luft, deira Hjarta er lagat av Stein, innvortes er det fullt av Vatn, utanpaa er det klædt med Ull.
 
Mitt Hjarta var lagat av Vaks, smeltande for Soli. Men dei renner Is i mitt Blod, dei frøyser mine Taarer, mine Smil gjer dei til sylkvasse Piler.
 
Det var eit Myrkr kringum meg som Daudmyrkret. Er det daa ingen av Heimsens Millionar, som kunne elska meg elder hata meg?
 
Var her ingen so fortapt, so fordømd, so stor ein Syndar, so nedsøkt i Armodsdom, i Synd i Vesold, at han vilde bry seg um meg, _ naar eg gav han alt som eg aatte, naar eg øydde paa han alle mine Smil og mine 
Taarer, naar eg kveikte hans Hjarta med mine Hjartans Ord.
 
Eg saag utyver Dalar, graae Skyer kvervler seg Lag paa Lag, Flo paa Flo. Det er deira Himmel. Aa um eg saag Eld stiga upp med blodraude hender.

Eg stod som paa eit høgt Fjell, nedanunder meg er Skodd og Heimsens Daarskap, rundt til alle Sidur er Himmelens straalande Blaa o. s. v., o. s. v.

( Meir.)