Ratatosk.


Innmed den eine Roti av Ygdrasil ligg der ein fæl Orm, som heiter Nidhogg, og i Toppen sit der ei gamal klok Ørn og ser utyver Verdi. Men imillom Ørni og Draken spring Ikornet Ratatoskmed Ovundsord.
 
Me skynar so væl, kva det var, dei vilde bilda av med dette Ikornet, som hev det so annvint med aa setja Ovund og Uvenskap millom Ørni og Draken. Det er Sladderen. Og kor er det ikkje maalande dette Bilætet! Kvar Gong eg ser ei Sladderkjering, som hev rigtig annsamt med aa renna gardimillom med Treskopostar, maa eg koma ihug Ratatosk. Eg tykkjer so livagtig sjaa honom kila etter Askeleggen _ dillande med Rova _ sløg og søt, naar han rødde vondt um Ørni med Draken og likeso sløg og søt, naar han i Toppen hjaa Ørni _ set vondt ut um Draken.
 
Det hev alle Tider voret Sladderen sitt Kjennemerke dette. Ingen er so supande søt og ingen rosar oss slik like upp i Andlitet, som den, som hev Sladder til oss. Men so kann me au vera so hugheile paa det, at det er ingen, som vaagar aa æreljuga oss soleis paa Baket som han.
 
Det ser ut til, at han skal verta langlivad Ratatosk; for han er like lett paa Foten den Dag i Dag _ og enno er det det gildaste han veit aa dilta gardimillom med Ovundsord.
 
Naar me liver skikkeleg med kvarandre som vener og gode grannar, daa sit Ratatosk og sturer _ tung i Hug; men naar ein stakkar syndar mot Vaarherre og god Folkeskikk, daa slær han med Stortrumma aat Treskopostberaranne. Daa vert det mest som i Ægypten paa Mose Tid, daa ein ikkje kunne taka eit Steg utan aa trøda paa ei Padde. Naar Treskopostarne er paa Ferde, kann du knapt reisa nestegars utan aa koma iskade for aa føra ei Sladderkjering i koll. I slike Dagar vert det drukket meire Kaffi enn elles paa eit heilt Aar. Og alle Treskopostberarar fær seg eit gabbe Maal etterpaa Strævet. _Den, som hev komet ut fyre Sladderen er reint seld og fantefaren. Er du slik ein Engel, at han ingen Ting finn aa hegta seg i, so er det Gut, som er istand til aa gjera noko av ingenting. Aa gjera noko av ingenting elder av eit ulagleg Emne er aa skapa _ stod det i den gamle Forklaringi. Ja, Ratatosk kann skapa han og. Og so faafengt, som det er aa freista etter aa faa Greide paa, korleis Sladderen hev komet ut, kven det er, som hev set Lygni ut fraa fyrstundes. Likeso godt tenkjer eg, du kunde freista etter aa faa Greide paa, um der er Folk paa Maanen; for det finst ikkje den Treskopostberar, som er so styven, dersom han daa er aldri so litet driven i Konsti, at han set Skrøna ut fraa seg sjølv. Nei han hev høyrt det av Per elder Paal han. _ Hev du høyrt, korleis han byrjar, naar han vil setja ut ei Skrøne? Eg trur, det er umlag soleis: Hev du høyrt, kva Folk segjer um han Per Jensen? Ja, det kann somen godt vera Lygn au for alt det, men det gjeng daa fullt og fast blandt Folk.
 
Kva er det, dei segjer um han Per daa? Ja, eg kann nok segja deg det; men du veit, eg vil ikkje vera den, som fer med Bygdesnakk, so du tarv no kje nemna det for nokon. So kjem daa Skrøna med passeleg Tilsetnad av nytt Stoff.
 
Soleis hev no Ratatosk diltat gardimillom med Ovundsord, og han vil vel halda paa. Og me kann korkje taka Livet hans elder landlysa honom; men lat oss freista, um me inkje kunne gjera Vegjerne litt meire tronge for Ratatosk, so han inkje fekk renna rigtig so fort.
 
Tormod Knutson .