Folkehøgskulen

heve Vinstremennerne stellt seg ymse til. Sume heve i honom trutt aa finna eit av dei mest verdefulle og sterke Arbeid fyre den folkelege Framgang og Utvikling, som ogso Vinstrepolitikken fraa si Sida tener; andre heve funnet _ og det er dei fleste _, at Høgskulen liksom Amtsskulen og andre Skular vel gjorde sumt, som var til Gagn fyre dei unge; men det var no ikkje nokot større med det; andre heve i Høgskulen seet ei skadeleg Magt. I det heile er det ikkje med stor Varme, dei heve seet paa honom. Dei heve vanlegvis funnet Høgskulen for litet politisk og i sin Politikk for litet sterkt vinstreleg. Og det kann ein ikkje finna so urimelegt. Politikkaren set Politikken høgt; det maa han; fyre honom gjeld det aa faa dei praktiske Saker fram; det gjeld um Fleirtal i Dagsstriden og dei Spursmaal, som der brenn. Men Høgskulen heve ikkje si serlege Gjerning innanfyre Politikken, um det enn er aldri so visst, at Politikken er honom uvedkomande. Og Høgskulen legg seg ikkje etter aa driva Dagspolitikk, legg ikkje Vinn paa aa faa lagt inni dei unge visse Meiningar um dei praktisk-politiske Spursmaal, arbeider ikkje med det Maal aa styrkja nokot politisk Parti.
 
Det er Vekkjing, Styrkjing og Klaargjering av det menneskjelege , som er Grunntanken i Høgskulen. Han vil føra dei unge til Møtes med Menneskjelivet, læra dei aa sjaa det, faa Medhug med det, Hug til aa liva med det; han vil syna deim dei gode og dei vonde Krefter, som heve synt seg aa kunna føra det snart upp, snart ned; og han vil klaara Syni, so dei unge ikkje berre skal elska det som godt er, men ogso hava Forstand paa Livet, so dei kann verta Menneskjor, som steller seg under Sannings-verket og kann strida der med heil Hug og Dug, so som det heiter i Songen:
 
”So late daa vaar Hugnad vera
det som dei gode hugnast ved;
naar dei paa Dauden Vaapen bera,
so lat oss hugheilt strida med”.
 
Men no er Politikken berre ei Grein av det menneskjelege, er berre eit Utslag av det. Difyre kjem han ogso berre med som ei Grein i Høgskulearbeidet; og han vert daa teken som ei Grein, i sitt Samanheng med det aalmenne Menneskjeliv, som han spring ut av. Det gjeld um, at dei unge i dei store Saker kann faa Auga og Hjarta upp, ikkje halvt, men heilt upp, so dei kann sjaa baade det, som vitnar fyr og det som vitnar imot; det er det, som det gjeld um, at dei kann faa Fyresetningarne so heile og sanne, at dei derifraa kann veksa seg inn i klaar og trygg Yvertyding. Den gode Skule vil ikkje skapa Partimenner _ det er ikkje det han arbeider fyre; men det han vil, er aa utvikla og upplysa dei unge, framhjelpa Mandoms Menner, personlege Menneskjor. Og han er viss um, at slike ogso fyre eit politisk Parti vil vera dei beste i Lengdi. Til meir ein Ungdomsskule søkjer aa føra sine Gutar og Gjentor Snarvegen til den praktiskpolitiske Partistilling, dess meir forsyndar han seg mot sjølve Høgskuletanken.
 
Men daa er det rimelegt nok, at Vinstremennerne synest, at Høgskulen litet gjerer fyre deira Sak. Det hjelper ikkje, at alle Høgskulelærarar i Landet er visse um, at den Flokk, dei fær rettvendt yver fyre Livet, den vil ogso verta rettvend yver fyre Politikken, at dei som heve fenget Auga og Hjarta fyre Livet og dei Vilkor det best kann trivast og veksa under, dei vil ogso politisk stella seg paa den Sida, der det vert arbeidt fyre Fridom og Utvikling. Det kann helder ikkje hjelpa at heile Flokken av deim, som Høgskulen heve fenget Tak i, dei stend avgjort og fast til den Sida i Politikken ogso; det hjelper ikkje; for enno er dei etter Maaten baade faae og unge. Høgskulen er ung i Noreg; Frukterne er der; men dei er ikkje enno so stor ei Kjensgjerning, at kvar Mann maa sjaa det. Men det tvilar eg ikkje paa, at den Dagen skal kome, daa dei som i Sanning vil eit fritt og sjølvstødugt Folk, skal sjaa, at i det heve Folkeskulen lagt eit Arbeide, som skal hava stort og varigt Verde. Høgremennerne synest i so Maate aa hava havt finare Teft: hadde dei ikkje seet nokon Faare fyre seg i Høgskulen, hadde dei visst ikkje synt honom so ærleg ein Uvilje, so hatefullt Motstand.
 
Ein av dei meir namnspurde Menner innan det danske Vinstre, F. Boysen, heve i dansk Morgenblad sendt Høgskulen der ei Nyttaarshelsing, som fekk meg til aa tenkja paa dette.
 
I Danmark var det med Høgskulen paa Lag som her: han var ikkje politisk og serleg ikkje sterkt vinstrepolitisk. I all Vissa gjeld dette um dei beste og mest namnspurde Høgskular. Difyre fann mangein Vinstremann deim ikkje aa vera so myket verde. Men der heve dei arbeidt lenger Tid og gjort ei Gjerning, som alt heve vakset ut, so alle maa sjaa, kvat det er for Frukter dei ber. Til den Kanten som Talen her er um, heve dei no synt klaart, at dei fyre Vinstresaki og er ein Studnad so god, at det vilde voret eit stort og faarlegt Hogg, um den hadde vantat. Det som Høgskulen meiner, at han skal gjera i Noreg, ettersom han fær Magt, det heve han gjort i Danmark, der han heve fenget større Magt. Det vitnar Vinstre der sjølv og takkar stort. Det segjer Boysen klaart.
 
Den danske Politikk var fyrr for myket Standspolitikk _ meiner han _ og Eigennytte; difyre var der for litet ”Aandsmagt” i honom. Men no er det betre. I 60-aarom hadde ikkje Vinstre kunnat føra ein so lang ”Forfatningskamp som serleg botnar i den Ærekjensla, som kviler paa Sjølvstøda hjaa den aalmenne Mann”. Visst er der ogso no andre, mindre gode Grunnar med; men no gjeld Kampen i det store Fridom og Rett. Dette er ein stor Framgang, og Grunnen til den fører han fram soleis paa lag:
 
”Her er komi ei Aandsmagt til, som er aa kjenna fyre alle, som vil sjaa. Dei som leitar etter Lyte og vil strida imot, heve ofte det gløggaste Augat; soleides her og. Dei kvassaste av vaare Motmenner heve fenget Syn fyre Tingen, og det læt no med Illsken av den nye Uppdaging: Høgskularne, det er Fienden! Dette Slagordet ber inne ei dubbelt Æra fyre oss: det er ei Godkjenning av, at dei i vaar politiske Kamp heve støytt paa ei Aandsmagt, som dei søkjer, aa leita etter Kjelda til; men det er ogso ei straalande Godkjenning av det, som Høgskularne heve gjort til Beste fyre Folkeupplysningi; at 20 Aars Arbeid heve voret nøgd til aa setja so tydelege Merke. Som ved at rik Vokster kann der vel gjenom Aari verta peikt paa mangt skakt og mange ville Utvokstrar; men Bakstrævet kjenner, at det no er ved aa støyta saman med ei Aandsmagt av fyrste Slag; det stadfester seg ogso paa den andre Sida ved det, at alt som er i Ætt med Høgskuletanken og er knytt til Høgskuleundervisningi, held no paa aa fylkja seg under same Merket i Kamp fyre Folkeretten.
 
Eg veit vel, at Høgskularne vanlegvis ikkje hev drivet aktiv (&dvs; praktisk) Politikk og ikkje tenkjer aa gjera det helder. Verknaden av deira Gjerning er den, som paa Umveg fylgjer av god Upplysning. Eg vil helder ikkje beda deim forlata den gamle Vegen, som i det store heve vist seg aa vera den rette. Men eg trur, at yveralt i Landet finst der ei stor Mengd med yngre og eldre Menner, som skylder Høgskulelivet det beste, det eig, og som visst kann hava ulike Meiningar um mangt og myket, men som utan all Tvil vil stella seg saman med Folkepartiet under den politiske Kamp, som gjeng paa. Deim vilde eg berre beda aa leggja seg sterkare i; lat ingen kvila: ein kann tala, ein kann skriva, og alle kann samla Pengar til den Kamp, som visseleg enno ei Stund vil verta kvassare. Gakk i 
Samarbeide med kvarandre i dei demokratiske Samlag, som no snart finst alle Stader.
 
Dette skulde vera ei Nyttaarshelsing til Høgskularne med Takk fyre trufast Samarbeide. Maalmennerne fyre Folket i Fridomskampen kjenner den Æra, at Motstandararne no maa sanna Høgskularne det er Fienden”.
 
Slik Takk fær Høgskulen i Danmark fra Vinstrepolitikken, endaa Høgskulen ikkje heve drivet Politikk.
 
Og eg vonar, at Vinstrepolitikken ogso her i Landet meir og meir skal faa sjaa Teikn til, at naar Høgskulen paa kristeleg Grunn arbeider fyre det menneskjelege, arbeide paa aa gjera dei unge til livande upplyste Menneskjor med Kjærleik til Fedraland, Modersmaal og alt det som godt er, daa upparbeider han den Undergrunn, som aaleine kann bera eit fritt og lukkelegt Folkeliv, den Undergrunn som all Folkeleg Politikk ogso maa kvila paa, um han i Lengdi skal standa sterk og sann og vera til fullt Gagn fyre Folk og Fedraland.
 
Ein Høgskulemann.
 

Frå Fedraheimen 27.01.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum