[Tidender.] Ein Eldebrand.

Eg sat med Handi under Hoka og saag tanketom ut paa Gata. Folk ruslad rolegt fram og attende som vanleg. Der kjem ein Konstabel slengjande, han ser ut som han var leid av aa ganga slik med tome Hender, han lengtar visst etter aa taka fatt i einkvar. Med eit fyk der ei Brandvogn framum. Uppi sit der 4 _5 Brandkonstablar med blanke Hjelmar, dei ringjer paa ei Klokke og køyrer alt det Hesten orkar traava paa. ”Brand!” skrik Folk og myldrar avgarde til same Kanten. Der kjem ei Brandvogn til! Og ei til, og endaa ei! ”Aa, det er visst ein stor Brand”. Gata er snart proppfull. Eg ut og fylgjer Straumen.
 
Eit Stykkje burte er ei Lyse uppi Lufti. 
Der er det nok! Eit Stykkje til, og so stod eg, so eg saag alt samen. Svarte, tette Røyksky gauv upp fraa Taket av eit høgt Hus, og smaae raude Eldtungur stakk ut her og der iblandt, slikkad seg ikring og smatt inn att. _ 
Røyken minkar lite, det saag ut til at dei hadde vunne yver; men rett som det er velter der ut fæle Massur av Røyk og Logar, Gneistarne fyk upp og dalar ned att. No ser det ut som dei vann ikkje paa Varmen. ”Jau, ver du roleg”, vert det sagt, ”her er slikt eit godt Brandvæsen, at dei greider det nok”. Der kjem ein av Brandfolki sprengkøyrande til, han hoppar ut av Sleden, endaa med hesten er i fullt Trav. _ 
Atter maa Loge og Røyk gjeva seg for Vatsspruten fraa Slangarne; men sjaa der! Aa, det bryt ut ut paa tvo andre Stader! Det var storslegt aa sjaa. Heile Gata nedanunder, var fyllt av brandlykter og biksvart imillom, det saag so æventyrlegt ut. 5 _6 Gonger maa Elden gjeva seg og likso mange Gonger bryt han fram att. 
Staute Gutar dei misser ikkje Motet, men arbeider like traust. Det er gildt aa sjaa med dei tvo Stormagterne, Eld og Vatn, slæst paa Liv og Død; dume Don høyrest fraa Elden, daa han vert dregjen attende. Vatsspruten høyrest so livleg og unaleg derimot, han vil frelse og er sikker paa Sigeren. Endeleg døyvest Elden og slær ikkje ut att meir.
 
Med eit dundrande Hyrra ynskjer Brandmennerne seg til Lykke som Sigrarar, og Folkemugen sett i med; dei ser etter enno ein Gong um alt er sløkt væl og køyrer avgarde.
 
Folkehopen løyser seg etter kvart upp og stryk kvar til sin Kant. Og so er det snart so stilt att, som um ingen Ting hadde hendt.
 
_ g.
 

Frå Fedraheimen 13.02.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum