Me minnest for lite av det fine i Livet.

Ungdomstidi gjekk som vanleg; eitkvart leidt Innhogget i den unge Barmen trefte nok millom dei mange sæle styrkjande Stunder. _ At sæle Stunder var meir enn usæle kunne skynast, naar ein saag ein sunn kvik Unggut, som endaa ikkje visste, at Aalvorstankar kann setja Furor paa ein sorgfri Skalle; men etter kvart ein veks og kjem meir og meir i Vindsleten er det godt aa hava gode Røter. Det er som Valkyrjurne tenkte seg meir store, naar dei med Kvervill kann rie neaat eit raktvakse Ungtre. Mange bli berre vindredne, men daa udugande til aa skaffa gode Evntre. _ Ein ung Gut kjem snart so langt, at han spør undrande etter mangt. Kvifor gret eg, daa eg var liten? Fordi du hadde som ei Fyre-buing um all Lidingi, vilde sume svara. Kvifor lo eg daa? Fordi du vilde koma til aa lægje aat at alt er Narreverk og Tufs. Det er lite kveikjande for ein, som enno er laus og vene, aa faa slikt te Neste paa Vegen. Han vilde vonleg trøytna; men at han vøre svolten vorte det verste, fyrr han hev faatt Avsmak paa Mat. Trøyt og hugsliten som han vøre snøgt det seig innpaa honom ein Tanke, som han ikkje havt Hug til aa gaa med i Magtløysen sin. Han set seg paa ei vaat Tubbe og leitar etter eit Utsyn, som kunne gjeva Kvild for Augom og Tankom. Han ser eit Vatn med lauvklædd Bjørkelid neat; ein Fiskarbaat glir ut fraa Landet med linne Aaretak, nokre Endar uroast ved dette. Ei Elv med kvite Fossar iblandt kløyver Lidi i tvo for aa koma like aat Vatnet. Ho gjer lite Blasker burtyver fra Landet, men stilnar snart av. Det smaae gaar upp i det store, tenkjer Guten. Men det var meir Perlor paa Vatnet naar det gjekk imot Steinom ovantil Elvi, Motstand skal til fyrr det beste syner seg, og det syntest han var noko for seg sjølv det. I Solrenningi er dette eit fint Syn; men Augo leita lenger og fylgjer Elvi uppyver mot dei graae, sundrivne Fjelltinde, som er innestengde med Skodde. Det gav som ein Støkk i honom. Lidi, Vatnet og Fiskarbaaten, alt med Solgull paa, det vilde ikkje Minnet halde paa. Daa tvilte han for, at Visaren var taakomen. Det innskodda Fjellet det drog og det drog: det bad til seg Slekti si der inne i Guten. 
Naar var ho flutt dit, maa tru? Han likte ’kje hava Kjennskap med Skoddeslegt, men noko kalde Bokgufsar hadde gjort honom higrin. Han likte ikkje noko etter han hadde høyrt, at alt var i Samlag um aa smaapina Livet av ein. Han syntest det høvde best med Hugen sin aa sjaa burti det innskodda Fjellet. Daa bryt det seg fram i honom: Kvifor vil eg hava Mat aat eit Liv med berre Graat? Aa eta ei Gong meir vert vel aa graata ei Gong meir og faa Lummurne sine fulle av feilslegne Haap og slikt burtyver til
Solaglad. Daa lyt ein segja med Vinje-guten: ”det myrknar ikring deg naar so du kjem frametter imot di Grav”. Guten stend der udugande til aa gjera noko godt, lik ein Vengjeskoten Fugl, som hev tapt Evni til aa fljuga og inkje kann gaa. Guten hev misst Dugen til aa tenkja foryngjande Tankar og til aa arbeida og sjaa Signingi i det. Han minnest alt han hev høyrt um ulukkeleg Elsk og bleikgraatne Ungdomsliv; men endaa han hev so ei Visse i seg sjølv um at han hev det meir fagert og friskt, so er hans Evne til aa tenkja myrke Tankar vortet so stød, at han inkje kann sjaa anna enn Skuggesidur, endaa han merkjer slike Tankar syg Safti or honom. Guten synest at alt var bleikt og audlegt som Maaneskin ei graakald Haustnatt. Ein Kvervill var han kome i, som inkje var stort likar enn Dauden. Daa tenkte han, at var det i Livet han var burti Kverven komen, so fekk Livet hjelpe honom or att. Han trudde at det hadde Lækjarevne i seg sjølv. Tok han det inkje slik, det skulde takast, hadde han sveltefødd dei glade Tankarne sine og gjødt upp dei uglade; slik viste det seg. Han vilde prøva aa koma or Kvervillen att, det fekk gaa som det kunne. Var det verkeleg Synet paa Livet og Atterskinet i Menneskje, som gav so ulike Bilæte av sume Ting? Var der Blomstringsevne i alt, som var Groevne i? Det hadde Livet sagt nei til, difor galdt det um aa finna Tankefrø med Blomstringskraft i. Han drog fram ei heil Horg med Tankar og saag i Knuppen paa deim; men han var i Tvil um mange av deim var Prøva verd. ”Alt, som lever er underlagt Kjærlighedens Gjenskabermagt, bliver den bare prøvet”, hev Bjørnson sagt ein Gong for lang Tid sidan; men han segjer inkje sannar. Det var daa verkeleg noko, som er verdt aa elska enno, og det var inkje berre tungt og leidt, det hadde han fraa sitt eiget Liv. Han hadde elskat og vart elskad og det var det leide. Han tenkte paa sitt Liv og paa Naturen ikring seg, og det var meir godt enn illt paa alle Leider. Han sterknad og saag han gjorde meir Arbeid den Dagen; han tenkte ljose og glade Tankar og var glad han gjorde Gagn som Menneskje og gjorde andre glade med seg, enn naar han gjekk sturen og tagall og saag seg harm paa all Ting. Han forstod ikkje, kvifor dei helst vilde skrive um tunge Dagar og alle Slags Brest og Veilor. Det var ikkje sunnt for eit Folk berre Glee og helder ikkje berre Sorg. Ein Sumar med berre Himmel vilde vera eit godt Bilæte av eit Folkeliv forutan Sorg og Motstand; men han vilde ikkje skaffa nokon Vokster, og mang ei Uppkoma vilde turkast burt og mange Fjellbekkjer tagne, fyrr dei fengje songe ut. Ein synest ogso Himmelen er finast med Sky og klaare Drag um i han. Eit Folkeliv med Brytningar og vaagsame Stunder vert det sikraste og skapar dei største Evne og dei beste Viljar, tenkte Guten. Eit Vers av Bjørnson rann i Hugen hans att: ”Vær glad, naar Faren veier hver Evne, som du eier! Jo større Sag, des tyngre Tag, men desto større Seier”. Han sagde desse Ordi høgt for seg sjølv, steig upp fraa den vaate Tubba han sat paa, og kjende seg so glad og lett, at han song.
 
Han steig upp paa den høgste Nuten, han kunne finne, so han hadde Utsyn yver heile Dalen. Mange Tankar rann i Hugen hans medan han sat der upp paa Nuten. Ein er ikkje tent med aa sjaa berre burti Myrkret hell, tenkte han. Skumringi og Kveldsynet peikar dei mest paa no. ”Morgonstund har Guld i Mund” nemnest ikkje. Rettigt set hev Sorgi Finleik ved seg, men formykje av henne og for lengje tenkt paa henne er Skade likesovæl som for mykje taa kva som helst anna. 
Eit Maalarstykkje med berre ljos Lit er ikkje aa faa sjaa, diat det ikkje tiltalar korkje Maalarar hell nokon annan. Ei Bok med berre Vællæte og Glede vert ikkje skrivi, daa ingen Diktars Strengjer berre er stemde for sovore. Vinden gjer mykje Ugagn paa Landet som paa Sjøen og mang ein Baat baade liten og stor fer illa. Kann me kanskje unnvera Vinden for det? Nei! Lufti vilde bli tung og Vatnet rotna. Er Vatnet fint, naar det er stillt, so er det ikkje mindre fint, naar det gaar ein svalande Byljegong yver det. Tek ein eit Grev og grev ned i ei Myr, legg det seg Ureinske paa det, so du ikkje ser, um det er staalsett. Prøvar ein i ein Sandhaug, bli det blankt og Staalsetningi syner seg, er det nokon; er det ikkje nokon, kann det ikkje brukast til store Arbeid. Eit Folk magtar ikkje store Uppgaavur, som toler berre tunn Omnsluft. Kjærleik er ei stor Magt. Mange Offer hev ho kravt og krev enno. Graat og Liding hev fylgt henne, men er ho difor ein Uting? Med Fridomen hev det voret slikt Slag, med Kunst og Vitenskap det same. _ Alt stort krev Offer og Livet ogso sitt, men er det ikkje Offeret verdt? Kjærleiken er ei Stormagt, Fridomen ei, Kunst og Vitenskap ei; men med ei Stormagt skal ein ikkje gaa paa Leik og Eggjing, misstek ein seg Gong paa Gong mot henne, hemner ho seg sjølv. Hadde han fyrr set berre Skuggesidur, saag han no ogso Ljossidurne i Livet.
 
Av Liv er Tanken fødd; av Liv nærest han; Livet er hans Lærar, til honom stundar han. Legg daa ikkje for tidlegt for tung Hand paa honom!
 
Slidre i Valdris.
 
Ein Bondegut.
 

Frå Fedraheimen 13.02.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum