Boksjaa.

Sogor. Ein Bundel. Fortald av P. Sivle. Det norske Samlag ved Alb. Cammermeyer. Kr. 1.50.

 

Det er hugnadleg og trøysam Lesnad desse Sogurne hans Sivle. Naar ein midt i al denne kalslege og aalvorlege Bokavlen, som merkjer Tidi vaar, og som gjer alt so kalt og syrgjelegt ikring, so at ein missar Trui baade paa seg sjølv og andre, raakar paa noko so barne- og naturfriskt som desse ”Sogur”, er det liksom naar den trøytte og utmasad Ferdamannen raakar paa ein gild Kvilestad, der han kann friska seg upp att etter all den Møda, han hev havt. Sivle syner, at Livet er morosamt paa mange Maatar, endaa det alltid hev sine myrke Sidur og. Fyrste Soga ”Ein Triskiling” er, endaa ho ikkje kjem upp mot dei andre, ei livande Teikning fraa Barnelivet, ei Teikning, som vel flestalle Folk vil kjenna att. ”Berre ein Hund” er sagte den beste i heile bundelen. Baade denne og ”Fanta-Nils” hev fyrr stadet i Nyt Tidsskrift. ”Heimedøypt” er trøysam, men for lite utgreidt. Det kunne verta gjort mykje meir – ei heil Bok – av den Soga, naar ho vart stelt paa rette Maaten. Sivle maa vera Mann for aa kunna gjeva oss eit godt og sant Bilæte av Sektgreidurne og alle desse religiøse Brjotningar, som hev gjenget og gjeng for seg der burte paa Vestlandet. Oddm. Vik hev freistat med Pietistarne i ”Bjørn Berge” og mykje av det, han der kjem med, er raakande sant. Men ein fær liksom ikkje noko heilt, berre som ein Teft av det og det nøygjer me oss ikkje med no i desse Dagar. Sivle bør tenkja paa dette. ”Hjelpelaus”, siste Soga, inneheld tri Smaabilæte her fraa Hovudstaden. Naar ein les dei, kann ein ikkje anna enn tenkja paa det vakre Diktet aat Jørgen Moe, der det heiter:

 

All Skabningen sukker til saman i Smerte

hvi Stunder, hvi higer, hvi længes dens Hjerte?”

Boki er vænt utstyrat i alle Maatar og vil vera til prydnad og Hugnad.

 

Bjørnson skreiv for ei Rid sidan, at det norske Maalet ikkje dugde, naar ein skulde teikna av det fine Kjenslelivet. Kann Bjørnson segja dette, etter at han hev leset desse ”Sogor”, so hev me ikkje anna aa segja, enn at han ikkje lengre er vaar  Mann.

 

 

Um Bokavl og Kunst. Av A. O. Vinje. Det norske Samlag ved Alb. Cammermeyer. Kr. 2.00.

 

Dette, det sist utkomne Hefte av ”Vinjes Skrifter i Utval” inneheld mangt og mykje forvitnelegt. Serleg er det gildt aa lesa den Domen, som han feller yver Bjørnson. Naar ein les den, so klaarnar mangt og mykje, som me ofte hev undrat oss yver. Han brukar ikkje Silkehanske Dølen, naar han tek paa han, men kjem stikkande med egte norske Nevar og tek i, so det munar. Det var nok ikkje for inkje helder, at Dølen paa Uppmaning av Bjørnson eingong vart kastat ut av Studentersamfundet. Dei hadde mangt eit Basketak desse tvo Kararne. Vinje var Døl fullt ut han og Bjørnson vilde vera Døl han og. Norsk vilde han iallfall vera, endaa Vinje klaart og greidt synte, at det var det, han nettupp ikkje var. Han kunne verta, soframt han vilde folka seg, men han vardet ikkje. Det er det forvitnelegaste, ein kann tenkja seg, aa lesa Domen yver ”Arne”, der han gjer heile Boki til ei Skalkeherming. Ibsen fær au sitt og likeins fleire av dei mest kjende Forfattaranne vaare. Vinje var ein skarp Domar, som gjekk like paa Saki utan aa sjaa korkje til høgre elder vinstre; men samstundes gjer han alt paa ein so hugnadleg og koseleg Maate, at ein merkjer Mannen med det varme Hjartelaget og det fjellfriske Synet paa Livet.

  

 

Kann Samlaget halda paa og gjeva ut mange so gode Bøker, som det hev gjort i dette Aaret, so vil Maalarbeidet vaart gaa fram med store Stig. Det er det vælgjorde Arbeidet, som munar.

 

L. Stavnheim.

 

 


Frå Fedraheimen 16.04.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum