Eit og anna fraa Folkelivet paa Agder.

(Del 2 av 3. Fyrste delen.)
Ved H. Seland.
 
 
2. Fordomar og Ovtru.
 
Um Born.
 
Ein maa aldri la Born sjaa seg i Spegel; for daa vert dei ”vanskelige” aa leida.
 
Helder ikkje maa ein kyssa dei paa Munnen; for daa vert dei so vonde te aa tugta.
 
So maa ein agta seg og aldri hogga mæ Øks i ei Dørsvill; for dersom ei Kone, som gjekk mæ Baan skulde vera den fyrste, som gjekk yver Svilla etterpaa, so fekk Baane hennar ”Dørhogg”. (Skaar i Tunga).
 
Og dersom ho klær eit Lik, fær Barne Liklét.
 
Naar Bonna fort fær Tænner, so fær Mor’a snart eit te.
 
Naar eit Baan skriker stygt ska dæ hjelpa, aa skjera ut Namne paa dæ paa Loftsbjelken, som er næraste Døra. (Sml. Runeristninga).
 
 
Veere og Aare.
 
Naar Poddetrausken (Frosken) har ljos Lét’ kann ein venta godt Veer; er han mørk, so er dæ Teikn te Uveer.
 
Naar Ljaaen slettes inkje vil bita, so kann ein vera stød paa dæ vert Uveer.
 
Dæ same ska du merkja deg paa dæ, at Katten et Gras. Likeso naar Katten og Skjora vaskar seg.
 
Fyrste Gongen ein ser Kraaka um Vaaren ska ein merkja seg: Dersom ho skrik stygt, so kann ein venta seg vaatt Aar, tigjer ho still, so vert dæ godt Aar.
 
Naar den eine Enden av Regnbogen ”drikker Vatn” &dvs; staar mæ den eine Enden i Vatn, so kjem dæ meir Regn.
 
Naar ”Lihesten” (Grønspetta) skrik stygt, so segjer Folk at dæ kjem snart regn.
 
Og naar Sola drikk Vatn, so tyder dæ dæ sama.
 
Naar dæ dryp tri Dropar paa Nordsida av Kyrkja um Kyndelsmesdagen, so fær ein godt Aar.
 
Er dæ godt Ver ”Dimblevika” (”den heilage Vika”) so vert dæ regnfullt Aar.
 
Snøar dæ Sumarmaalsdagen, so ska dæ koma 9 Snøar te fyrr den rigtige Sumaren.
 
Naar dæ frys Marimessenætarne, so vert dæ lite te Nøter um Hausten.
 
Dersom den fyrste Linerla ein ser um Vaaren flyg høgt, so fær ein mykje Korn.
 
 
Um Feigd.
 
Naar Likkista bli staa-ande lenge paa Tune, fyrr ho bli bori te Kyrkja, ska snart ein annan fraa Garden fylgja.
Naar tvo Straa o. l. av seg sjølv legg seg ikors paa Golvet, so er ein i Huse feig.
 
Naar ein Rev gjeng gjenom ein Gard, so er ein paa Garden feig.
 
Kjempe kallast sumestad for Likblom, for naar ein um Kvelden plukkar dei kvite Støvdragarar burt, so er ein feig, dersom dei er komne att um Morgon.
 
Naar Gravhaugen vert laag, so ska snart ein fraa same Garden fylgja.
 
Brukar ein aa drikka av Gryta, so kann ein ikkje _ naar ein ligg for Døden _ faa døy, fyrr dei kjem mæ ei
 
Gryte, ein kann faa drikka av.
 
 
Um Elskhug.
 
Til aa vissa seg, um ein hev Gjenkjærleik hjaa Kjærasten sin, skal ein plukka Raudblomarne paa Jonsokblomen ein for ein, medan ein segjer etterkvart: Ho (han) elskar _ overmaate _ av Hjarte _ mæ Smerte _ noko lite _ slett inkje _ og dæ Ord, som fell inn mæ den siste Blomen, dæ er Maale for Elskens Styrkje.
 
Naar ein um Jolafta Klokka 12 gjeng 3 Gonger baklengs rundt Huse mæ ei fyllt Grautause i Handa, so fær ein sjaa Kjærasten sin; men um ein skal døy dæ Aare, so fær ein sjaa ei Likkista.
 
 
Ymist.
 
Um gauken segjer dei her:
 
Nor _ naade,
Syd _ saade (saa),
Vest _ Vilje,
Aust _ Lilje.
 
Naar ein stukar, mykje i Stova mæ Ølet ”gjeng”, fær ein klent Øl.
 
Bonn fødde paa Torsdag og Sundag bli gjævaste Folk; yver dei hev Trollskapen ingja Magt; og dei kann aldri bli Bytingar.
 
Dersom den fyrste Kraaka um Vaaren sit, fyrst ein ser ho, so vert ein doven og lat um Sumaren; men dersom ho flyg, vert ein kvik.
 
Dei tri fyrste Kvitveis (Symrur) ein ser um Vaaren, skal ein eta upp, so vert ein fri for Ormehogg um Sumaren.
 
Naar ein tenkjer paa Ormen, kjem han aldri.
 
Naar ein ikkje kann faa Smør av Fløten, so skal ein ta ei Splint av ei ”Flogran” og setja i Kinnetvorsa, elder au skal ein mjølke noko Mjølk gjenom ein Gullring og skvetta den paa 3 Kyrkjeveger. Dæ skal hjelpa.
 
_ Kring Fjos og Lødur kjem dæ sumetider nokre ”Trollklakser”, dei kallar. Desse er utspreidde av Trollkjeringar. Vil ein vita kven dei er komne fraa, so skal ein ta ei og brenna paa eit Baal av 7 Slags Honved (av Tre, som hev Hankynsord te Namn). Daa kjem Trollkjeringa framum og spør etter ei Ku, som hev kome burt for henne.
 
Dæ var ein gamall ”Patriark” i Heimbygda, som fortalde meg dette her. Han hadde sjølv prøvt dæ den Tid han var liten, og daa kom straks etter ei Kjering fraa Grannebygda, som hadde Ord paa seg for aa vera Trollkjering _ og ho spurde etter ei Ku, som ho hadde misst.
 
 
Bytingar.
 
Naar eit nyfødt Barn skal leggjast i Vogga, maa ein passa paa og ikkje gløyma aa leggja ei Salmebok og noko Staal _ t. D. ei Soks, ein Kniv hell ein Ljaa under Hovudet og Føterne; for hellest kjem Trollskapen og tek Barnet og legg eit av sine istaden.
 
Dei som Trollskapen legg istaden, vert kallad Bytingar, og naar Folk hev fenget eit rigtigt dumt Barn, so skal du tidt høyra, at dei legg det ut so, at det var ein Byting.
 
Kjennemerkjet paa Bytingarne er: eit urimeleg stort Hovud, veike, kleine Føter og at dei er svært dumme. Derav hev Folk gjort dæ Ordtøkje: ”stort Hovud og lite Vit”.
 

Frå Fedraheimen 13.02.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum