[Tidender.] Morgenbladet og Maalsaki.

Det er løgigt aa lesa Morgenbladet, naar det tek i Maalsaki.
 
No um Sundagen er Friele so kaut, og det fell honom lett aa drepa ned heile Saki med eit einaste Hogg.
 
Han nemner det ikkje, men det er greidt aa skyna, kva det er som gjer han arg. Professorposten i Landsmaalet, veit du. Men det er so leidt for Friele, han veit ikkje eit Ord til aa klandra den unge Mannen, som hev fenget Posten. Og daa er det mykje paa Ferd, naar Friele ikkje kann finna noko aa utsetja paa Folk.
 
Men ”naar Stakkaren er sinnad, fær Stogedøri Smollen”. Det er daa Maalsaki han einast hev aa skrubba paa.
 
Høgre er likt seg sjølv det. ”Klyppe, klyppe”, segjer dei som Kjeringi mot Straumen. So gjorde dei i Politikken; til meir Vinstre gjekk fram, til meir ropad dei Hurra for Høgrepolitikken og kytte som dei var galne, alt til dei maatte siga i koll. Sameleis er det med Maalsaki, til meir me gjeng fram, til kautare talar dei hine um, at det er snart ute med Maalsaki, ”thi Forholdenes Magt er nu engang her i Verden større, end Digtere og Sværmere synes om”, Morgbl. talar um denne ”Forholdenes Magt” og lest ikkje vita nokon annan Ting, enn at det endaa er ”Digtere og Sværmere”, som driv med Maalsaki. Og det so mange Gonger Biladet burde hava kjent, at det nettupp er ”Forholdenes Magt”, som driv Saki vaar fram, og det allermest no, naar denne Magti, som skulde vera vaar verste Fiende, trass all Motstand hev kunnat setja igjenom, at me hev fenget ein Lærarpost ved Universitetet i Norsk. Dei same ”Forholdenes Magt” er det, som hev gjevet Maalet vaart ei fast Stelling i Skulen, fyrst mundtlegt og sidan i Bøker, for det er ei Kjensgjerning no, som jamnvæl Høgre maa sanna er beste Tryggjing for Saki, at mange Bygder baade i aust og vest hev godkjent Landsmaal i Skulebøkerne for fullgildt Skulemaal.
 
Det som Morgenbl. hev aa stydja dei ille Spaadomarne sine paa no er dette: I Barcelona og paa dei baleariske Øyarne kom det for 40 Aar sidan upp ein Eldhug for det kataloniske Maalstræv, men dei selde so lite med Maalbøker, og no hev Arbeidet mest døytt burt; likeeins med nokre andre Freistnader etter aa reisa Bygdemaal jamsides med Landsens nasjonale Maal. Her i Norig og, segjer dei so, vert det ikkje selt so mykje av Maalbøker, som Maalmennerne ynskjer seg, altso, sluttar dei, vil det ganga sameleis med Maalstrævet vaart, som med det kataloniske. Det er daa Stykkjet til Bokhandlar Huseby i Haust dei held seg til. Men for det fyrste var det noko misvisande, Landsmaalsbøker vil dei som er kjende kringum i Bygderne vita aa fortelja, er lesne mykje meir enn nokon trur og til vissa meir enn ein kann slutta seg til ved Talsamanlikning millom norsk og dansk Litteratur; for medan ei dansk Bok, som vert seld i Byarne, berre fær nokre faae Lesarar for kvart Eksemplar, so vil Maalbøkerne, som helst vert kaupt paa Bygderne, faa det tri _firedubbelte Tal Lesarar for kvart Eksemplar.
 
Og for det andre, sjølv um me endaa ikkje hadde havt eit Blad paa Norsk elder noko vidare Bokavl, so vilde me likevæl vera trygge paa, at ”Forholdenes Magt”, vilde føra Maalet fram, naar me hev fenget det grunnfest paa Skulen og millom Ungdomen, som me no hev det.
 

Frå Fedraheimen 27.01.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum