Rektor Steen.

 
Det er vandt aa finna nokon Mann i Norigs land, som Høgre hatar so mykje som Rektor Steen. Dei skuldar han for det styggaste, som til er, og væl so det. Ser me etter i Høgreblad, so kann me vera visse paa aa treffa paa noko vondt um Steen. Dei maalar han av svartare enn alt svart og aukar paa med Usanning kvar dag. Dei krullar og krøkjer seg ihop som Erteris og tutar ut si Illske og sitt vonde Hjartelag paa den styggaste Maaten. Det er fælt so mange Lygjesvæur Folk kann dikta seg upp, og so ropad dei: 
me vil verja Kristendomen. Det skulde vera ein Konge eingong, som hadde fangat ein Mann, han var sinnad paa. So sette han honom inn i eit Bur av Jarnstenger, paalag som eit Egg. Det tepte nedetter, so Mannen inkje kunne anten standa elder sitja elder liggja. 
Det Buret hengde han upp under Taket i ein stor Sal i Slottet sitt, og gav Mannen somykje Mat, at det var sovidt Livet hekk i honom. Der pintest han Dag ut og Dag inn. Kongen gjorde Gjestebod i Salen og han og alle Slikkaranne og Sleikjaranne sat daa kring Bordet og bræste og aat feit god Mat og drakk Vin, og so glaapte dei av og til upp til den Stakkaren, som hekk uppi Rotet og leid vondt, og so frydad dei seg yver at han pintest.
 
Det er visst mange Høgremenn som vilde fara likeeins med Rektor Steen, um dei fekk Raad til det. Aa korleis dei skulde lika seg daa. Dei kom til aa sitja kring Bordet og eta og magga seg, og imillom skriva vonde Stykkje i Bok og Blad. Dei kom til aa læ, so Munnen rakk aat Øyro og stinga fram Ne
drekjeften, so han vart som ein Benk. Men dei rekk aldri det. Folket raader i landet.
 
Folket veit aa verja den, som vil væl.
 
Rektor Steen er ein av dei gjævaste Menn, Landet eig. Han vil Framgang i alt godt; han vil at Rett og Sanning skal vinna i alt. Det Vitnemaal vil han faa av Folket baade med han liver og etter at han er faren burt. Minnet um honom vil standa fraa Ættled til 
Ættled i lange Tider. Difor vyrder han litet all det Avaat, som fyk ikring honom, alle dei Ormar og Ødlur, som krullar seg ikring honom for aa gjeva honom Banebit med sine eitrfulle Tenner.

Jamt hev det voret mange, som hev hatat dei Menn, som hev døyvt ned paa Storkarmagti og viljat gjeva Smaafolket sin Rett. 
Korleis var det med Henrik Wergeland?