Eit Reiseminne.

 
(Fraa Fransk).
 
Ein Dag reiste eg i Kalabrien. Det er eit Land fullt av vonde Folk, som eg trur ikkje elskar nokon, og som serleg er sinnad paa dei Franske. Aa segja kvafor dei det er, vilde turva for lang Tid; det er nok aa segja, at dei hatar oss til Døden, og at det vilde ganga den galet, som fell i Henderne deira. Kammeraten min var ein lettlivad og likeglad ung Fyr, som du straks skal høyra. I desse Fjelli er Vegjerne fulle av Djuv, og Hestarne vaare hadde vondt for aa koma fram. Kameraten min reid fyre paa ein Stig, som han totte var betre og kortare, men som og førde oss villt. Det var mi Skuld. Burde eg hava stolat paa ein Tjugeaaring? Me prøvad so lengje det var Dag paa aa finna ut or Skogen; men me kom berre meir og meir burt, og det vart alt svarte Notti, daa me kom til eit Hus, so var det umlag svart. Me gjekk inn, men ikkje utan Mistanke; men kva skulde me gjera? Me fann ein heil Kolbrennarlyd ved Bordet, og me vart med fyrste Ordet bodne tilbords. Kameraten min let seg ikkje beda tvo Gonger, han aat og drakk, som um han var heime; medan eg derimot meir heldt paa aa sjaa Husfolket i Augo. Dei saag ut som Kolbrennarar, men Huset vilde du hava teket for eit Vaapenhus (Arsenal). Der var knapt anna enn Gjeverar, Pistolar, Sablar og Øksar. Alt dette støkte meg, og eg saag godt, at Folket mislikad meg. Kameraten min stelte seg derimot som um han var heime. Han log og talad med dei, og med ein Uklokskap, som eg burde hava tenkt meg paa fyrehand, fortalde han kor me hadde ætlat oss og, kor me var ifraa. Tenk litt paa dette, Folk! Me var hjaa vaare verste Fiendar, aaleine, ukjende og langt burte fraa all menneskjeleg Hjelp! Og liksom han ikkje vilde gløyma noko som kunde føra oss i Fare, spelad han ein rik Mann, og lovad at dei skulde faa god Betaling for Bryet med oss. Endeleg rødde han um Reisetaska si og sagde, at han i den hadde mykje kostbart, som han vilde hava liggjande under Hovudputen sin um Natti; han vilde ikkje, sagde han, hava nokon annan Gøymeplass. Dei kunne tru, at me reiste med Kronediamantar; men det som han hadde i Reisesekken sin, var ikkje anna enn Kjærastbrevi sine.
 
Daa me hadde etet, let dei oss aaleine. Husfolket sov nedunder og me ovanpaa i det same Romet, som me hadde etet. Sengi vaar var ei Slags Hylde, 6 _7 Fot ovanfor Golvet, og me maatte gaa paa ein Stige for aa koma upp i ho, Loftbjelkarne ovanfor hekk fulle av Mat for heile Aaret. Kameraton min gjekk uppi ho aaleine, og han sovnad snøgt med den kostbare Reisesekken under Hovudet. Eg, som hadde ætlat meg til aa vaka, lagde godt i Omnen og sette meg ned. Natti var umlag yver, og alt hadde voret so utifraa stilt, so eg tok paa aa kjenna meg trygg; og totte dagen ikkje kunde vera langt burte; daa høyrde eg, at Mannen og Kona heldt paa aa tala med kvarandre i Romet nedunder, og daa eg lagde Øyrat burt til Omnen, som hekk ihop med Omnen under, høyrde at Mannen sagde desse vakre Ord: ”Naa væl, skal me altso drepa dei baade tvo?” Kona svarad: ”ja”. Eg høyrde ikkje meir.
 
Korleis skal eg kunna fortelja dykk det? Eg kunne knapt pusta; heile Kroppen vart so kald som Stein, og um du hadde set meg, skulde du havt vondt for aa sagt, anten eg var daud elder livande. Gud, naar eg endaa tenkjer paa det! Me tvo Stakkarar utan Vaapn aa kalla mot dei tolv elder femtan, som hadde so rikeleg av dei. Og Kameraten min utkavad av Svevn og Trøytleik. Eg vaagar ikkje aa ropa paa han, gjera noko Uppstyr og til aa røma burt aaleine, det var ikkje helder gjerlegt. Vindauget var ikkje so høgt, men utanfor det stod det tvo store Hundar og gøydde som Ulvar. Du kann ikkje fatta den Naudi, eg var i. Um eit Kvarters Tid høyrde eg nokon i Trappi, og gjenom eit Hol i Døri saag eg Mannen med ei Lampe i den eine Handi og ein av dei store Knivarne i den andre. Han steig upp, og Kona hans etter. Eg krøkte meg i hop bak Døri; han lukkad upp; men fyr han gjekk inn, sette han fraa seg Lampa, som Kona tok. So gjekk han inn berrføtt, og ho bak han, med Handi skuggande for Lampeskinet og kviskrad stødt til han: ”Stilt, gaa stilt!” Daa han kom til Stigen, gjekk han upp den med Kniven millom Tennerne, so han kom i Høgdi med Sengi, der den unge Mannen laag med naken Hals, so tok han Kniven i den eine Handi, og med den andre greip han _ ei Skinke som hang under taket, skar eit Stykkje av ho og steig ned som han var gjengen upp. Døri gjekk att, Lampeskinet vart burte, og sat aaleine med Tankarne mine. _Sosnart det vart Dag, kom heile Huset og vakte oss, som dei hadde lovat Kvelden fyrr. Dei sette fram Mat for oss, og me fekk oss eit mykje godt og styrkjande Maaltid. Der var tvo Kalkunar, og Kona sagde, at me kunne eta den eine og taka den andre med oss. Daa eg saag dei, forstod eg endeleg Meiningi av dei skræmelege Ordi: ”Skal me drepa dei baade tvo?” Og eg trur, at du hev so mykje Vit, at du no forstend kva det var meint med dei.
 

Frå Fedraheimen 27.01.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum