[Tidender.] Stortingsmennerne.


Av denne Tallista her vil ein sjaa, at til Stortingsmenn iaar er det

Samanlikning millom Stortingsvali i dei seinare Aari .

Dei som
ikke hev voret paa Storting. fyrr.
Dei, som h. v. paa Storting. som Varamann.
Dei, som
h. v. valt til Tingmen fyrr.
Tils.
Atteval
1885
1882
1879 1)
1876 3)
29
37
40
36
6
6
6
0
79
72
68
75
114
114
114
111
71
71
59
58


Kor mange, som fyrr hev voret valt.
1 Gg. 2 Gg. 3.Gg. 4 Gg. 5 Gg. Fl. enn
5 Gg.
Tils.
29
29 2)
25
19
22
13
10
15
10
7
11
11
5
8
6
12
3
4
6
8
10
11
10
10
79
72
68
75

Alder.

Mill.
30 _40
Aar.
Mill.
40 _50
Aar.
Mill
50 _60
Aar.
Mill.
60 _70
Aar.
Over
70 Aar.
Mill.-
Alder for kvar.
Tils.
1885
1882
1879
1876
22
20
16
11
45
43
46
48
33
36
38
36
13
15
14
14
1
0
0
2
48,36
47,85
49,09
49,05
114
114
114
111
Stelling .
Bønder.
Embættsm, Sakf. o.s.b.
Kjøpmenner, Skipsr, Fabrikeig. o.s.b.
Kyrkjes. &
Skulelærarar
Lens-
menner o. a. Bestillings-
mænd
Haand-
verkarar og Arbeid-
arar
Folk i
Andre
Stell-
ingar.
Tils.
33
32
35
37
39
38
35
34
10
15
14
17
15
12
10
9
8
11
14
13
3
1
2
0
6
5
4
1
114
114
114
111

valt 39 Embættsmenn, Sakførarar o. l., 33 Bønder, 15 Kyrkjesongarar o. l., 10 Kjøpmenner,
Skipsreidarar, Fabrikeigarar o. l., 8 Lensmenner, 3 Haandverkarar og Arbeidarar og 6 i andre Stellingar. Embætsmennerne og dei lærde hev aldri voret so mannsterke som no. Bønderne hev voret sterkare, i 1876 var det soleis 37 Bønder paa Tinget.
 
Det som dei hev gjenget fram etter iaar hev voret det same, som dei hev haldet seg etter i dei fyrre Stortingsvali: Dugleiken til aa greida Storpolitikken. Dei hev ikkje set so mykje anten paa, at dei ymse Klassar skulde repræsenterast elder dei ymse Arbeidsgreiner, men dei hev mest leitat etter aa finna dugelege Maalsmenn til aa greida ut Programsakerne i Stat og Kyrkje. I det heile var væl helst Spursmaalet stelt so: med elder mot Ministeriet Sverdrup, men innanfor elder ved Sida av dette vart det ogso ansat serskilt etter korleis ein stelte seg i dei kyrkjelege Saker.
 
Ein maa segja, at det er valt mange dug
ande Menn, og Sverdrups Ministerium vil faa ei fast Stelling av Tinget. Men me trur, at det og kunne hava voret gagnlegt, um dei hadde valt meir av praktiske Menn, allvist gjeld dette Høgre. Dei som hev talat mest um dette, kor leid han var denne Storstriden, dei er det, som hev drevet mast paa aa velja slike Kjemparar inn i Tinget, som ikkje noko anna hev aa gjera enn aa driva Storpolitikk og knabbast med Sverdrup og Vinstrekultarne.

Det er noko i det, at ein Storpolitik armar ut Folk, det er ingen Ting, som er so dyrt for den, som fer med det som store Tankar. Difor ser du sjeldan, at slike Menner, som det gjer, vert rike. Det kjem alltid Vælstand etter for den, som fær liva so lenge, at han fær sjaa Frukterne, men dei slit ut Folket, medan dei gjeng som kvassast. Og ein fær ikkje lata dei ganga for lenge.

Det er nok godt for Vinstre ogso aa faa full Endskap paa dei Storsakerne, som no er framme, og det vil syna seg Frukter av dei paa alle Leider. Men ein maa og hugsa paa, paa det som Folk no treng mest um, det er Mat og Pengar. Næringsstellet vaart er ikkje det minst vigtige aa greida no, skal det ikkje ganga reint til Nedfalls. Fyrst hadde me den store Pengetidi og so den store politiske Tidi; den fyrste ytte alt mogelegt ut i Pengar, som foor burt att so fort som Vatten i Sold, og den andre Tidi saug all Interesse og Arbeidet burt ifraa det, som skulde gjeva Mat i Gryta. Og Mat maa det verta meir av i Landet, skal det ikkje snart verta folktomt Hus; det hjelp ikkje, um me er aldri so stortenkte.

Um ein no skulde døma Stortingsmennerne etter Matnytten deira for Landet, so er me rædde for, at mange kom til aa verta lette i Vigti. Det er stundom so underleg lagat, at dei som hev det mest med Munnen, dei kann likevæl ikkje vera so overs matnyttige.
 
No ved Stortingsvali hev dei væl teket noko Umsyn ogso til sovore paa ymse Stader, men mange Stader lite elder inkje. Soleis er fleire av vaare Næringsvegjer klent repræsenterad, eit Par av dei jamvæl, som gjev Landet mest Pengar, Skogdrift og Bergverksdrift hev ikkje fenget ein einaste Repræsentant iaar.
 
Me fær likevæl vona, at Tinget vil bruka all den Kraft som det eig til aa skapa betre Vilkor for Folket i Mat- og Pengevegen, ikkje berre ved aa spara men ogso ved nye Tiltak.
 
Dei bør taka i til gagns der, som Skoen hardast klemmer. 
 
 
1) Av dei valde døydde 3 fyrr Tinget kom samen i Februar og 1 var sjuk i heile 3-aaret-
Soleis var det i Røyndi 3 nye fleire. (Den 4de hadde voret Tingmann fyrr).
2)Alle dei 3, som møtte som Varamenner i 1880 _82 vart gjenvalde i 1882, soleis vert det i Røyndi 32 for 2dre Gongen.
3)Paa det Tinget var det berre 111 Tingmenner.