Tidender.

 
Kristiania, den 1ste Decbr.

No gjeld det paa for Vinstre aa vara seg væl, so inkje Høgre fær bløygja seg inn. Høgre er sløgt det, men held Vinstre godt i hop, so er Høgre magtlaust. Vinstre maa daa standa so stødugt som eit Berg, og gjeva Regjeringi den Stytta, som ho treng um, for aa kunna styra Landet paa ein folkeleg Maate og faa retta det, som rangt er. Mange segjer det, at no hev Vinstre so stor Yvermagt baade i Tinget og utyver Landet, no er der ingen Faare um der inkje allstødt er Samhald. Og so ser me, at Vinstrebladi fer til aa vil draga til kvar sin Kant. Der hev me det. Høgre er brennhugad etter, at Vinstre skal kløyva se gi tvo Flokkar i Stortinget. So vert Regjeringi nøydde til aa liksom halda seg hardare til den eine av desse Vinstreflokkarne, enn til den andre. Høgre slær seg daa ihop med den Flokken, som inkje er i godt Samhøve med Regjeringi.
 
Høgre talar so søtt som Sukker um, at dei inkje vil det Sverdrupske Ministerium noko vondt, so lengje det inkje galet gjer. Men det vil me inkje tru noko paa. Hadde Høgre Magti, som dei hev Motet, so sat inkje Ministeriet ein Dag lenger, og daa vil dei segja, at det hadde inkje gjort anna, enn det, som galet var. Der sit no ein Bonde i Regjeringi; det er inkje godt for gamall Embættsadel aa tola det. Noko av det verste, som kunne henda Landet no, var aa faa ei Høgre-Regjering. Daa kom Veto- og Kanon-Politikken i Bløming att. Sjaa i Danmark.

Men me hev den visse Von, at Storting og Regjering vil styra so godt og klokt, at det inkje skjer. Samhald maa der til.


Vali. No hev dei valt Valmenn i Byarne Sarpsborg, Holmestrand og Larvik. Høgre vann paa alle tri Stader. Fyrre Gongi var det Vinstre i Larvik. Arctander var daa Tingmann. 
Folk spaar, at i Larvik kjem dei til aa velja Prest Balchen, i Sarpsborg Prest Arnesen og i Holmestrand ein av April-Statsraadarne _ Dahl elder Schweigaard.
 
Vali er no tilende. Høgre fær 31 Menn, 1 mindre enn fyrr, Vinstre hev 83.
 
30 av dei valde hev inkje fyrr voret paa Tinget.
 
Jaabæk er den eldste; han er fødd 1814 og hev jamt voret paa Tinget sidan 1845.
 
Den yngste er Sakførar Maursund. Han er fødd 1853.

 
England. No held dei paa aa velja Menn til Stortinget elder Parlamentet i England. Der er Høgre og Vinstre der, som her, men Høgre der er av eit mildare Slag. Alle der er samde um aa lyda Folkestyret. I Irland vil dei hava eit Styre for seg sjølve, so der vel dei med den Tanken.

Kven som vinn er uvisst. Der er no valt: 86 Vinstre og 86 Høgre og 5 irske Sjølvstyringar. I alt skal der veljast 670. Kjem Vinstre og Høgre til aa standa nokosonær jamt, daa vil Irlendingarne faa ei stor Magt, so det inkje er utrulegt at dei kann vinna meir Sjølvstyre for Irland. Det kjem an paa koss dei steller seg.


Ein Rømling . Det var nokre Sjøfolk, som rømde fraa ein Kaptein, som laag med Skipet sitt i Antwerpen. Dette var leidt, han trengde alle sine Folk, og det var ingen aa faa igjen; daa fann han paa Raad; reiste med Skipet sitt ut nokre Mil, og strauk so inn til Antwerpen att, han aaleine, rakad av seg Skjegget, tok paa seg Matrosklæde, so han vart heiltupp ukjenneleg. So gjekk han kringum i Gaturne og skapad seg, som um han var full, gjekk og ranglad upp og ned i dei Gaturne, der Sjømennerne plagde halda til; jau endeleg raakad han paa 3 av Gastarne sine, dei sat paa ein Restaurasjon og hadde det fælt grumt.
 
Dei viste, at Skipet var reist og kunne umogeleg kjenna att Kapteinen sin. Han fekk fat i eit Par Politimenn, som sette fast Rømlingarne til stor Sut for Husverten deira, som laut gjeva fraa seg Sakerna deira for 25 Frks, etter at han hadde Rekning paa dei for 116 Franks for Livemaate i 5 Dagar.


Mordfreistnad. Den sekstande i denne Maanaden var der ein i Møllerup paa Mørs i Danmark, som prøva drepa seg. Og det for at han inkje kunne faa den han vilde hava. Ein som heiter Thomas Nilson fraa Øsløs i Hanherad tente i Sumar i hop med ei Gjente, Dorthe Marie Andersen fraa Tødso. Han hekk etter henne kor ho for, men ho viste han støtt ifraa seg.
 
Endeleg vart ho keid av detta Gnaalet og so sagde ho fraa seg Tenesta. Ein Bror hennar kom for aa henta henne heim til Tødsø.
 
Daa dei var komne paa Vegen, kjem Thomas etter springande og held paa beda og spyrja, men ho gav han same Svaret.
 
Daa tok han upp ein Revolver og skaut paa henne og tok so til flogs. Kula gjekk inn i det vinstre Skulderblad. Gjenta seig blødande til Jordi, og Broren laut hjelpa henne til Sjukhuset i Nykjøping. Sidan hev Guten prøvat paa aa faa Livet av seg sjølv. Fyrst skaut han seg ei Kule for bringa, so drakk han Karbolsyre og seist paa sprang han ned i ein Brunn og vilde drukne seg, men han fekk aldri Livet av seg. No ligg han paa Sjukhuset og er fælt ille. Men endaa Gjenta hev ei Kule i den eine Lunga, er ho toleleg bra.