Japanfolket og Kristendomen.

 
(Del 2 av 2. Fyrste delen.)
 
(Slutt fraa fyrre No.)
 
Detta hev den store Mannen uppklaarat fyre Landsmennom sine i mange Artiklar med kloke og veltalande Ord. Andre Blad hava uppteket mykjet av Stykkjom, og dei hava sett ei megtug Rørsla i Gang. Dei, som fyrr hava vedkjent seg Kristendomen er no vortne rett modige og dei tala i alle danade Folkekrullar um, at Buddhalæra sine Dagar er talde. Kristendomen fører verkeleg Fridom og Daning med seg, det er det, som so mange danade Folk hava fenget Augat paa, og desse Synsmaatar vinna Siger paa Siger. I Kioto heve Eigaren til tvau store Teater tilbodet dei Kristne desse fyre inkje til aa halda gudelege Stemnor i _ ja, han vil endaa sjølv betala alle Kostnadar ved desse, som Bladlysingar og dilikt. Til detta kjem, at dei Evropafolk, som heve busett seg der, serleg Bladstyraranne, ikkje tala so haadleg um Missjonen, som det fyrr var Moten. Japan Mail , eit engelsk Blad, som fyrr auste Galde yver Missjonen kvar Gong det duppade Pennen fyre den Saki, forsvarar no herdigt Kristendomen, og Daily Mail , ogso eit engelsk Blad, heve nyst latet ein Missjonær skriva i Bladet og so sjølv sett attaat sovorne Ord: Til Stadfesting paa det, ein Missjonær heve skrivet um Kristendomens rolege men raske Framgang, hava me frett den Tidendi, at der ved Enden av den nyst opnade Jarnvegslina alt finst ein stor og blømande Kristen-Kyrkjelyd, som er tilskipad av landsfødde Prestar, og som ogso i Pengevegen er heiltupp sjølvstendig. Det vilde vist ikkje vera til Skade fyre mangein av Lesarom vaare, um dei nøytte Tilføre til aa prøva den nye Jarnvegen og vera med i denne Opningshøgtidi. Dertil høyra me _ atter eit Prov paa det Velde som Kristendomen heve vunnet yver Japans sedelege Framvokster _, at i Provinstinget i dette Fylke (Departement) er der av 40 Medlemer 8 Kristne, og at desse millom anna hava sett igjenom, at dei offentlege Horehus, denne Japans Pest og Forbanning, skal faa Daudestyngen. 6 Aar heve denne Landsfienden fenget til aa beskikke sitt Hus. Men i dette Bilet maa der ikkje førast friskt Blod til, og naar det er ute, so skal dei vera ute or Soga. Ogso fraa Nagasaki røyna me, at det er komet ei Rørsla til Bate fyre Kristendomen, og at ein av Kyrkjelydom der paa eit Par Maanadar heve fenget 100 nye Medlemer.
 
Prestarne og deira Flokk er uppøste, kann du vita. Daa dei ikkje lenger finna brukelege Vaapen i deira eiget Rustkammer, triva dei til den evropæiske Vantru, ja endaa til den høgre vitenskaplege Kritikk. Dei skriva den eine Boki etter den andre til aa visa Bibelens Sjølvmotsegner, og at Underi ikkje er truande. Dei truga ogso med Daude og trappa, skrika og kasta Stein til aa brjota av kristelege Stemnor og Fyredrag; men Politiet agar deim, so dei maa halda seg nokorlunde i Skinnet.
 
14 ymse Buddha-Serlag hava slegjet seg i hop og gjort eit Sendelag avstad til Riksstyret med Søknad um aa faa kjøva ned Kristendomen. Men Riksstyret gjer helder alt det kann til, at Kristendomen kann vaksa i Fred.
 
Det tugtar deim strengt, som freista skipla Freden i kristelege Samkomor. Tvo Provinsguvernørar, som hadde faret hatefullt fram mot Kristendomen, fekk Avskil, og Vener til Kristendomen vart sette i Staden. Ein ung Kristen, heiter Hara Taneaki , vart i 1883 sett i Fangeholet, avdi han hadde ordat um Politikken nokot, som Riksstyret mislikad. Her fekk han røyna, kor laakt Tilstandet var med Fengslom i Japan, og strakst han var fri, sender han eit Skriv til Innredepartementet, bed um Umbøter i Fangestellet og segjer, at den beste Botemedel mot Brotsmennerne var, at dei fekk røyna Guds Naade i Hjartom sine. Derved hadde dei verste Menneskjor snutt um, og det vilde i Vissa vera til Velsigning fyre heile Landet, um Kristendomen vart brukad til Vaapen mot dei Lastar og Forbrot, som fylla Fengsli. Den Medferd Fangarne fekk i Tugthusom no, var i alt Fall berre til aa forherda og skjemma deim ut endaa meir. Ein burde berre setja Kristne til Fangestyrarar og lata deim laga alt etter kristne Tankar. _ Strakst etterpaa fekk Hara Tilsegn um aa møta i Innredepartementet og greida nærmare ut, kvat Boteraader han vilde hava. So vart han beden um aa treda i Riksstyret si Tenesta og soleides iverksetja dei Umbøter han hadde umrødt. No steller han daa med detta og heve endefram Lov til aa upplæra Fangarne i Kristendomen, ja umvenda deim alle, um det er gjerande. Eg er sjølv svært veik; men med Guds Hjelp heve eg Von um aa gjera mykjet godt, segjer han.

Utanriksministaren heve gjevet ut eit Fljugeblad, der han segjer: Det er ikkje lenger nokon Løyndom, at mange Medlemer av Riksstyret vilde vera glade ved aa sjaa Japan treda inn i Talet paa dei kristne Landslydar, avdi dei kjenna ei Ulempa i Samkvæmet med framande Magter ved, at Landet deira er heident.
 
Det er ogso komet ut ein keisarleg Proklamasjon, som segjer, at heile det heidne Religionsdepartementet er avteket og at soleides Statens Samband med heile Heidendomen er brotet, og at Prestarne heretter skal hytta seg sjølve. Desse er no fælt i Beit, og naar Heidendomen ikkje lenger fær Stydjing av Staten, vil han døy Sjølvdauden. Dermed er det ikkje komet Trufridom; dei gamle Fyresegner og Retter som dei heidne Prestarne hava i Folket, standa enno ved Magt; men Riksstyret heve sagt seg standa utanfyre Trudomssaker. Mikadoen (Keisaren) heve og sleppt den Æra, han fyrr heve fenget som Himmelherren.
Riksstyret heve talt, kor mange kristne Japanesarar det finst i Riket, og funnet 80,000. Reiknar ein so 30,000 til den romerske og 10,000 til den russiske, er det endaa 40,000 atter aat dei evangeliske Samfund.
 
No seinast hava nokre Missjonærar søkt ein av Ministrom um same Fridom fyre Kristendom som Heidendom. Han heve svarat vel paa det, men samstundes klagat yver, at Protestantarne er bytte i so mange Serlag, so det vert so ubeint aa driva Forhandling med deim. Um detta gjeng fram, so faa kristne Prestar og Prestemne vera frie Krigstenesta liksom dei heidne; heidne Prestar faa ikkje lenger Rett til aa gjera Tenesta i kristne Jordfestingar o. d.
 
Vert det no ei Kristi Folkekyrkja i Japan, so er det Tvilsmaal um anten ho vert evangelisk elder græsk-russisk; dei segja, at Fader Nikolas (Ruslands-Keisaren) er helder ein vinsæl Missjonær i Japan. Truleg kunde ho ogso faa ein presbyteriansk elder kongresjonsalistisk Svip.
 
Det meste av detta Stykkjet er i Utdrag teket etter eit tyskt Missjonsblad, som kjem ut i Basel. Eg trudde Fedraheims-Lesaranne vilde lika aa høyra um desse Hendingar og Umbrøyte, daa dette vonleg kunde verta Fyrespilet til aa krasa Skalet paa den eldgamle steingjengne Kina-Kultur, frelsa desse Folkeætter or den tusundaarige Puppeham og leida deim fram, so dei og kunna sveiva sitt Hjul i Heimsens store Kulturverkstad.

K. S.