Tidender.
Kristiania,
den 15de Decbr.
Tingvali
i England
er no fraaseggjorde.
Der
er valt 333 frilynde,
251
Høgremenner,
86
av Irlandsflokken.
I
det fyrre Tinget var det 342 frilynde, 246 Høgremenner og 49 av
Irlandsflokken.
Dei
frilynde hev soleis ikkje fullt so stort eit Tal som fyrr, men hev
daa likevæl ein stor Yvermun yver Høgre, men gjeng dei 86 Irlands
Sjølvstyringar saman med Høgre, so vert dei 4 Mann sterkare enn
Vinstre og kann raada, um dei er i Mindretalet.
Men
endaa veit ingen for visst, korleis Parnell og dei 85 vil stella seg.
No er det han aa kalla, som er den megtugaste, og no kann han kanskje
faa sett noko igjenom, soframt han er rimelig i sine Krav, men uvisst
aa vita, korleis det kunne laga seg, naar det leid lenger.
Minnestytte
yver Vinje
.
Heimbygdingarne hans Aasmund Vinje er tenkte paa aa faa ei
Minnestytte yver han paa Fødestaden hans i
Vinje
i Telemork. Dei hev valt ei Nemnd til aa fyrebu Saki: i Nemndi sit:
Targei Floten, Aslak Haugen, Targei Tjønn og Aslak Vinje (Uppistog).
Publisert