Han og ho.

(Av Torgeir Bjørnaraa ).
 
Dei leikad’ saman Barneleik
i Livets fagre Vaar.
Dei talad, lo og gret i hop
dei fyrste Barneaar.
 
Og Tidi burt som Skuggen sveiv,
i Soli Blomen spratt;
dei tvo, som tidleg skildest aat,
i Leiken møttest att.
 
Han sprette seg i Dansen kaat
og gjorde Hallingkast.
Ho svingad seg so lett ikring
og heldt i Handi fast.
 
Han gjekk so staut og sterk og fri,
so full av Ungdomsmod.
Ho kom so lett og leikande
med blauge Smil imot.
 
So møttest i eit Augnakast
i Leiken han og ho:
som sveipt i Solglans Livet laag,
og alting song og lo.
 

Frå Fedraheimen 13.02.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum