Fraa min fyrste Skulegang.

Min fyrste Lærar var _ ja, det er ikkje so godt aa segja, kva han nettupp var, for han foor med noko utav kvart. Han gjekk paa Lausarbeid i Onnarne, han rodde Fiske um Veteren, og han batt Not, naar han ikkje hadde anna aa taka seg til. Han hadde fem Dalar um Aaret, fordi han var Skulemeistar, og det var visst god Betaling, for han lagde upp Pengar kvart Aaret, sagde dei. Han heite Anders, men me hadde ikkje anna Namn paa honom enn ”Skulen”. Det var ein høgvaksen Kar, han var alltid aalvorsleg og lest i alle Fall vera strid, so me Borni hadde stor Age for honom. Han var noko gamall, han hadde ei stor raud Nase og uppaa den store Nasebrillor med Massing umkring. Han gjekk med raud Toppluve, og so hadde han ein tjukk Stav med Sylvholk paa.
 
Han Anders var i Bygdi vaar fire Vikur kvar Veter. Det var eit heilt Rusk imillom oss Borni kvar Gong me høyrde, at ”Skulen” skulde koma. Me gjekk med Hjarteverk ei god Stund i Fyrevegen, og Hjarteverken hadde me, alt til han var væl ute or Bygdi.
 
So var det ein Veter, at ”Skulen” var komen igjen. Eg var aatta Aar daa og hadde voret paa Skulen ein Veter fyrr; Bror min var seks; han hadde ikkje teket til med Boki endaa.
 
No var det so, at ho Mor styrde Garden vaar aaleine i den Tidi, for Far var i Byen. Dei tykte fulla det, at me var so store, at me laut læra noko no, men dei trudde ikkje, at det kom stort utav Lærnaden, som Skulen der i Bygdi kunne gjeva oss, og Far hadde difor snakkat med ein Underoffiser, som skulde koma og vera Huslærar hjaa oss. Me gjekk og ventad paa denne Huslæraren og difor sende Mor oss ikkje paa Skulen, daa han Anders kom.
 
Eg og Bror min visste ikkje noko um denne Ordningi. Me saag, at me slapp aa gaa paa Skulen, og dermed var me væl nøgde, men rett trygge var me ikkje. Skulestova _ for dei hadde daa alt den Gongen bygt upp ei liti raudmaalad Skulestovo der i Bygdi _ laag Vegg i Veg med Borgstova vaar, og me gjorde alltid ein stor Krok, naar me skulde framum der, so ikkje ”Skulen” skulde sjaa oss med dei store Massingbrillurne sine.
 
Ein Dag stod eg ute i Tunet. Daa kom Presten framum, svingande med Stokken sin, som han alltid gjorde. Han hadde gjenget sin Tur fyre Middagen, som han ogso alltid gjorde, og var no paa Vegen heim. ”Goddag Gutten min!” sagde Presten. Eg strauk naturlegvis av meg Huva og vart raud og bljug, det var eg alltid for Presten; eg veit ikkje kvifor, men det var no so. ”Gaar du ikkje paa Skolen?” Det var nettupp i Skuletidi, so han hadde god Grunn til aa spyrja. ”Nei”, svarad eg. ”Du maa ikke tro, at du er for god til aa gaa paa paa Bondeskolen”, sagde Presten, og dermed gjekk han. Eg sprang inn til ho Mor og fortalde, at Presten hadde snakkat til meg um Skulen og kva han hadde sagt.
 
Andre Dagen gjekk Mor med meg og Bror min, Johan, burt i Skulelova. Hev du Lyst til aa vita, kor det var voret der, so høyr:
 
Tvo Langbord med Benkjer paa baade Sidur. Attmed det eine Bordet sat Gutarne, attmed det andre sat Gjenturne. Under Bord og Benkjer fullt med umaalad og raudmaalad Nistetinur. Dei fleste Borni sat og studde Olbogen mot Bordet og heldt Henderne for Øyro og las, las høgt, so det dunde etter, eit paa ”fyrste Artikel”, eit paa ”Budordi”, eit inni ”Spursmaalsboki” og eit ute i ”Spursmaalsboki, eit i Grøger” og eit paa ”Maalena” o. s.- fr.; høgt las dei alle, og i Munnen paa kvarandre, so det var eit Sod og eit Soll, som eg ikkje godt veit aa likna i hop med nokon Ting. Men same Tonen hadde dei alle i hop, og fort gjekk det. Naar dei sluttad Setningi elder det var korte Setningar, slike som ”det er”, var det liksom naar du høyrer Gauken gala. Kann henda du kunde faa høyra same Laatten, um du slipte ein Flokk kaklande Høns og ein Flokk Gaukar, sume med grant Maal og sume med grovt Maal inn i ei Stova. _ Og øvst uppe for Enden aat Gutebordet sat ”Skulen” og batt Not. Han var skjorteermad, men hadde Massingbrillurne og den raude Topluva paa, og Staven laag paa Bordet. No og daa glytte han burt paa Borni; og naar han merkte, saag elder høyrde, _ for han visste væl, kor mange Songfuglar han hadde, og kor sterk Laatten skulde vera med fullt Kor, _ naar han so merkte, at eitkvart Barnet heldt upp med Lesnaden, daa tok han Staven, slo i Borde tog skreik: ”Vil de so berre lesa Ungar!” og du kann vera viss paa, at han fekk alle Maali daa. Naar so eit Barn hadde leset det Stykkje, som han vart tilsett, høyrde ”Skulen” honom; alt vart framsagt etter Boki, med Boki sine Ord; ingi Forklaring; det trengdest vel helder ikkje, for anten las dei alt elder so fekk dei eingong i Tidi lesa ”Forklaringen” sjølve. Vart Borni for trøytte utav aa lesa, fekk dei rekna elder skriva. Soleis dreiv denne ”Skulen” det i fire Vikur kvar Veter. Tidleg um Morgonen kom Borni, og Sollet varde til langt paa Kveld. Berre ei liti Stund i Middagstidi fekk dei fri, medan ”Skulen” aat .
 
Eg fekk ein Sess innmed Gutebordet, og Johan vart sett upp næraste Skulemeistaren, som skulde læra honom Bokstavarne. Um det forresten hende noko merkjelegt den fyrste Dagen, minnest eg ikkje. Men ein utav dei fyrste Dagarne hende det eitkvart, som var so løgjet, at eg ikkje trur, eg kann koma til at gløyma det.
 
Det var alt i den Skikk og Ordning, som eg heve umsnakkat. Borni las og sollad, Skulemeistaren sat høg og vyrdsleg og batt Not, men saag ofte burt i ABC-boki aat Bror min, som heldt paa aa leggja ihop fyrste Lydi, Johan stansad. ”A... u, hvad sigger det?” sagde ”Skulen”. Bror min tagde. Daa slepte Skulen Naali og tok Guten ein liten Grand upp i Luggen. ”Au!” sette Guten i. ”A... u, hvad sigger det?” sagde Skulemeistaren igjen rolegt og høgtidelegt. Inkje Svaret. Igjen burt i Luggen. Igjen ein ”au!” No tok Borni til aa glo upp fraa Bøkerne sine, og det vart liksom noko stilt i Klassa. Men ”Skulen” merkte baade snart og væl, at det vart stilt; han slo difor med Staven i Bordet og skreik: ”Vil de berre lesa, Ungar!” og so same Sollet igjen. ”A... u, hvad sigger det?” var igjen Spursmaalet hans Anders. Inkje Svaret; rein Vitløysa. So igjen ein Lugg. Men daa sette Guten i med slikt eit ”au”, at alle Borni laut sjaa burt. ”Skulen” vart sint. Men Bror min, som var so rædd som ein skræmd Kattunge, treiv Huva, som han sat paa, gjorde eit Kast yver Benken og paa Dør smatt han. ”Skulen” etter, i Skjorteermet, med den raude Topphuva paa og med dei store Massing-nasebrillurne. Me hadde i Vissa ikkje noko aa sitja etter, naar Skulen var vekk, og so smatt me ut for aa skoda.
 
