Fraa Fjellbygdi.


Eg gjekk ein morgon tidleg uppetter nokre bratte Lider. Soli skein og Fuglarne song. Dei haage Heidar stakk sine runde Skoltar upp i Skyerne og Fjellet foor endebratt ned i Dalen. 
Der laag Fjorden, glitrande blank og rundtikring var grøne Vollar med Aakrar so gule som Blomen. Skogen krabbad myrk og aalvorsam upp Liderne.
 
Folk strævad med Skuren so Sveiten silad av dei og Smaaborni sprang ikring og bles i Aakrepipur.
 
Eg sette meg paa ein Stein og song:

Gjeve det, at Allting maa
gaa godt i denne Bygd,
at baade Store og dei Smaa
fær liva her i Trygd.

Sign og Slit og Slæp og ærlegt Verk,
gjev Folket Magt og Mot,
lat Tanken med sin Livsens Nerk¹)
gro upp av rette Rot.

Lat Kjærleiks Magt her breidast ut
so sterk som Vaarens Flaum,
so all vaar Tregje og vaar Sut
flyt burt i Taareflaum.
 
Olav.


¹) D. e. Kraft, Sprett.