Eit og anna um Bonde-Trældomen fyrr i Tidi.

 
I.
 
(Framhald).
 
I Fyrstningi av Millomalderen fanst det ikkje noko serskilt Bondestand aa kalla for millom Germanarne. Flestalle frie Menner aatte Jord. Men etterkvart som Lensvæsenet og Kyrkja og Romerretten breidde sitt Velde, kløyvde Folket seg i fleire Stand, og paa det lægste Stiget i Samfundet kom no Bondestandet.
 
Kyrkja vilde ikkje, at nokon skulde lida Naud, difor hjelpte ho Trælarne upp til ufrie Bønder, og endaa heile Bondestandet vart svivyrdt for dette, so var det likevæl ei stor Rettarbot for Trælarne. Ho lagde ikkje større Tvang helder paa Festebønderne sine, enn at Jordbruket kunne tola det; for ho skynad godt det, at vert Tvangen for stor, gjev Jordi mindre av seg. Kyrkja lærde Folk betre Drift, nye Kulturplantar og betre Kretur-Stell, ho var ei Vern i urolege Tider, og mangein Sjølveigar totte det var tryggare aa gjeva seg under Kyrkja som Festebonde. Ho sytte og for dei, som sjuke og fatige var.
 
Men no gjekk det her, som so tidt, at det som i Fyrstningi er til Rettarbod for mange, med Tidi føder mykje vondt av seg.
 
Daa Presteskapet og Klostri ikkje heldt Trælar paa Hovudgardarne sine, og daa det ikkje fanst Lauskarar paa Bondebygdi, laut Festebønderne gjera Arbeidet paa Hovudgardarne. Soleis kom truleg Hoveriet, Pliktarbeidet, upp.
 
Sameleis gjorde Adelen paa sine Gardar.
 
Dette var godt og væl i Fyrstningi; Festebønderne betalte Avgifti med nokre visse Arbeidsdagar. Men sidan kravde Herrarne meir og meir Hoveri, og paa Slutten var det ingen Ende paa det Hoveri-Arbeidet, som Bonden laut svara.
 
All den frie Bondejordi hadde etterkvart gjevet seg under anten Kyrkja elder Herremennerne, og daa baade Kyrkja og Herremennerne fekk sine Hovudgardar frie for Skatt, laut den ufrie Bondejordi bera alle Skattarne, som Landsbygdi skulde svara, og daa Bonden attaat skulde betala Tiend¹) av Avlingi til Kyrkja og ikkje hadde Magt til aa betala Skatt i Pengar elder Avdraatt og Avling til Staten, vart tidom denne Skatteplikt umsett til Hoveriplikt til Kongen elder Staten.
 
Soleis kom eit serskilt Bondestand upp, og soleis kom det i Trældoms Kaar, og betre Folk heldt denne Bonde-Trældomen for ein guddomleg Skipnad. Bønderne vart mange Stader heiltupp liveigne, dei kallar, kunne ikkje gifta seg, Herremannen uspurt, kunne flytjast, kor det skulde vera og seljast anten med Godset elder berre for seg sjølv aaleine liksom eit anna Naut. Herremannen vart Domar og refste dei, so mykje han vilde. Han kunne soleis lata Bonden rida Trehesten, det vil segja sitja yver ein Bjelke, som snudde den kvasse Kanten upp, med tunge Lodd paa Føterne.

 
II.
 
( Frankrike).
 
Ein tred Katten so lenge paa Halen til han snur Klørne imot.
 
I Frankrike vart det ei fæl Bonde-Reisning i 1358 (La jacquerie) . Bønderne sette paa Herregardarne og sparde korkje store elder smaae, Menner elder Kvinnur; berre Oska og Blod vart att der dei hadde faret. Berre i Champagne og Picardie var 100,000 Bønder under Vaapen og ætlad seg til aa tyna Adelen til siste Mann; men dei kunne ikkje staa seg i Lengdi mot dei brynjeklædde Adelsmennerne, og sidan vart Bønderne endaa meir rettlause enn fyrr. Daa Kongarne sidan tok til aa slaast med Adelen um Magti, hjelpte dei Borgaranne og Bønderne, og daa vart det liksom ei Lette for desse ender og daa, soleis under Henrik den 4de og Richelieu; daa var Adelen so innpaakomen og ved Ufred og Ulukkur, so han laut selja Jord og betre Kaar til Bønderne til aa skrapa ihop Pengar. Men naar so Herrarne spræknad til att, for dei til og plaagad Bønderne att. Daa Kongemagti vann paa Adelen og Ludvig den 14de lokkad han til Kongsgarden, og dei staute sjølvbyrge Feudalherrarne vart til ledamjuke Hoffmenner, og dei berre tenkte paa Leik og Gleda, vart det til det, at Godseigaren sjeldan kom paa Godset sitt so nær som um Hausten, naar han skulde paa Skytteri. Elles saag ikkje Bonden til andre end Gardsfuten, som pinte ut av Godset det meste han var god til. Festebønderne laut betala halve Avlingi og elles uhorvelege Skattar og Hoveri-Arbeidet. Dei laut skjussa og hysa Hestarne og Hundarne deira. Aa gaa paa Skytteri var ein Serrett for Herrarne. Bonden torde ikkje skjota ein Hare dessmeir, som gjorde Skade paa Avlingi. Det var streng Straff for aa skjota ville Dyr, og mangein Gong tok Herrarne Manna-Liv for 
Hare-Liv. Godsherren hadde Einerett paa Kvernbruk, Vinpressur, Smidjur, Bryggeri og Bakeri, og med dette kunne dei flaa Bønderne so mykje dei vilde. Skatten var so meiningslaus stor, at av Netto-Innkoma laut Bonden betala meir enn Helvti i Skatt, paa Lag 5 Gonger so mykje som no.

Lause Arbeidsfolk laut betala dei fleste av desse Skattarne dei og, endaa dei ingenting aatte, og naar dei ikkje kunne, laut den Gard-eigaren, som hadde dei i Tenesta taka noko av Skatten paa seg.
 
I kvar Bygd var det sett 3 _7 Kollektørar, dei kallad, til aa driva inn Skatten, og desse var pliktad til aa faa inn Pengarne. Naar dei ikkje kunne faa noko av dei, som var mest utfatige, so flaadde dei dei Bønderne, som hadde lagt seg upp nokre Spareskillingar. Difor gøymde dei undan det vesle dei hadde paa Kistebotnen. Hadde Bonden Vin, so laut han gøyma den, for elles hadde han Vinskatten paa seg. Braud torde han ikkje vera ved at han hadde for Skattens Skuld. Noko av det verste var Saltskatten. Kvart Menneskje yver 7 Aar skulde kaupa 7 Pund um Aaret, men han hadde berre Lov til aa bruka det til visse Ting. Tok han av Saltet og saltad ned ein Gris, tok dei Flesket fraa han og lagde han i Bøter. Bønderne var fælande rædde denne Saltskatten (la gabelle) og mange trudde det var eit Udyr; eingong dei høyrde han var hjaa Presten, treiv dei Handyvle og sette stad til Prestegarden og vilde slaa ihel dette Styggebeistet.

So skulde Bønderne gaa fraa sitt eiget Arbeid og halda Vegerne istand. Colbert vilde fri Bønderne for dette Hoveriet og betala ei Avgift i Stellet; sidan kravde dei Avgifti og let Bønderne gjera Hoveri like radt.
 
So var det Militærtenesta i Malisen. Naar Bønderne skulde draga Lodd um kven som skulde hava Langemari paa Nakken, vart det reint som Ufred; sume rømde til Skogs., hine væpnad seg og sette etter Rømingarne. 
Av dette vart det Mord og alleslags Ulukkur.
 
Det var ikkje nok med det, at dei gjorde Bønderne til Sauder, som dei klypte; men so til ei Forandring gjorde dei dei til Graabeinar, som reiv kvarandre isund²).
 
I 1689 skreiv La Bruyère soleis um dei franske Bønderne:
 
Ein ser eit Slags ville Dyr, Hannar og Hoer, rundt umkring paa Landet, svarte, grælne (gustne) og reint solbrende, som luter seg yver Marki, som dei driv paa i Einingom og grev og rotar i. Det er liksom menneskjelegt Maal i dei, og naar dei rettar seg upp paa Føterne sine, so ser ein eit Andlit liksom paa eit Menneskje; i Røyndi er det Menneskje og. Um Natti labbar dei um i Holur, og der livnærer dei seg med svart Braud, Vatn og Røter. 
Den franske Forfattaren Taine hev reiknat ut, at 25 Aar etter var paa Lag Tridjeparten gjengen med av Svolt og Armodsdom: Dei døydde av Svolt til Akkompagnement av Te Deum, som Voltaire segjer (det vil segja, dei svalt ihel, medan dei i Kyrkjurne song Takke-Salmer, for dei hadde vunnet i Ufreden).
 
Misprentingar i 1ste Stykkje:
 
Lensvæsenet braut seg inn, skal vera: Lensvæsenet braut seg og inn.

Romerretten trengde under, skal vera: Romerretten trengde undan.


¹) Folk klagar no paa dei store Skattarne; i gamle Dagar fekk dei kjenna noko anna. Dei laut betala Tiendeparten kvart Aar av alle Innkomurne sine til Kyrkja, so dei kunne kaupa seg Tiendeparten i Himmerike. Dette var daa liksom Fatigskatt og, for Kyrkja skulde syta for dei fatige. Av Jordbruk og Fiske betalte dei Tiend in natura (med Fisk, Korn og slikt), av andre Innkomur betalte dei for det meste med Pengar. I Norig vart og Tiendi innførd liksom i alle andre kristne Land. Berre Telebønderne vilde ikkje finna seg i det; men dei laut gaa inn paa i Staden for det aa betala ein Gong for alle Tiendeparten av alt det dei aatte, fyrste Gongen dei heldt Bryllaup, Hovud-Tiend, dei kallad.
²) Dette og det næste er tekje etter Historisk Arkiv: