Tidender.

Kristiania, den 26de Januar.
 
Riksdagspræsident Berg i Danmark vart førd i Fengsel Sundagsmorgonen. Eit engelsk Blad skriv um denne Saki; ”Det er slike Handlingar som kveikjer upp ein Revolusjon”.
 
Folkehøgskulelærar Niels Skaar er daaen, 29 Aar gamall.
 
Gilde for Regjeringi skal haldast um Laurdagskvelden.
 
Norsk i Skulen. Skulekommissjonen i Øystre Gausdal hev sagt ja til Bøni fraa 4 Skulemeistrar i Bygdi um at dei maatte faa bruka ABC-boki hans A. Austlid paa Skulen, naar Foreldri ynskte det.
 
Nordmannen hevdad Ryet sitt som Skeisekongar. I Hamborg var det innbodet Skeisarar fraa alle Verdsens Kantar. Aksel Paulsen vann fyrste Premi i Lengderennet, og Werner i Kunstrennet.
 
Fleire Preiketekstar. Styret for den teologiske Foreining gjorde Upphavstaket og gjorde Forslag um tvo nye Tekstrekkjur jamsides den gamle. Etter at Bisparne hev fenget sagt si Meining, er Utkastet no sendt attende til ein Komite, som var sett av den teologiske Foreining, det er: Professor Gisle Johnson, Prest Sven Brun og Professor Dr. A. Bang.
 
Den norske Statskyrkja er no den einaste lutherske Kyrkja, som berre hev ei Tekstrekkje. I Danmark hev dei tvo, i Sverik 3, i Sachsen 7; det vanlege skal vera 8.
 
Sundhedsbladet”, styrt av Lækjar Oscar Nissen, Formann i ”Det norske Totalafholdsselskab”, er utkomet for Januar og inneheld:
 
Aandedrætsapparatet (med fire illustrationer); vandbehandling i gamle dage; fortælling om en østerlandsk konge; en streng kur mod brugen af morfin; uldundertøj; giv pattebørn vand; kogt vand er en sund drik; dagsværket i barnealderen; den trehjulede velociped; hvem er det koleraen angriber; giftige farvestoffe; søvnløshed; Til Leserne af ”Sundhedsbladet”; Louis Pasteur (med portræt); Alkohol og dens virkning paa det menneskelige legeme; alderen hos forskjellige dyr; oldtidens tandlægekunst; pligtopfyldende læger; Pasteur; kokain; en sjelden by.
 
Bladet gjeng ut fraa Kristiania kvar Maanad med eit Hefte i stort Oktav paa 16 Sidur i Umslag og kostar Kr. 2.50 Aaret.
 

Frå Fedraheimen 27.01.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum