[Tidender.] Ullmann og Kristiania-Bohémen

(Del 1 av 3.)
Daa det gjeng ymse Rødur um det, at Ullmann var med paa 
”Afskymøtet” til Studentarne, skal me herma Ordi hans etter det ordrette Referatet av Forhandlingarne, som no nett er utkomet og kostar Kr. 0.75. Folk fær daa sjaa sjølve kva dei tykkjer:
 
”Eg vil segja um ”Beslaglæggelsen”, at um den kunne ein ikkje segja nokon Ting utanfor Kristiania, fordi me fekk ikkje Lov til aa lesa Boki. Men so kom ein inn til Kristiania, og der fekk ein lesa ho, det er nemleg ikkje fritt for anna, enn at det let seg gjera endaa. Og naar ein so las Boki, fekk ein for det fyrste Kjensla av, at det visseleg ikkje er det som me i gamle Dagar vilde kalla ei moralsk Bok; men so fekk eg paa den andre Sida Kjensla av, at det er ei aalvorleg Bok, og at det er ei Bok, som ein væl ikkje vilde sjaa i Henderne paa 13 _14aaringar, men som vaksne Folk burde hava Lov til fritt og umeinkad aa lesa, fordi der er Spursmaal framme, som vaksne Menneskje i vaar Tid trong til aa taka upp i Ordskiftet. Eg vil segja, at naar slike Ting, som det vert fortalt um i Boki, fær Lov av Justitsdepartementet til aa ganga for seg i Landet, so syneset det meg, at ein burde ogso av Justitsdepartementet hava Lov til aa skriva um dei same Ting, som for seg gjeng.
 
Men paa den andre Sida kann eg so godt setja meg inn i den Tankegang, som hev voret paa Regjeringi si Side. Me er ikkje komne lenger enn at me ikkje torer leggja slike Ting fram for Allmansaugo. Eg skal korkje lasta elder lova Regjeringi i denne Saki. Ho hev gjort det soleis som Folk flest held for aa vera rett.
 
Eg kann berre segja, at det er godt, at Boki liekvæl er komi sovidt ut millom vaksne Menneskje, som ho er. Det Inntrykk, som eg fekk av ho, var dette, at det nærmast er noko, som høyrer til dei store Byarne, dette som gjeng for seg i Boki, me hev fælt lite aa gjera med det, som er framme i Boki, i dei Høve, som me hev det paa Bygderne. Men for dei av oss, som hev vakset upp i dei store Byarne, og som kjenner litevetta til, koss det er lagat her inne, for dei stend det so, at denne Saki, som daa elles meir og meir kjem til aa gjelda noko meir enn dei store Byarne, denne Saki maa me eingong for Aalvor byrja taka fat paa.
 
Imot dette store Meinet, imot Prostitusjonen, er det ikkje nokor onnor Raad, tykkjer eg, enn ei av dei tvo, som Jæger nemner, og so ei tridje, som eg for min Del held paa. Den eine er den, som han alt nemnde i den vidgjetne Talen sin i Arbeidarsamfundet. Den andre er den, han peikar paa i Boki; det er den, som gjeng ut paa det friare Samliv millom Kjønni. Det er ei tridje, og den er det, som eg for min Del held paa. Kjærleiken er noko reint anna, enn som Jæger hev Inntrykket av han, det er dette, som eg trur ogso er det einaste, som frelsar. Men naar ein ikkje hev det, som kann vinna fram til dette Forhold; naar Livsens Høve er slikt lagad, ved Arv, ved Uppaling og ved alt, som hopar seg saman um eit Menneskje, at ein ikkje orkar eit slikt Forhold, no væl, so tykkjer eg, ein fær freista ei av dei tvo andre Raaderne. Dei Menneskje, som ikkje er so lukkelege, at dei eig Magti i seg, at dei eig Evni i seg, at dei hev Høvi til aa kunna koma til det, som eg kallar den einaste Goden: ein Mann sambunden med ei Kvinne og ikkje berre i det seksuelle, nei sambunden baade sjæleleg, aandeleg og hjarteleg, sambunden so, at ein slepper ikkje for nokon Pris i Livet den Kvinna, at ein ikkje for nokon Pris i Livet er utrugen mot den Kvinna _ no væl, dei som ikkje er so sæle, maa iallfall faa taka den Saki upp til Ordskifte: korleis skal daa me andre Usælingar bera oss aat? Og det er det eg meiner, at Jæger hev kastat so aalvorleg dette Spursmaalet fram, med di han hev stelt oss for Augo, at der finst ein heil Del Menneskje her i Landet, som ein ikkje utan vidare so vist kann visa til denne Ting, eg nemnde, fordi dei ikkje hev Vilkaari, ja ettersom Høve deira er lagad, ikkje kann hava dei.
 
Dette, at Jæger hev komet og spurt: kva skal me andre gjera? _ det er det, som i mine Augo hev gjort Boki til noko, som ikkje skulde voret konfiskerat, sjølv um ho av andre Grunnar burde hava voret det. Eg veit godt, at der er store, store Flekkjer ved ho, og eg skulde ynskja for min Del, at ho hadde voret skrivi soleis, at det kunne hava voret burte der, som soleis gjer det audsynlegt i Regjeringi sine Augo aa taka ho, eg veit ikkje, um Boki ikkje hadde gjort endaa sterkare Inntrykk paa aalvorlege Menneskje daa.
 
Det er smaatt det, eg hev havt aa segja; men eg vil faa Lov til aa leggja det fram som ein Vitnesburd _ sodant eit Gudsord fraa Landet, um De so vil _ ein Vitnesburd um, at det ikkje er alle, som kallast ”pene” Menneskje i Landet, som ikkje forstend, at der bak Jægers Bok er noko anna enn berre reint ”Svineri”. 


Frå Fedraheimen 13.02.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum