Fraa Vik i Sogn.

Det let vel høyra, kva me Ungdomarne her i Vik driv paa med og. Difor hev eg tenkt meg, at Fedraheimens Lesarar ikkje vilde taka meg ille upp.
 
Den 17de d. M. um Kvelden hadde Songarlaget her ei liti Fest. Stova var pent pyntad med Flagg og anna. Songaranne hadde bodet inn nokre Vener av Ungdomen, og dei gjorde Hugnaden større baade med det, dei viste den Interesse for oss, at dei vilde koma, og med di dei talad. Talar vart haldne for Fedralandet, Ungdomen, Songen, Maalsaki o. s. v. Stykkje, som var trøysame, vart upplesne, og der var mykje Gaman.
 
Ja det forstend seg, at me fekk baade Mat og Drykk _ takk vera Gjenturne _ ja ikkje det, dei kallar ”spirituose”, forstend seg. 
”Ædrueligheden” var stor. So stor jamvæl, at ein var uppe og drakk ei Skaal for Avhaldssaki. Ja eg skal fortelja, at det fyrste han sa, var det, at han hadde ein Kopp og i Koppen var Mjølk.
 
”Det var godt”, sa han.
 
Dette Songarlaget held seg til ”Visurne av Heimeslaget”. Heyerdals ”Norske Songar og Kvæde” er Songboki vaar. Dette gjer, at at ikkje alle ser paa oss, og helst daa paa Styraren vaar, med blide Augo. Eg tykkjer, det er Løgje, at Folk ikkje skal unna Ungdomen ei slik skuldlaus Moro.
 
Eg skal fortelja ei Rispe, som syner kor flinke sume er til aa argumentera.
 
Ein Lærar hadde i Songarlaget sitt leset upp eit Stykkje. ”Ein Skuledag”, fraa Valdris, og der stend um Guten, som ikkje las, men ropte: ”Ko seie du, ko sa du?” Dette tykte Songaranne var mykje til Moro, og mangt vart daa fortalt uppatter. So var det ein Mann, som var sint paa Læraren for Sangforeiningi og Maalet og meir slikt.
 
Læraren hadde lyst til eit Misjonsmøte. 
Der kjem Mannen. No skulde Læraren faa vita Sanningi, meitne han. For aa ha betre Snakkety var han full _ _ . Han tok daa til um desse Skarvegreidur, desse Toskarne no fara med og bannad som fælaste. Læraren bed honom hugsa, at han er i ei Skulestoge, og at han stend i ei Forsamling, der det er mange Born jamvæl, og han maa ikkje læra dei aa banna.
 
”Du daa”, skrik Mannen, ”du lærer dei det, som verre er, du; ”ko saie du, ko sa du”, kor kjem det ifraa daa, meiner du?”
 
Me hev ein ”Yngligneforening” og, men det hev ikkje voret ein av dei beste. Men no trur me, at det skal bli greidt med den Ting og. I Aarsmøtet var stor Treknad um det, Istaden for Presten fek me Lærar Næsse til Formann.
 
Helsing til Ungdomar og Ungdomsvener ikring.
 
M. T.
 

Frå Fedraheimen 27.01.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum