Soveraader.

(Del 1 av 3.)
(Brev fraa Paris¹).
Dei hev det med Rider her nede i Paris.
 
I dei siste aatte Dagarne hadde dei havt slik ei Urid med aa slaa kvarandre ihel. Det var eit Mord til kvar Dag, og stundom væl so det, og alle Blad var fulle av Lik og Blod og Knivar og Styggedom.
 
Franskmennerne saag ut som dei ikkje brydde seg stort um dette. Dei hadde det til Samtaleemne, dei gjorde Skjemteord um det og lagad aandfulle Bladstykkje av det; men hellest stelte dei seg som dei plar gjera, og saag svært likeglade ut.
 
Men for ein framand, som gjekk her og tuslad aaleine, kunne det ikkje vera so greidt. Naar han høyrde og las um drepne Folk og stolne Pengar fraa Morgon til Kveld, kunne han koma til aa tenkja som so: næste Gongen er det ditt Liv, det gjeld, og dine Pengar, som Fantarne vil hava.
 
So gjekk det med meg. Dei fyrste Dagarne tok eg det rolegt; eg hadde lite Pengar og godt Samvit. Men tilslutt gjekk det yver meg; eg vart rædd.
 
Istadenfor aa sova um Næterne laag eg og tenkte paa Mordarar og Tjuvar. Dei kom, og dei braut inn, og eg hadde berre ein liten Toten-Tollekniv aa verja meg med; eg forsvarad meg som ein Kar, naturlegvis, men drepen vart eg, og so opnad Politiet ein enguète ²), og eg vart skoren upp og vist fram og lagt paa Likhuset og sett i Bladi, og eg veit ikkje kva det var alt, som eg laag og tøvde i hop i dei lange seige Timarne uppetter mot Morgonstundi.
 
Huset, som eg bur i, er der ikkje noko aa segja paa. Det er likso trygt som andre Hus her i Paris: Men eg hadde funnet ut, at det maatte vera urimeleg lett for ein Tjuv aa koma inn og ut her, kva Tid paa Notti som helst, utan at nokon lagde Merkje til han.
Naar ein vil inn um Notti her, so er det berre aa ringja paa Portklokka. Portlyklar brukar dei ikkje her. Ein ringjer paa, og so gjeng Porten upp av seg sjølv; ingen kjem ut. Drengen, le garcon, som hev med aa passa Porten um Notti, ligg inne i Romet sitt og søv. Naar han vert vekt av Klokka, so berre dreg han i ei Snor; daa veit han, at Porten gjeng upp, og so legg han seg til aa sova att. 
Stakkars Fyr, han kann nok trengja til det.
 
Her som eg bur, er Drengjestova i Parterre, fyrste Høgdi som me vilde segja, like ved Troppi. Gjenom ei Glasrute i Muren kann Guten, naar han vil, sjaa, kven det er som gjeng upp og ned. Men han kann ikkje staa der og glo um Notti, kann du vita.
 
Ei Nattlampe stend i Rutekarmen og brenn, so dei, som høyrer Huset til, og som kjem seint heim, kann sjaa aa finna Lyklarne sine. Desse er og utlagde i denne Karmen. Det er Meiningi, at alle, som vil inn, skal stansa der og finna Lykjelen sin. Kom det ein og gjekk beint upp, utan aa stansa, so skulde altso det vera ein mistenkjeleg Kar, som Drengen skulde sjaa etter. Men no hender det, at me, som bur her, tek Lykjelen med oss, naar me gjeng ut um Kvelden. Det veit eg hev hendt meg. 
Naar me kjem inn att, tarv me altso ikkje stansa. Drengen veit daa, at det godt kann vera ein av Husens Folk, fordi um han gjeng beint upp utan aa sjaa etter Lykjelen sin. Han vil altso ikkje bry seg stort med aa sjaa etter, anten so den, som kjem, stansar for Ruta elder ikkje.
 
Vaktmannen, le concierge (konsiærsje), bur i fyrste, elder som me vil segja, andre Høgdi, tett med Troppi han og. Han er den, som hev Andsvaret for heile Hotellet. Det brenn Ljos i Stova hans heile Notti, og der er Glasdør millom den og Troppi, so han kunne sjaa alle, som kom elder gjekk, dersom han var uppe. Men Vaktmannen maa sova, han og. I sjølve Vaktstova vil han ikkje kunna liggja; der er det kaldt og fullt av Trekk. So ligg han i eit Rom innanfyre. Døri til det Romet hev like eins Glasrutur. Men aa sjaa ut gjenom tvo Glasdører, kven det kann vera, som i ei Snøggvending gjeng upp elder ned i ei myrk Tropp, det vil vera raadlaust for kvar Mann, um han var aldri so vaken. 
Der er Aaklæde paa alle Tropper, heilt upp i den Høgdi, der eg bur. Ingen høyrer den, som gjeng. Og um han vart høyrd, ja um dei saag Tjuven, so vilde ingen leggja Merkje til det. Dei, som bur i Hotellet, kjenner ikkje kvarandre. Kvar Dag som helst kann det dessutan vera komen ein ny. Saag Tjuven ruskeleg ut, so kunne det vera ein av det, som bur uppunder Taket. Kva Slags Folk det er, kann ikkje me vita.
 
Vil ein ut att, so hev ein ikkje anna aa gjera enn aa gaa Tropperne ned att, til ein kjem ut i Porten. So ropar ein: ”cordon, s’il Vous plaît!” (Kordong sil-Vu-plæ), og dermed gjeng Porten upp. Ein stig ut, slær Porten att etter seg og er fri som Fuglen.
 
Alt dette hadde eg reknat ut. Og di meir eg reknad, di mindre fekk eg sova.
 
Døri inn til mitt Rom er ei Panelingsdør, som der ikkje er stort Motstand i. Og Laasen er ikkje stort aa bry seg um, den helder. Eg prøvde aa tryggja meg so godt det let seg gjera. Eg sette ein Stol for Døri, og den stelte eg upp mot Laasen paa ein sovoren Maate, at den, som vilde inn, maatte sprengja baade den og Stolen. Framfor Sengi, som stend like innum Døri, sette eg ein Kuffert, som eg totte var høveleg paa Høgdi; der hadde eg Ljos og Fyrstikhus, og attmed dei laag Tollekniven.
 
Eg reknad ut, at naar Tjuven skulde sprengja inn Laasen og Stolen, vilde han gjera eit slikt Braak, at eg maatte vakna, kor tungt eg sov. So kunne eg væl altid faa Stunder til aa taka Kniven, og naar alt kom i hop, var det ikkje sagt, at slik ein forsvolten Tjuv var sterkare enn eg. I alle Tilfelle skulde eg daa merkja han so vidt, at han ikkje skulde rosa seg svært mykje av Leiken.
 
_ Men med alt dette kunne eg ikkje sova.
 
Um han kom, og eg sov, so vilde han i same Stundi som Døri var opnad, koma yver meg i fullt Velde, med ein lang Kniv, som han visste aa bruka, elder med ei lang, mjuk, seig Haand, øvd i aa finna Barken paa Folk, og øvd i aa klina seg fast. Ein Mann, som gjeng paa Rov, vil dessutan ikkje vera av dei veikaste. Eg vilde fara upp av Svevnen, ør og fortumlad, og vilde ikkje kunna gjera noko med Kniven min. Han vilde ha kverkt meg elder stukket meg, fyrr det vilde vera Raad for meg aa samla meg til kraftigt Motstand.
 
Nei. Skulde eg faa Fred til aa sova i desse Dagar, so maatte eg ha eit lettvinnare Vaapen enn ein Tollekniv.
Eg maatte ha ein Revolver.
 
 
¹) Misprentingar i ”Paa Fantestig”: (2dre Sida) 1ste Bolken: ”Skulemeistaren berre reiknad og tenkte”, skal vera, nikkad og tenkte; 2dre Bolken; ”Men no er det Underfundighe ter”, skal vera Underfundigheta”; strakst nedanfor:) ”gjeng ikkje og tilslutt i same Bolken”, skal vera Holken (galet umsett i ”Juleroser”); lenger nede: ”lua kann han ikkje”, les ” liva kann han ikkje”, o. fl.
²) haldet Forhøyr. 
 

Frå Fedraheimen 13.02.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum