[Tidender.] Fullmagtsnemndi

hev havt mange vande Spursmaal til aa avgjera. Fyrst var det um tvo dømde Statsraadar, Helliesen og Holmboe, som var valde fraa Arendal og Finnmarki. Fleirtalet, 7 Mann, fann at dei ikkje var lovleg valde, at difor Valet maatte ganga upp til inkjes og Suppleantarne kallast inn i Staden. Dei meiner, at § 50 i Grunnloven, som segjer, at kvar den hev Røysterett, som ”har været Embedsmand”, den kann ikkje gjelda her, daa Statsraadarne er dømde fraa Embættet sitt. Dei meiner elles ikkje, at Røysteretten deira er mist for alle Tider, berre til dess dei fær anna Grunnlag for han, enn det, som dei vart fraadømde. I Innstellingi 1884 er det og berre talat um at Statsraadar skal kunne veljast utanum Bustaden sin i slike Tilfelle, at dei hev gjenget ut av Kongens Raad ”paa Grund af Uoverensstemmelse i 
Anskuelser med Stortinget eller dets Flertal”, men ikkje er det nemnt, at dei skulde hava Retten like radt, um dei hadde vortet dømde fraa han.
 
Tvo Mann i Nemndi, Dahl og Bang, vil hava Statsraadarne godkjende. Dei meiner, at naar Kriminalloven 2 _36 segjer, at den, som er dømd ifraa Embættet, dermed ogso er dømd fraa alle Retter, som fylgjer Embættet, so gjeld ikkje dette Rikrettsdomar.
 
Valet i Kristiansund vil Fleirtalet ogso hava umstøytt. Dei tvo Parti var der umlag jamsterke; det vart valt 10 Menner av Høgre og 4 av Vinstre, ein vart valt med 318 R., tri med 317, fem med 316, 4 med 315 og ein med 314 R. Dei 8 fyrste Valmenner hadde 314, dei tvo næste 313 R.
 
Dei klagar paa, at berre Høgre- og Vinstrestolarne vart reknad i hop, utan at kvart Namn vart ettersett, og daa dei hadde tømt alle Konvoluttarne, fann dei paanytt ein Setel, som dei tok og godkjende; der kunne soleis godt hava voret fleire Setlar i Konvolutten. Ein Røystesetel vart og vrakad utan Grunn.
 
Fleirtalet meiner, at i slike Tilfelle, der det minste Mistak kan vera avgjerande for utfallet, der kann ein ikkje vera for streng nok.
 
Valet i Jarlsberg og Larviks Amt. (Vestfold), vil alle so nær som Bang hava umgjort for Skuld Valet i Stokke. I Stokke var det etter Manntalet 503, som hadde Røysterett, det vart difor valt 6 Valmenn. Daa Valmennerne kom saman til Stortingsval, vart det klagat yver Stokkevalet, Avgjerdsla vart sett til Stortinget.
 
No finn Fullmagtsnemndi, at 4 Menner er innførde i Manntalet utan lovleg Grunn. Det er daa sendt ein Valmann for mykje. I dette Tilfelle held Kommiteen seg til Valloven § 26; ”Hænder det, at ikke alle Valgmændene eller i disses Sted Suppleanterne... som lovligen valgte blive antagne, da fremmes Forretningen af de Mødende, hvis Valg er kjendt gyldigt”. Um rett var, skulde daa Valforsamlingi vist Stokkemennerne heimatt, men i Tilfelle Stortinget no samtykkjer Kommiteinnstellingi, so maa Stortingsvalet umgjerast, Valmennerne maa koma isaman att, utan at Stokkemennerne fær vera med.
 

Frå Fedraheimen 13.02.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum