Undervisning i Landsmaal ved Seminaret i Asker.

 
Kand. teol. Ivar Mortenson sende eit sovore Brev til Kyrkjedepartementet:
 
Um det er noko til Hinder for, at eg kann gjeva Undervisning i norskt Folkemaal til Elevar ved Asker Seminar.

Det kom Spurlag til meg fraa nokre Gutar ved Seminaret i Asker um det kunne laga seg so, at eg kunne gjeva dei Undervisning i Landsmaal.

Eg sende Brev til Formannen for Samta-lelaget ved Seminaret og baud meg til aa reisa dit og undervisa ein Gong i Vika.

Som Svar paa dette fekk eg eit Brev fraa Seminarstyrar N. Aars; han hev Betænkeligheder ved aa tillata Undervisning, og skyt til Departementet aa avgjera Saki.

Etter som eg hev røynt det ved andre Maalkurser, eg hev haldet, meiner eg, at det maatte trengjast minst 20 Timar, um det skulde verta noko Gagn av Undervisningi.

Eg var meint paa aa taka Undervisningi so, at ho skulde verta til so lite Mein som mogeleg for Skulegjerningi elles aat Seminarelevarne. Eg vilde gjera mitt til, at dette helder kunne verta som ei Kveikjing for dei enn noko heftelegt og mødesamt Arbeid.
 
Paa fremste plass vilde eg stella Lesning av dei beste Forfattarar, og so litt um Senn gjera ymse lettfattelege Utgreidingar um litterære, stilistiske og grammatikalske Emne. Med Grunn i Normalmaalet vilde nemna dei væsentlege Sermerkje ved Folkemaalet, ganga igjenom dei vigtugaste Ordformer og visa, korleis dei ymse Bygdemaal greiner seg ut.


Fra Den kongel. Norske Regjerings Kirke- og Undervisnings-Departement.

I Anledning af Deres Forespørgsel i Skrivelse af 19de d. M. meddeles, at man ikke vil modsætte sig, at en Undervisning som den paatænkte, gives under Forudsætning af, at den meddeles i Form af Foredrag og Læse-øvelse og uden at medføre for Deltagerne nogetsomhelst Arbeide udenfor den Tid, hvori Øvelserne holdes, at Undervisningen ikke gives oftere end 1 Gang ugentlig, hver Gang i en eller halvanden Time, at disse Foredrag og Øvelser kan træde istedetfor eller indgaa i det ved Seminariet bestaaende Samtalelags Sammenkomster, og at Seminarbestyreren afbryder Undervisningen enten for alle eller nogle af Deltagerne, hvis han har Grund til at tro, at det i nogle Henseender blive til Men for dem eller deres øvrige Arbeide for Seminariet.

Kristiania 21de November.

Sverdrup.
 
D. F. Knudsen.
 
 
Vedkomande tok ved desse Vilkaar; og Undervisningi hev byrjat. Dei fleste av Læregutarne ved Seminaret er med.