Um Arbeid.

 
Folk her i Landet hev komet inn paa ein Avveg med det, at det simple Arbeide inkje er so væl vyrdt, som det skulde vera. Skal Gutar elder Gjentur vera væl danat, so maa dei draga seg burt fraa det lekamlege Arbeid. Dei maa ikkje fara med aa brjota Stein, grava i Moldi, stella i Fjoset elder noko sovoret, som kann skrubba upp det fine Skinnet paa Henderne. Korleis vil det ganga ei Dame, naar ho var i Selskap hjaa ein Embættsmann elder Storhandlar og talad um, at ho hadde stullat Buskap, klypt Sauder, skurat Tilet elder sovore? Ho vilde møta nokre vrange Augnekast, so det skok og skar i henne, og so vilde det hagla yver henne med kvasse Spottord fraa dei fine Gutarne. Slikt skal tyda paa Daning og fin Livemaate, Det er den skire Raaskap. Det er so du kann harma deg bleik yver slik Stakkarsdom. Men no fer det til aa taka av. Den politiske Uppvekking hev ført med seg, at Bønderne hev fenget meir Vyrdnad for sitt eiget Liv og sitt eiget Stell, og inkje berre emnar etter Storkarar. Skulemeistaranne paa Landet er plent umsnudde.

Fyrr gjekk dei og sveiv og dreiv um Sumaren, naar Skulen var sluttad, og torde mest inkje taka sine Hender i nokon Ting, men no slit dei og strævar som andre Bønder. Dei unge Gutar, som no hev voret paa Seminaret elder Folkehøgskulen, dei tek seg som tidast Arbeid som Slaattekarar og Timmerhoggarar og er som andre Arbeidskarar. So skal det vera. Me maa driva desse Tankarne fram, so Storkaksar og Embættsmenn kann faa full Kjensle av, at det er Spott og Skam aa laga seg so fin, at Arbeidet vert vanvyrdt. Korleis er det med dei unge prestlærde Menn, dei theologiske 
Kandidatar? Gange no inkje lenger med Hanskar paa Hender Midtsumars Tid, men tak fatt i hardt Arbeid. Slaa Høy, grav Veiter, brjot Stein. So kann de samstundes læra Folk upp i god Kunnskap, og so lærer de sjølve aa faa eit folkelegt Livssyn! Bønderne og Arbeidaranne maa vera dei rette Læremeistarar for Folks Framgang i dette. Dei maa krevja Vyrdnad for alt Arbeid, og den Embættsmann, som held seg sjølv og Borni sine for gode til noko Slags ærlegt Arbeid, han skal faa høyra beint fram, at han inkje er ein danat Mann. Ein Prest sagde eingong: Det kan naturligvis ikke falde mig ind at sidde og spise sammen med min Tjenestegut; jeg vilde derved tabe min Myndighed som Husbonde. Der kjem Grunntanken fram. Folket skal haldast nede.

Me lyt stræva med aa faa jamna ut den Standsskilnad, som no er. Den er nok inkje so stor her, som i mange andre Land, men den gjer Skade som den er. Til meir me fær det so, at alt Arbeid er vyrdt, til meir lukkelegt og hugnadsamt vert det i Landet.