Skeisa.


Himmelen er klaar og blaa. Soli stend stor og straalande eit lite Stykkje uppe fraa Fjellet, men det er lite ho orkar verma, naar det er so sprakande kaldt. Gran og Furu stend rake og kaute i dei kvite Kaapurne sine og Bjørkerne er ikkje minder byrge yver dei fine Frynsurne, glimande som Sylv og kvit Silkje, som Greinerne er kransa med.
 
Men det beste av alt var, at paa slik ein 
Dag ligg det store Vatnet. Sjaa koss det blenkjer og lokkar, haal som ei Glasrute, tri Frostnættergamall, og daa er han nok sikker. Snøgt det lid yver Middag, fær Gutarne det annvint med aa stelle til Skeisurne baade aat seg og Gjenturne; dei er ikkje brukad sidan i fjor, og daa kann det vera ymist som vantar.
 
Alt fraa graatidleg um Morgonen hev der voret Skeisarar, men det er no berre slike, som ikkje hev noko gjera der.
 
Men daa det lid utpaa Dagen, er Gutarne fri og Gjenturne hiver fraa seg Rokken for ein Kvelds Skuld, og paa Isen ber det.
 
Aa, for Liv og Staak der vert!
 
Dei renner fyrst i lange, tauge Tak fram og attende, men so tek dei i for Aalvor, og rundt i Svingar ber det med alle Slag Krokar og Hopp; ja Gjenturne hoppar no ikkje dei, berre held paa fram og attende.
 
Der kjem ein Gut farande som ein Vind, han gjer eit lite Hopp, snur seg i Lufti og fær baklengjers i same Farten.

Aa slike kast som dei kann gjera! Dei er sikkert ein Meter uppifraa, og kjem like stødt og lett nedpaa att. Eit kvitt Snjogov fyk burtetter fraa dei kraftfulle, friske Taki. Store Drøgje av Gjentur glid utyver Isflata, dei held kvarandre i Henderne og syng i Takt med Skeisingi.
 
Kinni vert blømande som Rosur og Augo fær den livfulle Glansen, som gjer alle Andlit so væne.
 
Aa det er so Moro aa renna fram so lett som Fuglen i Lufti; ein kann mest tru, at ein fer yver sitt eiget Bilæte, naar ein flyg fort; men det glid undan, lognt og snøgt som du sjølv.
 
Soli sig no snart ned attum Fjelli og Dagen fer til aa draga seg av, men dei held paa det same, jo der kjem altfort fleire til, for snart er Maanen ventande, og daa, daa er det som det skal vera. Skeisa i Maaneskin høver sonær endaa betre enn um Dagen. Det bleike Skinet sveiper deg sjølv i Ljos, men eit Stykkje ifraa
ser du dei andre som svarte Skuggar, det er plent som i eit Æventyr.

Glad Laatt og Rødur høyrer du fraa alle Kantar, og Skogarne kringum her Ljoden langt, langt utyver.