Rispur.

 
Dei vil verta narrad. Ein høg Offiser her i Kristiania, kjend for aa vera fælande styven, kom inn til ein Klædehandlar og ville sjaa paa Uniformsklæde.

Ein Krambudgut tok ned mangeslag Stykkje, men Officeren likad kje noko av dei.
 
Dei er alt for billige, sagde han. Det Slaget er det finaste me hev, sagde Guten, og det dyraste og.

Eg kauper aldri Klæde til den Prisen, eg fær sjaa meg etter annan Stad, sagde Offiseren.
 
Men det kann henda eg kunne hjelpe likevæl, sagde Kaupmannen, han hadde høyrt paa dette og kom fram bukkande, eg høyrer De skal ha regtig fint Klæde. Uppe paa Lageret hev eg eit Slag liggjande, men det syner eg aldri fram utan det endeleg er nokon, som einskilt bed um noko so dyrt.

Smith, lagde han til, gakk upp og hent ned det Stykkje, som ligg øvst paa Hylla attanfor Døri.
 
Klædet vart hentat ned. Kva kostar det? spurde Offiseren.
 
Dette er plent ei halv Gong til so dyrt som det dyraste, De saag sist, sagde Kaupmannen, so nemnde han Prisen.
 
Godt, det vil eg ha, sagde Offiseren, der skal koma Bod etter det fraa Skreddaren min. Daa han hadde gjenget sagde Krambudsveinen forundrad:
 
Men baae Stykki var av same Slaget, koss gjekk dette til?

Det veit eg væl, sagde Kaupmannen, men det Du ikkje veit, kjære Smith, men maalæra, er den forgylde Regelen: Verdi vil narrast.

Ein Irlendar vilde eingong prøva ei gamal Byrse paa ein liten Fugl. Han skaut. Men paa same Tid som Fuglen fauk kvitrande yver til eit anna Tre like heil, fann Irlendaren seg 
liggjande raklang i Graset. Daa han hadde komet seg sopass etter Støyten, at han kunne risa upp att, knytte han Neven uppimot Fuglen og ropad: Din Rakkarfugl, hadde du voret i denne Enden paa Byrsa, so hadde du visst ikkje kvitra meir!

 
Eg kom inn til ein Mann langt upp i 
Dalen. Paa Bordet laag eit Blad, som kjem sendande med Posten og kostar ingen Ting.
 
Korleis likar du dette Bladet?
 
Det likar eg vaakje; det er som Slangjen i Paradiset.
 
Kvi daa?
 
Jau, Slangjen i Paradiset laug og stadfestad med Bibelen. Dette Bladet lyg og, og stadfestar med Bibelen.

x.


Eit Barn las i Leseboki, der stod um ein Offiser.

Kva er ein Offiser for noko? spurde Presten.

Det er ein Mann.
Kva Slags Mann?
Ein, som ofsar seg upp.

Kva meiner du med det?
Ein, som lagar seg gildare og betre, enn han er.