”Høimesse-Liturgi,

 

der ved Kongelig Resolution af 8de Januar 1887 er tilladt benyttet i den norske Kirke”.

 

Dei Sokner, som vil det, skal faa innført ein ny Liturgi elder Kyrkjeskikk ifraa 1ste Adventssundag 1887.

 

Det er mangt og mykje i denne Nyskikken, som er godt og uppbyggjelegt, endaa det er langtfraa, at han er tidhøveleg.

 

Som fyrr er det Klokkaren, som byrjar og endar Gudstenesta med ei kald, stiv Bøn. Det er daa den Skilnaden at i staden for det gamle ”at jeg af Prædikenenkan lære” no stend af dit( Guds) Ord. Dette kann vera noko uppbyggjelegt for Presten, som her fær høyra Preika si kallad for Guds Ord, men mindre uppbyggjelegt kanskje for mange av Folket, som hev vandt med aa fylgja med i det, at Inspirasjonslæra um Guds Ord no skal vera so utvidgad, at ikkje lenger Bibelordet  skal gjelda for Guds Ord i serleg Maate, anna Prestens  Ord er Guds Ord  fullgodt.

 

Elders er Misbruket av ”Fadervaar” teket burt; det vert berre leset ”Fadervaar” ein Gong ved den vanlege Gudstenesta.

 

Etter Inngangssalmen kjem ”Syndsbekjendelse”, som Presten les upp; den er meir dogmatisk enn hjarteleg, Bunaden høyrer ikkje til vaar Tid.

 

So er det ”Kyrie” (Kyrie eleison), som Folket syng.

 

Presten syng det store Gloria, Folket svarar.

Kollekt.

 

Epistel.

Salmevers.

Evangelie; Folket svarar.

 

Presten segjer Aposteltrui (som kunne voret noko likare umsett). Folket svarar Amen.

Salme.

Preika, som endar med ”den almindelige Kirkebøn”, der ein kann velja millom tvo Utgaavur. ”Krigsmagten tillands og tilvands” hev dei no latet ute, Kongen finn væl, at ho ikkje lenger er ei Magt i Guds Rikje; og daa fær me væl snart venta det er Von, at han segjer fraa seg Styringi ved slik Gudløyse, naar han attaat skal vera summus episcopus elder Øvsteprest i Kyrkja.

 

Det er ikkje anna ventande, enn at ”Øvrigheden” maa prisast umfram alle andre. Um ”Øvrigheden” heiter det: ”giv dem Visdoms’ og Herrens Frygts Aand til sit høie Kald, at vi maa leve et rolig og stille Liv i al Gudfrygtighed og Ærbarhed”.

  

Kva er det for eit høgt Kall det daa tru, som Embætsmennerne hev fenget, er dette, at dei er utnemnde av Kongen, som Kyrkja tykkjer so gildt i, elder er det, fordi dei sit inne med Autoriteten? I baae Fall kann ikkje Kyrkja tilkjenna dei eit serskilt høgre Kall enn so mange av dei andre, som hev eit GudsKall. Det er ein Misbruk av Ordet Kall, som Kyrkja allvist skulde halda seg for god til. So er det daa den gamle Læra, som paa nytt vert prentad inn, at naar Embætsmennerne passar paa, so hev ikkje Folket noko aa gjera, anna vera skikkelege og rolege Statskyrkjeborgarar, som berre agtar seg for aa koma i Vegen for Lovarne elder aa støyta Folkedomen, eldelege og gamle Ord, med so veike Krav til Livet, at det er som det fanst berre Læra att av den gamle Krafti i Kristendomen. Det er slik ei gamalmansleg Stemning i desse Bønerne, at dei tottest høva meir for ei døyande Novemberforeining enn for eit livsfriskt Samfund, som vil vinna Verdi. Det er merkjeleg kor rædd Kyrkja er Ungdomen, sveiper seg inn i alderdomlege veike Ord og Talemaatar, liksom ho heiltut vilde stydja under den aalmenne Trui, at Ungdomen han fær no galna seg han, Kyrkja høyrer dei gamle til; naar Ungdomen vert gamall og hev revet av seg, er det fyrst me hev Rom for han. Skynar daa Folk ikkje, at den som ikkje vaagar aa tru paa den, som Livskrafti eig, han kann ikkje hava stor Livskraft sjølv? Lukka er den, at det er Statskyrkja berre som det spøkjer for, det er ikkje for Kristi Kyrkje paa Jordi.

  

Folk syng tvo Salmar, so kjem ”Nadverdformaning”. Der er det mangt underlegt. ”For at I rettelig og værdelig kunne annamme¹) det høiværdige Sakramente, bør I lægge eder vel paa Sinde, hvad det er I her skulle tro  og gjøre”. Fyrst er det daa kva ein skal tru. ”Endelig skulle I ogsaa gjøre  efter Kristi Befaling, der han saa byder eder sigende: tager dette” o. s. v. Med det ein skal ”gjøre” kann her sjølvsagt ikkje vera meint anna enn ”Annammelsen” av Sakramentet. Dette skulde soleis vera gjort alt. Men naar ein ser paa næste Setning, er det fyrst so, etter at ein alt hev trutt  og gjort  etter Kristi Ord xx etet og drukket, at dei er ”ret prøvede og kunne værdigen æde Kristi Legeme og drikke hans Blod”, liksom det soleis skulde gjerast tvo Vendur. Dette er flokutt og utydeleg baade for Lærde og Ulærde.

 

Ein Ting endaa; det burde aldri i ei sodan ”Nadverdformaning” slaa-ast fast for strengt den serlege lutherske Uppfatning, so ein reint skræmde burt dei som meir heldt seg etter Zwingli elder Kalvin elder den katolske Læra. Nattverden skulde samla og ikkje skilja. 


Med alt dette, som ein kann hava aa klandra dette nye for at det ikkje hev løyst Uppgaava si, maa ein naturlegvis segja, at det er mykje likare enn den gamle Kyrkjeskikken, som er fælt tom og daamlaus. Me vil ikkje miskjenna det gode, det høgtidelege og livlege som den nye Skikken vil føra med seg, me vil berre hevda, at naar det skulde gjerast nytt, so skulde det vera nytt og inge nye Lappar paa den gamle Bunaden.

 

 

¹) Ordet ”annamme” hev paa sume Stader ein leid Klang.

 

 


Frå Fedraheimen 16.04.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum