Hermanns-Mynstring.

 
I vaart Hervæsen er det mykje, som kann rettast paa, baade i det store og i det smaa. 
Regjering og Storting lyt no taka paa for Aalvor og endevende heile Stellet, so me kann faa folkelege Offiserar og dugande Hersveinar. Den gamle militære Tanken um at Offiseren kann fara med ein Soldat elder Hersvein som han vil, den Tanken lyt drepast ned. Naar Hersveinen stend i Tenesti, so skal han lyda Offiserarne og inkje fara med noko Vas, men naar han inkje stend lenger under Kommando, so skal inkje Offiseren hava eit Ord aa segja. No er det so, at um ein Bondegut elder kven det er, som er Hersvein, kjem køyrande etter ein Veg med tungt Lass, so han maa slita og draga med i Bakken, for aa hjelpa paa Hesten, _ so lyt han standsa og retta seg upp og taka av seg Hatten, dersom han møter ein Offiser. Gjer han ikkje det, so kann Offiseren setja honom i Straff.
 
Slikt maa skaffast av; det gjer inkje godt, men vondt gjer det.

Men det lyt vera som det vil med dette; det kostar daa inkje Pening. Verre er det med desse Mynstringar, dei hev funnet paa med. 
Kvar ein, som stend i Hertenesti lyt møta fram til den Sta d i Tinglaget; som vert fastsett, for aa syna seg fram for ein Offiser elder Underoffiser. So vid t eg veit, skal det gjerast minst tvo Vendur kvart Aar. Dette spiller Tid. Der kjem ei Liste fraa Offiseren yver dei, som skal møta. Den skal sendast fraa Mann til Mann, og dei skal skriva paa kva Tid dei fekk Listi og naar dei sende henne fraa seg att. Naar so Dagen kjem, maa dei møta fram. Offiseren spør daa kvar dei bur; det svarar dei paa, og so kann dei reisa heim att. Folk maa daa ganga mange Mil og ussa burt fleire Dagar plent til ingen Nytte. I Sumar hadde ein Offiser sett eit sovoret Møte i ei Fjellbygd Midtsumars Bil. Dei unge Menn, som laut møta, var daa paa Heidarne i Slaatten. Dei maatte daa heim og deretter ganga lang Veg til Møtestaden; sume hadde yver fem Mil.
 
Kva skal ein segja um slikt? Det ser ut som det er gjort for aa plaga Folk. Me lyt faa Greide paa Hersveinarne, segjer væl Offiserarne, so dei inkje stryk kvar sin Veg. Det kann gjerast paa ein annan Maate. Lat Listurne ganga rundt, som dei no gjerer, og lat kvar Mann skriva paa kvar han bur. So kann det sendast til Underoffiseren. Det gjer same Gagnet.

Kvar Bygd i Landet burde senda ei Uppmaning til Johan Sverdrup um aa retta paa dette.

Desse Mynstringar maa plent skaffast av. Folk ser grant og veit væl, at det er noko, som inkje er naudturvelegt. Mange trur, at det er noko Offiserarne hev fenget stelt til, for aa syna, at dei hev Magt og Vald over Folk. Naar dei tenkjer med aa styrka Discipli-nen, so tenkjer dei ravgalet.
 
Sjaa no til du Johan Sverdrup aa faa retta paa dette so fort som mogelegt.

S.