Det var Veter, som sagt, at det var helder djup Snjo, me det var Skare paa Snjoen, so sterk, at han paa fleste Staderne bar ein Mann. No laag Skulestova uppaa ein Bakke; det gjorde alle Husi paa ”Haugarne” so nær som Uthusi, dei laag ned uppunder Bakken. 
Johan sette Kosen ned imot Uthusi; Skaren bar honom flat. Han hadde Fyremunen, so det maatte vara ei Stund, fyrr ”Skulen” fekk fat i honom. Skaren bar honom Anders og; men han sprang ikkje; han berre steig og stakad fort nedetter. Midt i Bakken, saag det ut, som ”Skulen” naadde i Galningen; han treiv alt etter honom. Daa fer han braadt igjenom med eine Foten; han styp og gjer eit Rundkast, og vekk vert han i Snjofonni, medan Bror min, stygge Galningen, fyk nedetter like ratt som fyrr. Det tok ei god Tid fyrr ”Skulen” fekk Snjoen or Augo, og endaa lenger varde det, fyrr han fann att den raude Topplyva si og Massing-nasebrillurne.
 
Daa han kom uppatt, var alt i Ordning. 
Me hadde sett oss til aa lesa, lesa so høgt, at dei maatte høyra Sollet langande Veg, for me var rædd, at han var sint. Men han sagde ingenting, sette seg til aa binda paa Noti og var som fyrr.
 
Johan laut paa Skulen andre Dagen. Han hadde liten Hug, som ventande var, men Mor sende honom av. Han hadde ventat seg ein Refsedag, men Skulemeistaren gat ikkje Ordet, anten det no var, fordi det var ”kondisjonerade” Folk sitt Barn elder utav andre Grunnar. Det var som han hadde gløymt det. Den Maaten aa læra Bror min aa stava paa, hadde han vist ogso gløymt; han brukte aldri den sidan.
 
Eg minnest ikkje stort meir fraa min fyrste Skulegang enn dette der; men um honom Anders Skulemeistar minnest eg endaa eit. Det største Meistarstykkje han visste aa segja utav i all Lærnad var det aa kunna skriva heile Fadervaaret paa so litet eit Rom, som ein Halvskilling er stor til.
 
E fekk dessverre aldri sjaa dette Meistarstykkjet gjort, for no kunne han ikkje lenger gjera det, sagde han; Augo vilde ikkje lenger slaa til, men i sin Ungdom hadde han gjort det, og endaa meinte han, at han kunne skriva det i ein ”Kopar-tvoskilling”. Eg minnest godt, kor eg balad med denne Kunsti, daa eg væl hadde lært aa skriva, men ikkje fekk det til, dette Meistarstykkje i all Lærnad. Kor det stod til med dei andre Kunnskaparne hans veit eg ikkje; men at det var ein Skulelærar med stor Livsrøynsle (Livserfaring), det er eg viss paa, og det maa vel du ogso skyna, naar han kunne leggja upp Pengar kvart Aar med fem Dalar i Løn um Aaret. Dei hava fulla meir Skulemeistaranne no um Dagen, endaa det kann koma an paa, um dei alle kann skriva heile Fadervaaret tydelegt og leselegt i ein ”Halvskilling”; men eg trur ikkje, at det er mange av dei, som legg upp Pengar kvart Aar likevæl, so som gamle Skulemeistaren i Heimbygdi mi gjorde.
 
(Dag).
 

Frå Fedraheimen 27.01.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum