Blakken.

Me hadde ein Hest, daa eg var liten, som eg kjem livande godt ihug. Eg var 6 Aar, daa Far kom med han fraa Aamyri. Det var ein liten blakk, jamnaldrande med meg. Han kostad 20 Dalar. Far sette han i beste Engi nedunder Stoga, daa han kom med han, og der gjekk han og aurgnog i same Staden og ikkje kom vidare. Han hadde vist aldri etet so feitt Gras. Fyrr hadde han gjenget paa Øyarne, sagde Far, der gjeng heile Flokkar, som maa finna Føda sjølve mest heile Aaret, og so merkjer dei Hestarne liksom Sauder. Blakken au hadde dei styvt av paa det eine Øyrat, og difor fekk han Namnet Tulla; men det var eg innerleg tregefull yver.
 
Eg og Blakken vart snart væl kjende; han var det gjævaste eg viste, trur eg. Eg laut bera Høy og Vatn til han; mest jamt fekk han lite Mjøl elder Jordeple attaat, som eg bad Mor etter. Naar han stod utanfor Døri og kallad paa meg, so laut eg ut med ein Neve Salt og straa paa Hella. Han likad vist likso godt det, som eg likad Sukret. Men so kunne eg fara med han, som eg vilde, eg kleiv uppaa Ryggen hans og hengde meg etter Halsen, og smaug millom Føterne. So liten eg var, reid eg han til Skogs og sette han i dei beste Graskjoserne.
 
Far styrde meg til aa fara med Hesten, endaa eg var so liten, at det var utruleg, at eg kom av med det. Men eg var gild av, at eg kunne vera liksom ein vaksen Kar maa vita. Um Vetren køyrde eg Ved og Høy og Lauv og um Vaaren Myk. Eg var med Far i Skogen; han hogg Timmer, og eg køyrde Stokkarne fram etter kvart som dei vart hogne. Far sagde meg fyri, korleis eg skulde fara aat og passa meg, og so litte han paa Blakken. Og Blakken kann eg vist takka for, at det gjekk godt, og at eg ikkje køyrde meg ihel, med eg kosad Timmer. Naar det var bratt og ulendt, so foor han so sagte og varlegt og saag tilbakers paa Stokken og paa meg, og so sto me baae og tenkte oss um, kor me skulde fara.
 
Han vart ikkje so fri for Uluter Blakken som eg. Det var ei Jol, at ein Lauskar fekk laana han. Han vilde av aa vitja seg i Joli; so drakk han seg full og vilde vera gilde Kar til aa køyra. Han hadde Gjentur i Sleden. Haalt var det, og daa dei skulde yver ei Kleiv, so foor dei utyver. Hesten og alle saman. Folki bergad seg, men Blakken foor verst; han fekk so vande Støytar, at han var sprengt sidan. Naar han drog eit tungt Lass, so vart han so tevfull, at det var syndlegt aa sjaa paa det, og so livde han berre til um Vaaren etterpaa. Daa eg hadde køyrt med Blakken i Vaaronni, so skulde ein Husmann laana han ein Dag og brjota upp ein Aakerlapp. Eg var med. Daa me hadde brotet lite Grand, so stupad han i Fari og var daud med det same, me saag aldri det knatt i han. Og han som kjætte seg um Morgonen, fyrr eg reiste. Eg sto og saag paa Blakken og fekk ikkje segja eit Ord. So sprang eg avstad graatande etter Far; han flotad Timmer i Aai. Eg flaug vyer Berg og Aasar langs Aai til eg fann han utpaa ei Timmersoppe. Graatande og andpusten fortalde eg at Blakken var daud. Denne Tidendi verka ikkje so mykje Far, som eg hadde tenkt; det likad eg ikkje. Sidan vart eg endaa tregefullare, daa andre Gutungar tok til aa læ aat meg, fordi eg hadde graatet yver Blakken; eg trudde, at slik Hest fanst ikkje. Me grov Blekken ned i ei Myr, der kom so gildt Gras etterpaa.
 
Det var det siste Merkje eg saag etter han.
 
Saavi.
 

Frå Fedraheimen 27.01.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum