Svein Skyttar. [Forteljing til Utklypp]

 

(Del 4 av 9. Fyrste delen.)


-60-

 

Der i Styggberget skaut han ein Bjørn, som hadde lagt seg Hi, seint ein Haust, og daa det leid ut paa Eftan og var langt til Folk, smaug han inn i Hiet og lae seg. Um Morgonen murad han upp ein liten Aare og daa vart det eit bra Rom til eit Menneskje. Sidan laag han der mangei Haustnott og han sae meir enn ein Gong: ”Det er ingen Stad i Verdi eg søv so godt som i stoga mi eigi og i Bjørnhiet i Styggberget”.

 

 

Bykaranne, som foor paa Fjelli um Sumrarne, hadde mykje Moro av Svein, baade naar dei saag han og naar dei høyrde gjeti alt, han bannad og brukte Kjeften paa dette ”Raklepakket”, som foor med desse ”Taterbikkjurne” og skræmde burt det, som fanst av fljugandes og gangandes, so det var raadlaust for Bygdafolk aa finna noko.

 

Sume, som hadde Moro a aa sjaa honom, gjorde seg Ærenn til Haugen og vilde faa han med tilfjells. Men dei var sikre paa aa faa eit Svar som det var Merg i, og so bannad han so det stod etter, paa at han hadde anna aa gjera enn aa vera med slike tuktlause Storsmaagutar og leika seg. – Svein var Frikar med Kjeften. Ingen annan kunne soleis segja, kva dei vilde og sleppa fraa det. Det var berre eit Hende, at han fekk lite Bank for, at han hadde sett ut ei stygg regle um nokon; men det brydde han seg inkje so mykje um. Han gjekk radt ivegen og sette ut ei, som var endaa verre.

 

Det var underleg nok ein av dette ”Rakkerpakket”, som fekk Svein med til fjells; - men det var naturlegvis for gode Ord og bra Betaling.

 

Det var ein Storkar fraa Kristiania. Han skulde til fjells og daa det var fyrste Gongen han var der i Dalen, vilde han endeleg ha med ein, som var kjend; men det var inkje godt aa faa fat i nokon, for det var midt i hardaste Slaattonni, so Folk hadde anna aa gjera. Det var inkje fleire i Dalen enn Svein, som kunne ha

 

 

-57-

 

Dei hadde ei liti Skarvebikkje, som inkje var i stand til aa halda Kjeften sin, naar ho visste av noko. Dei sat og fekk seg Mat fram ved ei Gran eit lite Stykkje fraa der Bjørnen hadde gjenget; men det var ingen av dei, som hadde vorte var noko.

 

Bikkja, dei hadde, var hans Vesle-Per, og det var ein Tosk; men han Anders var inkje dummare enn han skynad, at det var faafengt med den Hunden. Han spurde um han skulde faa vera med nord paa Sætri. Han sae, han var saarføtt, so han inkje var i stand til aa gaa lenger, men det var ei Lygn. Han var likso god til aa gaa han som eg; men det var berre fordi han inkje vilde vera med honom Per lenger.

 

Daa me hadde gjenget ein liten Stubb, spurde han, um han skulde faa ta’ Hunden eit lite Stykkje. ”Ja, vers god; men du fær halda fast”, sae eg, og gav honom Bandet. Daa me skulde vyer Garbekken hoppad Hunden burt paa ein Stein midt uti. Han Anders trudde seg inkje til aa hoppa etter; fordi det var for langt. Han spurde, um han skulde faa rykkja att Hunden og ganga lite lenger ut. ”Ja, ver so god”, svarad eg; men nei takk. Daa han skulde rykkja, var Hunden yver og han Anders midt ut i Bekken. Det var ein fast Kar han Anders au; men jaumen laut han fylgja med der lell. Han vart dugeleg vaat; men Lukka var, han hadde eit Par turre Hosur i Skreppa, so han fekk byta um. Me gjekk det me orkad og Hunden var so strid, so me laut ganga fort. Jau, daa Klokka var som fire um Eftan, fekk me sjaa Bjørnen framved ei Granrot. Væl me fekk Augo paa’n, so small det av Byrsa hans Anders og Bjørnen skaut seg som ei Pil nordyver Lidi. Kula hadde berre snert det eine Øyra paa’n. Han var for braa, han Anders. Hadde han drygt lite til, so ha me havt Bjørnen.

 

Me kom nordunder Bratskardet til Kvelds. Der fann me ei Ljorbu, som me lae oss i. Um Morgnen var det komet ”ein Skosnjo”. ”Ja, no er me i Beit for aa finna att Bjørnen”, sae han Anders. – ”Ja eg og du er det, men inkje Svarthund”, svarad eg. – ”Jau, eg er rædd for, at han stend i Beit for det han au no”, sae

 

15

 

 

-58-

 

han og lo. – ”Du skal faa sjaa det no”, svarad eg. – aa nei, Svarthund visste væl, kor Bjørnen hadde teket Vegen, han. Me drog etter yver høgste Blaahøgdi, burtyver desse lange Smaabekkjeflyer, gjenom Gluggen og like til Grytebekken. Daa me kom dit var Klokka væl fire. Me var svoltne og keide baae tvo – ja alle tri kann og segja; for det var inkje noko likare med Hunden. Han var so saarføtt, so Blodet rann undan Føterne paa’n; men daa me stanad, vart han so galen og vilde yver Bekkjen, so eg snaudt var Kar til aa halda’n. ”Etter som Hunden er so strid, so kann me inkje anna gjera enn aa freista eit lite Stykkje til; for eg skal vaaga for at Bjørnen inkje er langt her ifraa”, sae eg. – ”Aa det vert strakst myrkt”, svarad han Anders. Eg saag væl, at han inkje orkad meir, men han vilde inkje vera ved det. Det var ein sterk Kar han Anders; men jaumen laut han gjeva seg daa lell. Det vart so me vende um og gjekk heimatt; men hadde me likat Hunden, so hadde me iminste fenget set Bjørnen.

 

Sumaren etter var eg burt i Bekken og fiskad. Daa var det ei Rid Fisken inkje vilde bita noko rart. Daa ranglad eg burtyver eit Stykkje fraa der me snudde. Det var strakst ovanfor Veslefallet. Eg tvilad um, at Bjørnen inkje hadde gjenget langt, daa han var so hardt jagat. Jau ganske rett, - midt i ein liten Bakke, eitpar Byrsemaal burtanfor hadde han gravet Hol attfyre ein diger Stein. Der hev han haldet til um Veteren.

 

At me kom til aa snu ved Bekkjen, var no ingen Skade for meg. Sist i August, Hausten etter, skaut eg Bjørn burti Kvannskardkletten. Daa var eg aaleine, so eg fekk heile Dyret sjølv. Det hadde eg sluppet, um eg hadde skote’n Hausten fyrr. Han Anders hev nok viljat havt Helvti, han. Ja, den Kar’n hadde inkje gjenget i Svolten, endaa det inkje var nokon rar Sumar. So tjukt Flesk, som det var paa det Kreturet, hev eg inkje set paa nokon Gris. Han var stiv i Ryggen, han Helge-Kløften au; men han var glad, han fekk kvila, daa han hadde boret eine Skinka paa Gamallsætri”.

 

 

-59-

 

XIII.

 

Aa fara i Skogen og paa Fjellet var i Livet hans Svein. Der hadde han faret fraa han var ein Neve stor, og der foor han solenge, han var Kar um aa faa eine Foten framum den andre.

 

Daa han vart gamall, vart det med honom som med so mange, han vart daarleg baade til aa sjaa og høyra, og Føterne seig mindre lett frametter. Kvar ein kunne sjaa, at det inkje nyttad for honom aa fara med Jagt; men naar det vart laust, so drog han ivegen. Folk var mange Gonger rædde for, at den gamle Kroken skulde tulla seg burt, naar han var i Skogen og Veret var tjukt; men Svein gjekk inkje imist. Han var kunnug i kvar einaste Krok i Skogen og paa Fjellet som i Stoga si. Det var inkje ein Vegsstig, utan han visste, kor han laag, inkje ei Vatskjelde utan han visste av ho. Ja, han kjende kvar Haug, kvar Bakke, kvar Dal og kvar Slette baade vidt og breidt. Um han gjekk i Skogen elder paa Fjellet og det var myrkt elder tjukt Ver, so han inkje saag noko vidare ifraa seg, so visste han likevæl, kvar han var. Um han inkje hadde anna Merkje, so var der eit Tre elder ein stein, han kjende. Losji var han aldri i Beit for. Dei Røykstogur og Hyttur, som fanst, var han so kunnug paa, at han inkje gjekk imist paa dei den myrkaste Haustnott.

 

Mange Hyttur og Holur lagad han ogso sjølv. Naar han fann eit Stelle, han totte var lagumt, so tok han til aa laga Hus, og det var helst i bratte Bakkar og Bergveggjer. Desse Hytturne og Holurne hans er til enno og er underleg stelte med Peis so stor, at ein kann setja ei Panne og ein kaffekjele i, Hyllur som ein kann leggja eit Par Byrsur paa, og Seng, som der er godt Rom aat ein og snaudt Rom aat tvo Menneskje i.

 

Desse Hytturne og Holurne hans hev fenget Namn etter honom. Her er nokre av dei: Haugguthytta i Bratskardet, Hauggutstoga i Helgerudaasen, Haugguthola i Blaahøgdi, Hauggutbjørnhiet i Styggberget.

 

(Meir.)



Frå Fedraheimen 17.03.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum