Ein Selle.

(Del 6 av 30. Fyrste delen.)
(Framhald).
 
Det var ein Dag i Kveldingi. Døri vart braadt revi upp, og det kom inn ein Mann, som i Staden for aa segja Goddag nemnde Namnet paa den vonde, straks han var innafor Dørstokken. Det var halvmyrkt inne i 
Stoga, so eg ikkje straks kunne skila kva Slag Kar det var. Men paa den uvanlege Helsingi kunne eg skyna, at det var ein Bymann elder langfarande. Han steig skjott inngjenom Golvet, bad ein tri, fire Djevlar taka seg, um det ikkje var Brynjulvsonen ein skulde raaka her uppe i desse Avdalar. Og fyrr eg kunne koma meg til Ords hadde han alt bedet den vonde sjølv sanna, kor sælt det var endeleg aa koma til eit ”Menneskje”, og han fortalde, at minst ti, tolv svarte Englar visste um, kor svolten og tyrst han var.
 
Skulde eg ikkje kjenna han? Kandidat Hjelm, som eg saag so mykje, daa eg var i 
Paris? Dei kallad han for ”den lysande Engel”, det var ikkje nett fordi det skein av han, for han var myrkdæmd og ljot, ein liten Tusull, som var ikkje anna enn Skjegg og Skinn, litevetta Haar og nokre gløypande og glirelege Augneblokur, og han stiktad og stamad paa Ordi. So det var ikkje for sine eigne Dygder han bar det vælklingande Vednemnet. _ Men kvar han kom, so hadde han altid eit stort Fylgje, ein Her fylgde han av Englar og Djevlar, store og smaae, svarte og kvite, og dei lyste upp fyre han, so det baade gneistrad og sprakad.
 
Med Bøn og Paakalling fekk han fortalt meg, at han hadde vortet Lækjar uti Bygdi, det var ikkje so lenge sidan, men likevæl var det den fælaste Tidi, han hadde upplivt. Han som hadde dette store Fylgjet med seg, og her var Folk so lagad, at naar han kom køyrande til Gards med det, so tok Folk til aa krossa seg og røma undan. So maatte han 
prøva aa fara ”aaleine”, men aa for ei Plage, han kjende seg ikkje væl nokor Tid, naar han skulde hava den Tvangen paa seg, at han ikkje fekk tala som han vilde, han stod ikkje ut det og hadde reint sjuknat burt, sagde han, dersom han ikkje hadde funnet paa aa ganga til Skogs elder læsa seg inne og sleppa or seg nokre ubbelege Rødur. Men endaa munad det ikkje noko til Gagns dette elder, sagde han, daa var det mykje gildare naar han møtte beljande Stutar, daa fortalde han, at han hadde si største Moro i aa slengja heile Ovnøgdi si imot dei.
 
Gildast var det no likevæl, naar han høvde i rette ”Menneskje”, han var so gild no daa han raakad meg, at det draus og druste med svarte og kvite Englar, Djevlar og alle Slag Magter, so eg totte det lyste og gløyrde burti kvar ein Kroken og tilslutt so syntest eg heiltupp det tok til aa dansa og leika frametter heile Tilet. Og han stanad ikkje, berre slepte laus i dragande Renn, det var som Tappen var teken utor ei Tunne, som aldri vart tom.
 
Han hadde daa meir aa tala um og enn Djevlarne, det var eit Emne, som han alltid kom inn paa, det var um noko han kallad for ”Fruentemmer”. Det meinte han i det heile var uliklegaste Folkeslaget, som fanst paa Jordi. Men paa den andre Sida, so likad han ogso slike Skapnader, berre det var rett Gjerd paa dei: han rykte ut med ein Her paa 10.000 Djevlar berre til aa forsikra seg paa, at ”Fruentemmer” likevæl var det beste i heile Verdi, det var det einaste, meinte han, som var noko verdt aa liva etter _ ja noko Konjak maatte ein au hava attaat. Men det var no det ulidelegaste av alt, klagad han, at her uppe i Bygderne fanst dei ikkje aa kalla 
”Fruentemmer”, som det var rett Gjerd paa. Dei var væne og blømande nok, so dei kunne freista Styggen sjølv, og dei var væl ikkje alle heilt so ”dydsirede” som Byfrøkni, men han tok likevæl ein halv Legion av dei svarte til Vitne paa, at dei var ikkje det Grand ”lidderlege”, dei var alltid giftelystne nok, men pøh, ein kunne ikkje koma nokon Veg med dei elles. Og so kom han inn paa det Emnet, at det var ikkje nokon Dag i det norske Folket, fordi det fanst ikkje rett Natur og ”Lidenskaber” i det. Fyrr dei rett kunne kveikajst, var me berre som Bjørnen i Hiet og hadde berre aa liggja og suga paa Labben. Han vilde gjeva baade Politikk og heile Greida til den Stygge, det var so ingen Mun i det likevæl. Han heldt paa det han, at kunne ein berre faa ”Fruentemmerne” til aa skikka seg med noko ”større Forstand”, so vilde straks Samfundet koma i eit gildare lag; det var baade Politikken og Moralen hans.
 
(Meir.)
 

Frå Fedraheimen 27.01.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum